Hopp til hovudinnhald
Midlertidig feil i visning av priser på arrangement

På grunn av en teknisk feil hos vår leverandør vises det for øyeblikket feil priser på våre betalte arrangementer. Prisene vises uten merverdiavgift (0 % mva.). Du kan fortsatt melde deg på arrangementet som normalt. Vær oppmerksom på at endelig pris vil bli korrigert når riktig mva.-grunnlag foreligger. Vi beklager ulempene dette medfører og jobber med å få feilen rettet så snart som mulig.

Meg i kontekst

Meg i kontekst tek utgangspunkt i at menneske er i ein samanheng heile tida.

Sist oppdatert : 26. august 2024

Meg handlar om

  • Kjenne og forstå seg sjølv – sjølvinnsikt
  • Utforske og sette ord på kunnskapar, ferdigheiter, eigenskapar, verdiar og haldningar
  • Finne ut av interesser, ønske og behov, forventningar og draumar·Vite kva ein kan og er god til, sette ord på eigen kompetanse
  • Bli klar over eigne typiske handlingsmønster og valstrategiar
  • Utforske kor ein høyrer til og kven ein har fellesskap med
  • Sjå på eiga fortid, analysere nosituasjonen og utforme perspektiv på eiga framtid

Kontekst handlar om

  • Sjå og forstå eins eigen bakgrunn, dei rammene ein lever sitt liv innanfor, korleis desse rammene kan påverke eins eigen situasjon
  • Sjå, analysere og forstå dei fellesskapane ein er en del av, både familie, venar, kollegaer og lokalsamfunn og arbeidsliv, kultur og samfunn
  • Sjå og forstå korleis eins eigen bakgrunn og den konteksten ein lever i, kan innverke på ønske og val når det kjem til utdanning og jobb

Spørsmål

  1. Kven er du, kva kan du, kva vil du?
  2. Kva er kompetansen din, og korleis kan og vil du bruke han?
  3. Kva interesser, verdiar, haldningar, motivasjonar og behov har du? Kva har du utvikla til no, og kva ønsker du å utvikle?
  4. Korleis påverkar kompetanse, interesser, verdiar og haldningar livet ditt når det kjem til utdanning og arbeid?Kva kontekstar og fellesskapar er du ein del av?
  5. Korleis påverkar bakgrunnen din og dei fellesskapane du er ein del av, vala dine og karrieren din?
  6. Kva samfunnsmessige strukturar påverkar deg og situasjonen din?
  7. Ønsker du å påverke korleis strukturar får konsekvensar for livet ditt? Er det mogleg og ønskeleg?