Hopp til hovudinnhald

For deg som har pågåande prosjekt tildelt i 2023

Her har vi samla vedlegg til kontrakten og andre dokument, verktøy og ressursar som de kan ha bruk for under prosjektet, frå oppstart til avslutning.

Sist oppdatert : 12. september 2024

For prosjekt godkjende i 2023

Her har vi samla vedlegg til kontrakten og andre dokument, verktøy og ressursar som de kan ha bruk for under prosjektet, frå oppstart til avslutning.

Prosjektstart skjer mellom 1. september og 31. desember 2023. Aktivitetane kan gjennomførast i løpet av ein prosjektperiode på 12 til 36 månader. Den nøyaktige startdatoen og prosjektlengda for dykkar prosjekt går fram av kontrakten dykkar. I kontrakten står det også om de må sende inn ein eller to delrapportar i løpet av prosjektperioden. Når prosjektperioden er over, sender de inn ein sluttrapport for heile prosjektperioden.

Oppstart av nytt prosjekt

Ved oppstarten av prosjektet må de gjere dykk kjende med programmet sine reglar og rammer, i tillegg til verktøy som skal nyttast gjennom heile prosjektperioden.

Delta på oppstartsmøter og kontakt med saksbehandlar

Etter at de har fått tildelt prosjektet, inviterer vi på HK-dir dykk til eit oppstartsmøte. Under møtet går vi gjennom reglane som gjeld for samarbeidspartnarskap og dei tekniske verktøya som er tilgjengelege for dykk.

De er alltid velkomne til å ta kontakt med oss gjennom heile prosjektperioden. Oppgi alltid prosjektnummeret for det gjeldande prosjektet når de tek kontakt.

Under pågåande prosjekt

Når de har starta opp prosjektet, er det tid for gjennomføringsfasen. Her har vi sortert informasjonen under ulike overskrifter; kva de treng å tenke på og gjere under prosjektperioden, og kva de kan gjere dersom det skulle oppstå noko uventa, eller om det oppstår spørsmål eller problem som må løysast i løpet av prosjektet.

Når prosjektet skal avsluttast

Etter at prosjektperioden er over, skal du sende inn ein sluttrapport. For at innhaldet i sluttrapporten skal verte fullstendig og korrekt, er det viktig å rapportere og dokumentere det som skjer innanfor prosjektet kontinuerleg gjennom heile prosjektperioden.

Annan viktig informasjon som gjeld heile prosjekttida

Her har vi samla viktig informasjon og lenker som er nyttige gjennom heile prosjekttida.

Andre tips til god prosjektstyring

Ressursar