Hopp til hovudinnhald
Midlertidig feil i visning av priser på arrangement

På grunn av en teknisk feil hos vår leverandør vises det for øyeblikket feil priser på våre betalte arrangementer. Prisene vises uten merverdiavgift (0 % mva.). Du kan fortsatt melde deg på arrangementet som normalt. Vær oppmerksom på at endelig pris vil bli korrigert når riktig mva.-grunnlag foreligger. Vi beklager ulempene dette medfører og jobber med å få feilen rettet så snart som mulig.

Val og tilfeldigheiter

Val og tilfeldigheiter handlar om å sjå og analysere korleis livet utviklar seg i møtet mellom val og tilfeldigheiter som oppstår.

Sist oppdatert : 26. august 2024

Val handlar om

  • Utforske val og valalternativ
  • Bli kjend med sine eigne valstrategiar og behov i ein valsituasjon
  • Vurdere konsekvensar av ulike valalternativ
  • Bruke tidlegare erfaringar for å ta framtidige val
  • Vite at ein også kan sjå på eit fråval – eller fråvære av val – som val
  • Erkjenne at tvil kan vere ein del av valprosessen, og at uansett valstrategi kan ein ikkje føresjå framtida
  • Vite at val både kan vere ei avgrensa hending og ein langsam endringsprosess

Tilfeldigheiter handlar om

  • Undersøke korleis tilfeldigheiter har hatt innverknad på hendingar og val når det kjem til utdanning og jobb
  • Sjå og forstå at hendingar som ikkje var planlagde, likevel kan få betyding for korleis karrieren utviklar seg
  • Bli merksam på at ein kan velje å handle eller ikkje når ei tilfeldigheit oppstår
  • Utforske korleis ein kan legge til rette for at «gode» tilfeldigheiter kan skje

Spørsmål

  1. Korleis tar du val, og hva har vore/er din typiske valstrategi?
  2. Korleis har du gripe det an når du skulle ta val tidlegare?
  3. Kva for val har fått betyding for karriereutviklinga di?
  4. Kva har hjelpt deg i valprosessar (menneske, kunnskap og ting du gjorde)?
  5. Kva opplever du sjølv spelar inn på vala dine?
  6. Kva trur du spelar inn på andre sine val?
  7. Kva for tilfeldigheiter har hatt innverknad på val av utdanning og jobb i livet ditt?
  8. Korleis kan tilfeldigheiter, det som er utanfor kontrollen din, påverke livet ditt?
  9. Korleis kan du legge til rette for at «gode» tilfeldigheiter kan skje?