Endring og stabilitet
Endring og stabilitet handlar om å utforske krav om og behov for endring, sett opp mot ønsket om stabilitet.
Sist oppdatert : 26. august 2024Endring handlar om
- Utforske endringar i sitt eige liv og i omgivnadene
- Vurdere om endringar er ønskte eller uønskte
- Sjå korleis endringar i eins eige liv eller omgivnadene kan forandre føresetnadene for val
- Analysere kva endringar ein har opplevd tidlegare, og sjå på korleis dei vart handterte
- Vere merksam på endringar i nære omgivnader eller i samfunnet, og vurdere kva konsekvensar dei kan ha på eins eige liv
Stabilitet handlar om
- Sjå etter kva som er stabilt i eins eige liv og i omgivnadene
- Vite kva behov ein har for stabilitet i ulike situasjonar
- Vurdere behov for stabilitet opp mot ønske om endring
- Vere merksam på at stabilitet kan kome i konflikt med ønske eller krav om endring
Spørsmål
- Kva endringar går føre seg i livet ditt?
- Kva endringar skjer rundt deg og i samfunnet?
- Korleis påverkar endringane deg, kva konsekvensar kan dei få?
- Liker eller misliker du endring? Treng du stabilitet?
- I dei endringane som går føre seg, kva opplever du som stabilt?
- Finst det forventningar til respektive endring eller stabilitet, til dømes frå samfunnet, familie, det nære fellesskapet ditt, deg sjølv?
- Kva i livet ditt nett no er stabilt? Korleis opplever du denne stabiliteten?
- Viss ønsket om endring står i konflikt med ønsket om eller behov for stabilitet, korleis kan ein ta val og gjere dei rette slutningane i høve til dei to omsyna?