Samarbeid om karriererettleiing for ledige og utsatte grupper
Saman med andre offentlege aktørar utviklar me opplærings- og utdanningstenester for ledige og utsette grupper på arbeidsmarknaden.
Sist oppdatert : 28. oktober 2023Vi arbeider med eit fleirårig oppdrag som Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet har gitt til HK-dir, Arbeids- og velferdsdirektoratet og IMDi. Oppdraget går ut på å utvikle opplærings- og utdanningstjenester for ledige og utsatte grupper på arbeidsmarknaden.
Saman utvikler vi samarbeid mellom fylkeskommunar og NAV-fylke om karriererettleiing, realkompetansevurdering og opplæring til målgruppene.
Måla er betre, meir effektive og samanhengande opplæringstenester for brukarar hos NAV og fylkeskommunen. For å nå måla jobbar vi mellom anna med å
- skape oversikt over pågåande samarbeid
- utvikle meir kunnskap om kva som ikkje fungerer og kva som er gode modellar, samarbeidsmåtar og brukarforløp
- utreie korleis utveksling av personopplysningar kan skje trygt og enkelt og i tråd med lovverket
- samla dei regionale aktørane til erfaringssamlingar
- utvikle digitale verktøy for vaksne som skal ta fagopplæring
- informere brukarane og rettleiarane i NAV om HK-dirs tenester utdanning.no og karriererettleiing.no
- kompetanseheving for medarbeidarar i fylkeskommunen og NAV
Som eit ledd i arbeidet utvikla vi i 2022 modellar for samarbeid om karriererettleiing, i samarbeid med nokre fylkeskommunar og NAV fylke. Modellane tar for seg ulike sider ved samarbeidet, som kompetanseheving og erfaringsutveksling mellom NAV og karrieresenter, utvikling av felles rutinar og malar, samt gjennomføring av ein serie med karriererettleiingssamtalar. Minst ein av karriererettleiingssamtalane blir gjennomført som ein trepartssamtale med deltakar, NAV og karriererettleiar.
Les meir om modellane: