Karriereknappane
I kjernen av modellen Karrierelæring i kontekst ligg dei fem ordpara som utgjer områda for utforsking og læring – karriereknappane.
Sist oppdatert : 26. august 2024Desse ordpara gjer det mogleg å utforske spenningar og dilemma som kan vere til stades når ein vegsøkjar skal handtere liv, læring og arbeid i forandring og overgangar. Det å utforske ordpara og finne ut kva for tyding dei ulike temaa kan ha for å handtere overgangar, kan legge til rette for ein open, men likevel strukturert måte å jobbe med karrierelæring på.
Dei fem karriereknappane
Meg i kontekst
Meg i kontekst tek utgangspunkt i at menneske er i ein samanheng heile tida.
Endring og stabilitet
Endring og stabilitet handlar om å utforske krav om og behov for endring, sett opp mot ønsket om stabilitet.
Tilpassing og motstand
Tilpassing og motstand set søkjelys på det å balansere tilpassing og motstand i utdanning og arbeid.
Val og tilfeldigheiter
Val og tilfeldigheiter handlar om å sjå og analysere korleis livet utviklar seg i møtet mellom val og tilfeldigheiter som oppstår.
Moglegheiter og avgrensingar
Handlar om å undersøke moglegheiter og avgrensingar, og sjå korleis desse kan innverke på val og handlingar.
Last ned plakatar
Her kan du laste ned Karriereknappane med ein introduksjonstekst i plakatformat. Du kan printe ut PDF-fila i ulike storleikar, og bruke ho etter ditt eige ønske.