Realkompetansevurdering
Vi arbeider for å fremje bruken av realkompetansevurdering i ulike nivå i opplæring, utdanning og arbeid.
Sist oppdatert : 14. november 2024Målgruppa for desse nettsidene er fylkeskommunar, kommunar, utdanningsinstitusjonar og andre forvaltningsnivå som har interesse i å lære meir om realkompetansevurdering. Privatpersonar som besøkjer nettsidene om realkompetanse i HK-dir, og har spørsmål, skal rette førespurnader til det forvaltningsnivået som saka gjeld. Utdanning.no gjer informasjon til privatpersonar om realkompetansevurdering (utdanning.no).
Kva er realkompetanse?
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har. Altså den kompetansen personen har tileigna seg gjennom formell læring som skulegang og studiar, ikkje-formell læring som ulike typar kurs eller uformell læring som eksempelvis læring gjennom ulike typar løna eller uløna arbeid, i omsorgsarbeid heime eller i aktivitetar i fritida.
Realkompetansevurdering er dermed prosessen å vurdere og verdsetje denne kompetansen. Realkompetansevurdering kan skje på ulike nivå i utdanningssystemet og ulike lovverk regulerer bruken av realkompetansevurdering på dei ulike nivåa.
Aktørar
Kommunane har ansvaret for gjennomføring av grunnskuleopplæring og realkompetansevurdering for vaksne.
Fylkeskommunane har ansvaret for gjennomføring av vidaregåande opplæring for vaksne, der realkompetansevurdering inngår.
I høgare yrkesfagleg utdanning (fagskular) og i universitets- og høgskulesektoren har den enkelte studiestad ansvaret for gjennomføring av realkompetansevurdering.
Direktoratet for høgare og utdanning og kompetanse (HK-dir) og Utdanningsdirektoratet (Udir) har eit delt nasjonalt ansvar for realkompetansevurdering i grunnskule og vidaregåande opplæring (grunnopplæring).
Ansvarsfordelinga er slik:
- HK-dir har ansvaret for rettleiing, føredragsverksemd, arbeid med kompetanseheving og nettverksarbeid knytt til realkompetansevurdering i grunnopplæringa for vaksne.
- Udir har ansvaret for regelverk, arbeid med læreplanar, statistikk og nasjonale eksamenar i grunnopplæringa for vaksne.
Tiltak for kompetanseheving
Vi har desse tiltaka for kompetanseheving innan feltet realkompetansevurdering:
- Studiet i realkompetansevurdering ved OsloMet (oslomet.no) rettar seg mot fagpersonar, rettleiarar og administrativt tilsette på alle utdanningsnivå og ellers i fagmiljø som jobbar med kompetanseutvikling av vaksne.
- Vi har i samarbeid med OsloMet utvikla nokre nettbaserte ressursar som ledd i kompetansetanseheving av fagkonsulentar innan vidaregåande opplæring for vaksne. Tilbodet rettar seg spesielt mot fagkonsulentar, men kan være aktuelt for fleire. Sjå egen side for ressursane.
- Nasjonalt nettverk for realkompetansevurdering er eit lærande nettverk på digital plattform (Microsoft Teams). Målgruppa er alle som arbeider med realkompetansevurdering i grunnskule og vidaregåande opplæring for vaksne. Lyst å bli medlem i nettverket? Send e-post til rkv@hkdir.no.
- Nordisk Kvalitetskompass for realkompetansevurdering (qualitycompass.eu) er utvikla av valideringsnettverket i Nordisk nettverk for vaksnes læring (nvl.org). Det består av fem ulike verktøy for å arbeide med kvalitetsutvikling i alle fasar i arbeidet med realkompetansevurdering.
- HK-dir har utvikla rettleiarar til hjelp i arbeidet med realkompetansevurdering:
Regelverk
Det er ulike lovverk med føresegner knytt til realkompetansevurdering på dei ulike utdanningsnivåa:
- Vidaregåande opplæring for vaksne
- Lov om grunnskoleopplæringa og den videregående opplæringa (opplæringslova) (lovdata.no)
- Føresegner der realkompetanse er omtalt (lovdata.no):
- § 4-1 Kven som har rett til vidaregåande opplæring
- § 13-4 Behandling av søknader om vidaregåande opplæring for vaksne
- § 13-5 Realkompetansevurdering ved inntaket til vidaregåande opplæring for vaksne
- § 15-5 Realkompetansevurdering
- § 15-13 Realkompetansevurdering som sluttvurdering
- § 16-5 Klage på gjennomføringa av realkompetansevurdering
- Klageinstans: Statsforvaltaren (statsforvalteren.no)
- Høgare yrkesfagleg utdanning
- Lov om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskolelova) (lovdata.no)
- Klageinstans: Utdanningsinstitusjonane sjølve
- Høgare utdanning
- Lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) (lovdata.no)
- Klageinstans: Utdanningsinstitusjonane sjølve.
Internasjonalt
Lenker til internasjonale ressursar:
Fagstoff om realkompetansevurdering
- 2018: En studie av systemet for vurdering av realkompetanse i utdanning og arbeidsliv
- 2015: Realkompetanse og fritak
- 2013: Realkompetansevurdering – status og utfordringer 2011 (PDF)
- 2012: Realkompetansevurdering ved opptak til fagskoler (PDF)
- 2012: Realkompetanse og fritak i høyere utdanning (PDF)
- 2010: «Din tur til å bevise»
- 2008: Økt bruk av realkompetanse-vurdering for arbeidssøkere (PDF)