Kompetansepluss Arbeid 2026
• KompetanseplussI Kompetansepluss arbeid kan du søke om tilskot til kurs i grunnleggande lese-/skrive-, rekne-, munnlege- og digitale ferdigheiter og/eller opplæring i norsk eller samisk for vaksne som er i arbeid. Hovudmålgruppa for opplæringa er arbeidstakarar med kort formell utdanning.
Kven kan søke
Ein søknad til Kompetansepluss arbeid skal vere eit samarbeid mellom ein opplæringstilbydar og minst ei bedrift som opplæringsmottakar (privat eller offentleg verksemd). Andre samarbeidspartar som er involverte i prosjektet kan vere med.
Vi definerer her dei ulike samarbeidspartane slik:
- Opplæringsmottakar er ei offentleg eller privat verksemd med tilsette som har eit opplæringsbehov.
- Tilbydar er ei verksemd som har opplæring som føremål (næringskode 85.xxx).
- Andre samarbeidspartar er eventuelle andre verksemder som deltek i prosjektet, men ikkje har tilsette som skal gå på kurs. Det kan til dømes vere ein arbeidstakar- eller arbeidsgivarorganisasjon, ei næringsforeining, eit karrieresenter, kjøpesenter osv.
Verksemda som kan vere søkar i tilskotsportalen må vere ein av følgande:
- Opplæringsmottakar
- Tilbydar
- Arbeidslivsorganisasjon/næringssamanslutning/næringsforeining
Dersom søkar høyrer til ein av kategoriane under punkt 3, må det vere med ein tilbydar og minst ein opplæringsmottakar som samarbeidspartar.
Alle samarbeidspartane må forplikte seg til innhaldet i søknaden.
Søkar er ansvarleg for å ta imot og forvalte tilskotet, halde kontakt med HK-dir undervegs i prosjektet og rapportere når opplæringa er avslutta.
Dersom opplæringstilbydar eller opplæringsmottakar er ei under-eining knytt til ei organisasjon/verksemd med ein annan næringskode, må under-eininga sitt organisasjonsnummer stå i søknaden. Kvar under-eining må ha ein eigen ansvarleg/representant (ikkje same person for alle) som skal signere søknaden. Føremålet med dette er å sikre forankring av prosjektet på deltakarane sin arbeidsplass.
Sjå også Kvalifikasjonskriteria og Om verksemdene og registrering.
Søknadsskjemaet kjem snart.

9. desember 2025 kl. 15.00 (CET)
Om tilskotet
Kompetansepluss Arbeid gir midlar til opplæring i grunnleggande ferdigheiter i lesing/skriving, munnleg, rekning, samisk, norsk og digitale ferdigheiter for arbeidstakarar. Ordninga skal gi moglegheiter til relevant og praksisnær opplæring knytt til deltakarane sitt arbeidsliv.
Målet for ordninga Kompetansepluss arbeid er at fleire kan ta del i opplæring og utdanning, og at færre fell ut av arbeidslivet på grunn av manglande ferdigheiter.
Målgruppe for opplæringa
Deltakarane skal vere vaksne arbeidstakarar, primært med grunnskole eller vidaregåande opplæring som høgaste fullførte utdanning, som treng å styrke sine grunnleggande ferdigheiter og/eller kunnskapar i norsk og/eller samisk.
Kva er nytt i utlysinga for 2026?
- Prioritert målgruppe er endra slik at kursdeltakarar med grunnskole eller vidaregåande opplæring som høgaste fullførte utdanning blir prioriterte.
- Kvar søknad kan innehalde inntil 5 kurs.
- Totalt søknadsbeløp per søknad kan ikkje vere meir enn 1 125 000 kroner.
- I 2026 tel ikkje verksemder med 1 til 4 tilsette. Desse verksemdene kan takast med som opplæringsmottakar(ar) i søknaden, men det vil ikkje påverke poengscoren på prioriteringskriterium nr. 6.
- I 2026 innfører vi eit nytt kriterium som prioriterer opplæringstiltak som legg til rette for at kursdeltakarane kan møtast fysisk på kurs.
- Opplæringskontakt er ikkje lenger eit prioriteringskriterium, men eit krav til opplæringa – sjå punktet Om opplæringa.
Det er gjort fleire endringar prioriteringskriteria for 2026 – sjå prioriteringskriteria for fullstendig oversikt.
Formål
Eit sentralt mål med Kompetansepluss er å auke deltaking i samfunns- og arbeidsliv med å heve kompetansenivået til vaksne. Arbeidslivet endrar seg raskt. For å handtere omstillingane må folk få utvikle kompetansen sin samstundes som dei er i jobb.
Tilskotsbeløp
Tilskotet er basert på talet på timar à 60 minutt oppgitt i søknaden, multiplisert med ein timesats på 1 500 kroner.
Søknadsbeløpet blir generert automatisk i søknadsskjema basert på utfyllinga av talet på kurstimar.
Vilkår
Omfang på søknaden og tildeling av tilskot
- Ein søkar (tilbydar eller opplæringsmottakar-verksemd) kan ikkje søke om tilskot for meir enn 200 timar per kurs. Kvar søknad kan innehalde inntil 5 kurs.
- Ein søknad kan innehalde inntil 10 opplæringsmottakarar.
- Totalt søknadsbeløp per søknad kan ikkje vere meir enn
1 125 000 kroner. - Ein søkar (tilbydar eller opplæringsmottakar) kan ikkje få tilskot til likelydande søknader. Med likelydande søknader meiner vi søknad om opplæring i dei same ferdigheitene, for den same målgruppa og med dei same samarbeidspartarne.
Kompetansepluss har skal nå ut til alle regionar, dekke breitt bransjemessig og omfatte opplæringstiltak for alle ferdigheitene. Ved oversøking vil vi gjere ei heilskapsvurdering av søknadene på bakgrunn av dette. Vurderinga kan få betydning for kva søknader som blir innvilga.
Om opplæringa
Opplæringa skal
- vere frivillig og gratis for deltakarar.
- vere praksisnær. Det vil seie at aktivitetar, materiell og utfordringar dei møter på arbeidsplassen, skal brukast i opplæringa. Kartlegging av deltakarane sine erfaringar og ressursar blir brukt til å få innsikt i både kursdeltakarane sitt ferdigheitsnivå og behov i arbeidskvardagen. Resultatet av kartlegginga må kunne dokumenterast.
- omfatte ein eller fleire av følgjande ferdigheiter:
- grunnleggande ferdigheiter i lesing og skriving
- grunnleggande ferdigheiter i rekning
- grunnleggande munnlege ferdigheiter
- grunnleggande digitale ferdigheiter
eller: - norsk som andrespråk/samisk – åleine eller kombinert med:
- grunnleggande digitale ferdigheiter
- grunnleggande ferdigheiter i rekning
- skje på norsk eller samisk. Andre språk kan brukast som støttespråk.
- ta utgangspunkt i:
- Læringsmål i grunnleggande ferdigheiter og/eller Læreplan i norsk for vaksne innvandrarar (2021) og/eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 samisk, avhengig av målgruppa sitt behov, språkbakgrunn og innhald i opplæringa.
- vere dialogbasert. Dette inneber at deltakarane har ei aktiv rolle i undervisninga og inngår i læringsfellesskap der dei får diskutere og reflektere saman med andre.
- vere organisert som gruppeundervisning. Rettleiande gruppestorleik er 10 til 12 deltakarar per kurs. Kurset skal planleggast og gjennomførast med minst fem deltakarar. Deltakarane sine læringsaktivitetar utan lærar tel ikkje som kurstimar.
Norsk- og samiskopplæring over B1-nivå ligg ikkje innanfor rammene av Kompetansepluss.
Deltaking i opplæringa skal dokumenterast i frammøtelister eller annan loggføring. Alle krava over gjeld også når opplæringa er heilt eller delvis nettbasert, inkludert ved bruk av Teams, Zoom eller liknande. Nettbasert opplæring skal gjennomførast på ein slik måte at deltakarar og undervisar er logga på samtidig innanfor eit gitt tidsrom og på ein gitt kommunikasjons- eller undervisningsplattform.
Opplæringsmottakar(ane) skal ha ein navngitt opplæringskontakt på arbeidsplassen. Dette kan vere deltakarane sin leiar, kollega eller tillitsvalde. Opplæringskontakten skal støtte deltakarane fagleg og praktisk i kursperioden. Arbeidet til opplæringskontakten skal rapporterast i tilskotsportalen når kursa er avslutta.
Samansetting av kurs
I søknadsskjemaet set søkar saman kurs ut frå modular. Kvar modul har eit bestemt tal på timar med opplæring i ei grunnleggande ferdigheit. Storleiken på modulane er fastsett ut frå faglege vurderingar, og ulike ferdigheiter har difor ulike modular. Ein kan ha ein eller fleire modular i kvart kurs.
I søknadsskjemaet kan ein ikkje kombinere modular i opplæring i norsk eller samisk med opplæring i lesing/skriving eller munnlege ferdigheiter i same kurs .
Søkar kan sette saman kurs ut frå følgande modular:
Antall timer | 30 | 40 | 50 | 80 | 100 | 150 |
---|---|---|---|---|---|---|
Lesing/skriving | - | x | x | x | x | x |
Rekneferdigheier | - | x | x | x | - | - |
Digitale ferdigheiter | x | x | x | - | - | - |
Munnlege ferdigheiter | x | x | x | - | - | - |
Norsk eller samisk | - | - | x | x | x | x |
Opplæringstiltak som får tilskot, skal gjennomførast innanfor tidsramma søkaren har sett opp i søknaden, og før oppgitt frist for å sluttrapportere.
Tilrådingar til opplæringa
HK-dir tilrår at deltakarane og arbeidsgivar inngår ei avtale om eigenaktivitet mellom samlingane. Det gir deltakarane moglegheit til å prøve ut det dei har lært eller hente inn problemstillingar og materiell frå arbeidsplassen til opplæringa. Dette føreset eit samarbeid mellom opplæringstilbydar og opplæringsmottakar om innhaldet i opplæringa.
Undervisar(ar) kan ta gjerne ta i bruk ressursar og/eller arbeidsformer som HK-dir tilrår for opplæring i Kompetansepluss.
Døme på dette er:
- Profiler for grunnleggende ferdigheter, kartleggingar og e-læringar som Lesetesten, Reknetesten, Digitaltesten, Kompis, Bedre på regning, Bedre på lesing og skriving, Snakkes og Smarte valg. Andre døme er digidel.no.
Arbeidsformer som inngår, er skildra i ressursane Språk i arbeid og Arbeidsrettet norskopplæring, eller tilsvarande.
Satsingsområde i 2026
- Prosjekt i Innsatssonen (tidligere Tiltakssonen) i Finnmark og Nord-Troms. Meir informasjon om Innsatssonen.
- Prosjekt i det samiske språkforvaltningsområdet.
Tilskotet dekker
Tilskotet skal dekke alle kostnader i samband med opplæringa, til dømes:
- kartlegging av deltakarar ved kursstart
- førebuingar
- undervisning inkludert før- og etterarbeid
- motiveringsarbeid
- møte med verksemda
- utarbeiding av materiell
- fagleg oppfølging av deltakarar
- evaluering
Tilskotet dekker ikkje
- opplæring som får annan offentleg finansiering, til dømes tiltak gjennom Nav
- fagopplæring og lærlingar
- opplæring i interne system og utstyr i verksemda
- opplæring organisert som sjølvstudium
- innkjøp, til dømes teknisk utstyr
Søknadsfrist og innlevering av søknad
Søknaden må vere komplett med all naudsynt dokumentasjon og alle signaturar innan søknadsfristen. Søknadene blir behandla med dei opplysningane som ligg føre ved søknadsfristens utløp. Søknadsfristen er absolutt.
Slik søker du
Bruk tilskotsportalen til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å fylle ut søknadsskjema. Søknadsskjemaet er under utarbeiding, og lenke til skjemaet kjem.
Krav til søknaden
Kvalifikasjonskriteria er vilkår som må vere oppfylte for å kvalifisere for tilskot i Kompetansepluss-ordninga. Kriteria bygger på retningslinjene frå Kunnskapsdepartementet for Kompetansepluss arbeid.
Dersom kvalifikasjonskriteria ikkje er oppfylte, avslår HK-dir søknaden utan vidare behandling.
Ved oversøking til ordninga rangerer vi søknadene etter prioriteringskriteria og tildeler så langt løyvinga rekk.
Kvalifikasjonskriteria og prioriteringskriteria må vere oppfylte gjennom heile prosjektperioden.
Les meir om krav til søknaden i kvalifikasjonskriteria.
Rettleiing og malar
Slik behandlar vi søknaden
Slik vurderer vi søknaden
Kompetansepluss arbeid får årleg langt fleire kvalifiserte søknader enn det er midlar til å innvilge. Alle søknader som oppfyller kvalifikasjonskriteria, vil etter søknadsfristen bli vurderte opp mot poenggivande kriterium (prioriteringskriteria) og tildelte ein poengsum mellom 0 og 100.
Når vi behandlar kvalifiserte søknader og gir poeng i samsvar med prioriteringskriteria, tek vi utgangspunkt i opplysningane som søkar har oppgitt i søknadsskjemaet.
I tillegg gjer vi ei heilskapsvurdering av alle søknadene for å sikre brei geografisk og bransjemessig spreiing, samt eit mangfald av ferdigheiter og tilbydarar. Dette kan overstyre poeng ved prioritering.
Når får du svar?
I februar 2026.
Opplæringa skal i utgangspunktet ikkje starte før søkar har fått tilsegn om tilskot. Søkarar som startar opplæring før tilsegn er gitt, gjer dette for eiga rekning og risiko.
Rapportering og oppfølging
Kurs skal vere avslutta slik at tilskotsmottakar har tid til å lage sluttrapport innan 1. oktober 2027. Eventuelle endringar undervegs i prosjektet skal skje i dialog med HK-dir.
Dei som får tilskot, må registrere deltakarar når kurset startar og rapportere om økonomi og gjennomføring ved avslutting av prosjektet.
Tilskotsmottakar av opplæringa har ansvar for å føre frammøtelister og dokumentere deltaking. Vi tilrår at de brukar HK-dir sin mal for registrering av frammøte. Dersom de vel å bruke eigen mal, må frammøtelista omfatte dei same punkta som HK-dir sin mal.
Ein opplæringstime er 60 minutt inkludert 15 minutts pause. Det er ikkje høve til å rekne om og rapportere 45 minutt som ein opplæringstime og slå saman 15 minutts pausar.
HK-dir er i gang med å evaluere Kompetansepluss. Det er derfor obligatorisk å levere frammøtelister for gjennomførte kurs i tildelingsrunden for 2026.
Tilskotsmottakar og samarbeidspartar må bidra i evalueringa i 2026 - 2027.
Spørsmål om tilskotet
Send e-post til kompetansepluss@hkdir.no og merk e-posten med «Kompetansepluss 2026».