Hopp til hovudinnhald
Midlertidig feil i visning av priser på arrangement

På grunn av en teknisk feil hos vår leverandør vises det for øyeblikket feil priser på våre betalte arrangementer. Prisene vises uten merverdiavgift (0 % mva.). Du kan fortsatt melde deg på arrangementet som normalt. Vær oppmerksom på at endelig pris vil bli korrigert når riktig mva.-grunnlag foreligger. Vi beklager ulempene dette medfører og jobber med å få feilen rettet så snart som mulig.

Moglegheiter og avgrensingar

Handlar om å undersøke moglegheiter og avgrensingar, og sjå korleis desse kan innverke på val og handlingar.

Sist oppdatert : 26. august 2024

Moglegheiter handlar om

  • Finne og undersøkje og utforske moglegheiter
  • Hente inn kunnskap og informasjon for å avklare om moglegheiter er reelle eller ikkje
  • Bli klar over, og medviten om, eins eigen moglegheitshorisont – kva kjenner du til, og kva vurderer du som mogleg?
  • Undersøkje om eins eigen moglegheitshorisont kan utvidast

Avgrensingar handlar om

  • Kartlegge moglege avgrensingar
  • Analysere og vurdere avgrensingane, og undersøkje om dei er reelle, eller berre opplevde (tankefeller)
  • Viss avgrensinga er reell, undersøkje om det er mogleg å gjere noko med ho
  • Finne ut om det er mogleg å påverke den negative innverknaden avgrensinga har
  • Sjå på korleis ein kan leve best mogleg med innverknadene av ei avgrensing

Spørsmål

  1. Kva moglegheiter kjenner du til og ser du for deg – kva er moglegheitshorisonten din?
  2. Kan moglegheitene realiserast?
  3. Kva er «innanfor» eller «utanfor» det du vurderer som aktuelt for deg?
  4. Kva ønske og mål har du, og kva ønsker du å forfølge så dei kan bli til moglegheiter?
  5. Korleis kan aktørar i omgivnadene dine støtte deg i handlingar som kan verkeleggjere moglegheiter?
  6. Kva avgrensingar er til stades i situasjonen din?
  7. Kva avgrensingar kan du påverke, og kva er utanfor kontrollen din?
  8. Er avgrensingane reelle, eller er dei tankefeller?
  9. Kva avgrensingar kan du ikkje gjere noko med?
  10. Korleis kan du handtere reelle avgrensingar på ein måte som er til å leve med for deg?
  11. Er det mogleg å gjere grep som fjernar, dempar eller forandrar avgrensinga?
  12. Viss det finst avgrensingar, er det mogleg å nå eit mål/eit ønske med ein annan strategi?