Tilpassing og motstand
Tilpassing og motstand set søkjelys på det å balansere tilpassing og motstand i utdanning og arbeid.
Sist oppdatert : 26. august 2024Tilpassing handlar om
- Sjå og forstå kva tilpassingar ein situasjon kallar på
- Undersøke kven og kva som måler behovet for eller kravet om tilpassing
- Vurdere kva konsekvensar ei aktuell tilpassing kan ha (for eins eige og andre sine liv)
- Vurdere om tilpassinga som er kravd, er akseptabel eller problematisk
- Vurdere konsekvensane av å ikkje tilpasse seg
Motstand handlar om
- Vurdere om ein i en karriererelatert situasjon blir utfordra på ein måte som påkallar motstand
- Finne ut kvifor ein situasjon påkallar motstand
- Undersøke og vurdere kva konsekvensane av motstand kan vere
- Vurdere om konsekvensane av motstand er akseptable
- Vurdere om det finst ein balanse mellom tilpassing og motstand
- Finne ut kor eins eigne grenser for tilpassing er
Spørsmål
- Krev situasjonen du er i, noka form for tilpassing, og i så fall, på kva måte?
- Kallar situasjonen på motstand, og i så fall, på kva måte?
- Kva kan konsekvensen av tilpassing eller motstand vere?
- Kven og kva målber kravet om eller behovet for tilpassing?
- Korleis grunngjev du motstanden?
- Er det mogleg å stå fast og ikkje vere med på ei nødvendig tilpassing/endring, eventuelt på kva måtar?
- Kan du leve med å tilpasse deg utan at det får uforholdsmessige konsekvensar for deg eller andre? • Kva kan konsekvensane av å yte motstand vere?