Pilotering
Alle registrerte prøvestader kan melde opp deltakarar til utprøving av lese- og lytteoppgaver, såkalla pilotering.
Sist oppdatert : 1. oktober 2025Utprøving hausten 2025
13. oktober til 21. november 2025
I haust blir det ikkje vanleg pilotering av lese- og lytteoppgåver, men vi kan tilby utprøving av ein kartleggingspakke med fire prøvar: lytteprøve, leseprøve, diktat og høgtlesing. Resultat på lytte- og leseprøven kjem på skjermen med ein gong.
Oppmeldinga startar 29. september. Lærarane kan melde opp deltakarar i PAD som vanleg, men i tillegg til lytting og lesing, kan dei også velje diktat og høgtlesing. Prøvane og materialet som høyrer til, blir tilgjengelege når utprøvinga startar den 13. oktober.
Denne gongen skal deltakarane ta éin (1) pilotpakke, som inneheld:
- 1 digital lytteprøve som dekker to rammeverksnivå, for eksempel A1-A2
- 1 digital leseprøve som dekker to rammeverksnivå, for eksempel A1-A2
- 2 digitale diktatar på dei same to rammeverksnivåa, for eksempel A1 og A2 (10-16 minutt)
- 2 høgtlesingsoppgåver (tekst og spørsmål) på de same to rammeverksnivåa, for eksempel A1 og A2 (5-12 minutt)
Lytte- og leseprøvane: Kvar deltakar tar éin lytte- og éin leseprøve på det nivået som passar best: A1-A2, A2-B1 eller B1-B2. Desse prøvane tar omlag like lang tid som dei vanlege lytte- og lesepilotane.
Deltakarane får 75 minutt til leseprøven på alle nivå. Det er læraren sitt ansvar å avslutte leseprøven. Lytteprøven tar ca. 35 minutt for A1-A2, ca. 45 minutt på A2-B1 og ca. 40 minutt på B1-B2. Lytteprøvane går av seg sjølve og blir avslutta automatisk.
Prøvane blir retta automatisk, og deltakarane får denne gongen rammeverksnivå (A1-B2) og poeng på skjermen med ein gong dei har gjennomført prøvane. Alle som tar same nivå, tar same prøve, så poenga kan samanliknast. Ein deltakar som får 19 poeng på A1-A2 har altså gjort det betre enn ein som får 18 poeng på same prøve. Resultata på utprøving er ein indikasjon på deltakaren sitt nivå, men dei er ikkje like sikre som på ein ekte prøve.
Diktat: To diktatar tar 10-16 minuttar alt etter nivå. I tillegg kjem tid til å gi poeng og fylle dei inn i eit skjema.
Instruksjonar og lyden til diktaten får deltakarane tilgang til på same måte som lytte- og leseprøvane. På førehand må læraren skrive ut pdf-ane som høyrer til. Det er linjerte ark som deltakarane skriv diktaten på. Dei skal skrive for hand. Hugs å be dei skrive kandidatnummer på arket. Tittelen på diktaten står øvst på arket. Kvar deltakar tar to diktatar, ein på kvart av dei to nivåa dei tar lytte- og leseprøve på. Instruksjonen og diktaten er spelt inn, og deltakarane høyrer dei gjennom hovudtelefonar. Instruksjonane blir spelt av fyrst og står også på skjermen. Deretter blir diktaten spelt tre gonger. Fyrst skal dei lytte til heile, så høyrer dei diktaten bit for bit med tid til å skrive, og til slutt høyrer dei heile ein gong til og kan sjå over det dei har skrive.
Når deltakarane er ferdige, må læraren rette kvar diktat manuelt. Instruksjonar følgjer med. Maksimal poengsum står på arket med teksten, og læraren tel kor mange ord som er skrive heilt riktig. Det kan vere praktisk å gjennomføre diktaten samtidig som lese- og/eller lytteprøven, men det er ikkje eit krav.
Høgtlesing må læraren gjennomføre med éin og éin elev. To høgtlesingstekstar tar 5 til 12 minutt per kandidat alt etter nivå.
På førehand må læraren skrive ut pdf-ane som høyrer til. Der er det òg instruksjonar for læraren. Sidan det berre er ein tekst på kvart nivå, er det viktig at andre elevar ikkje høyrer på når éin les. Læraren skal også stille dei fem spørsmåla som høyrer til teksten. Testen blir retta/vurdert av lærar, og lærarane skal sende resultata til oss via ei lenke.
Føremålet med utprøvinga i haust er å samanlikne resultata på diktat og høgtlesing med resultata på lytte- og leseprøvane. Vi treng derfor ikkje kandidatar som berre tek lytte- og lesepiloten. Men vi kan heller ikkje krevje at lærarane gjennomfører diktat og høgtlesing. Det er opp til kvar enkelt lærar, men det er altså diktat og høgtlesing som er viktigast for oss denne gongen.
Deltakarane får altså resultat på skjermen for lese- og lytteprøvane. Prøvestaden kan sjå resultata for sine kandidatar etterpå, ikkje i listevisning, men ved å gå inn på ein og ein kandidat frå prøven dei har oppretta. Kandidatane får ikkje noko resultat i PAD på diktat og høgtlesing, sidan det er lærarane som rettar og vurderer desse. Lærarane står fritt til å dele resultata med deltakarane.
Vi ønsker etter kvart å tilby kvalitetssikra diktat og høgtlesingsprøvar til kartlegging og undervegsvurdering i vaksenopplæringa. Dei skal ikkje inngå i dei ordinære norskprøvane.
Gjennom høgtlesing kan ein måle leseforståing og uttale, og gjennom diktat kan ein måle lytteforståing og skriveferdigheiter. Til saman gir altså dei to prøvane eit godt bilete på mange av dei ferdigheitene ein treng for å kommunisere effektivt.
Vi håper at mange lærarar har lyst til å vere med å prøve ut i haust! Vi trur at det kan vere stort utbyte for deltakarane.
Kvifor pilotering?
Lese- og lytteoppgåvene må ha rett vanskegrad, slik at dei gir ei god måling av nivået. For å sikre dette, piloterer vi alle oppgåver som seinare skal bli brukt i norskprøvane. Det vil seie at vi prøver ut oppgåver på deltakarar i norskopplæringa. Slik får vi informasjon om kor vanskelege dei ulike oppgåvene er, og kor godt dei skil mellom dei ulike kandidatane. Samtidig får deltakaren øvd seg på å ta ein prøve og blir kjend med prøven og oppgåvetypane.
Poeng og resultat
På førehand veit vi ikkje kor lette eller vanskelege oppgåvene i piloteringsprøvane er. Det er derfor ikkje mogleg å seie noko om kor mange poeng eller prosent rette svar ein deltakar må ha, for å bli plassert på eit bestemt nivå. Deltakarane kan ikkje sjå om dei svarer rett eller feil på oppgåvene, men dei kan sjå kor mange rette svar dei får.
Kven kan delta?
Alle registrerte prøvestader kan melde opp deltakarar til pilotering. Det er berre kommunale vaksenopplæringssenter eller andre tilbydarar som har avtale med kommunen om opplæring og prøvegjennomføring, som kan delta i piloteringa.
Til pilotering treng vi deltakarar som samla sett speglar den gruppa som skal ta prøven. Alle som er på nivå A1 til B2 kan derfor delta.
Vi har spesielt stort behov for deltakarar på B2-nivå (fordi det ikkje er så mange av desse i opplæringa). Men også deltakarar på A1-nivå er viktige.
Vi anbefaler likevel ikkje at elevar som er langt unna å klare ein A1-prøve deltar i pilotering. Pilotering av leseoppgåver skal teste om dei fungerer til lesing. Elevar som ikkje kan lese sjølve, kan derfor ikkje delta.
Utprøving av oppgåver fortel oss kor vanskelege oppgåvene er for den gruppa som skal ta prøven. Viss dei som tar pilotprøvane, ikkje speglar kandidatmassen, kan det føre til feil vanskegrad på oppgåvene i prøven. Det same skjer dersom piloteringa ikkje skjer under same vilkår som ekte prøvar.
Dette kan gjere prøvane vanskelegare:
- lærarar/nordmenn deltek i pilotering
- deltakarane får hjelp
- deltakarar bruker hjelpemiddel
- deltakarar tar piloteringa fleire gonger
- deltakarar piloterer heime (og kan bruke lang tid)
Tryggleik
For å sikre at piloteringa gir rette resultat – altså viser kva oppgåver det er realistisk at deltakarane klarer på ein prøve – må sikkerheita vere som på ein ekte prøve. Deltakarane må ikkje ha tilgang til internett. Sjå sjekkliste for it-ansvarlege .
Tilbakemelding etter pilotering
Etter pilotering vil deltakarane få individuelle tilbakemeldingar i form av rammeverksnivå. Tilbakemeldingane krev analyse, og det tar ca. to veker å analysere data etter piloteringsperioden. Tilbakemeldingane blir så sende til prøvestadene, men av omsyn til personvern og tryggleik, må prøvestadane registrere at dei vil ha tilbakemelding. Før kvar pilotering får prøvestadane ein e-post med informasjon om korleis ein registrerer seg.
Det held å registrere seg éin gong. Når ein prøvestad først er påmeld, vil han fortsette å å få tilbakemelding til ein eventuelt melder frå om endring.
Ifølge våre analyser, er det godt samsvar mellom resultat på pilot og resultat på reell prøve.
Etter ein gjennomført prøve, får deltakarane ein poengsum. Det er ikkje noko enkelt og lineært forhold mellom denne poengsummen og den vurderinga deltakaren får i tilbakemeldingane. For eksempel vil poengsummen kunne inkludere somme oppgåver som vi forkastar etter pilotering på grunn av dårlege analyseverdiar. Vi tilrår derfor ikkje at poengsummen blir vektlagt i avgjersler som påverkar rettane til deltakarane.
Forskjellar mellom piloteringsprøvane og reelle prøvar
- Piloteringsprøvane skal ikkje publiserast i privatistportalen.
- Det er ikkje dagspassord på piloteringsprøvane. Prøvane er tilgjengelege for deltakaren frå den datoen prøven er planlagt gjennomført, og ut piloteringsperioden.
- Piloteringsprøvane er ikkje adaptive.
- Vanskegraden på oppgåvene er ikkje kjend – det veit vi først etter at piloteringsprøvane er analyserte. Poenga seier derfor ikkje noko om nivået til deltakaren.
- Det er fleire pilot-prøvar på kvart nivå, og deltakarar i same klasse vil få ulike prøvar. Resultata bør derfor ikkjesamanliknast.
Praktisk informasjon til prøvestader som skal delta i pilotering
Tidsbruk
Lytteprøve: ca. 30 minutt (A1–A2), ca. 45 minutt (A2–B1) og ca. 40 minutt (B1–B2) - Lytteprøvane går av seg sjølve og blir avslutta automatisk.
Leseprøve: 75 minutt (A1–B2) – det er læraren sitt ansvar å avslutte prøven etter 75 minutt.
Førebu deltakarar på pilotering
Forklar deltakarane at dei får oppgåver av ulik vanskegrad, og at desse er blanda. Ein A2-ar vil til dømes få mange oppgåver på B1-nvå. Det er ikkje meininga at dei skal klare alle oppgåvene, men dei bør rekkje å svare på alle oppgåvene. På leseprøven bør lærarane be deltakarane om å gjette svaret og gå vidare når dei kjem til oppgåver som er for vanskelege.
Kor vanskelege dei avsluttande prøvane i norsk er, avheng av at dei som deltar i pilotering, er representative for kandidatane som skal ta prøven. Derfor er det viktig at også svake A1-deltakarar deltar i utprøving på A1-A2-nivå. Det same gjeld sterke deltakarar på B1-B2.
Dersom lærarar eller andre morsmålsbrukarar tar pilotprøver, kan dette påverke analyseresultata og gjere prøvane vanskelegare.
Informer svake A1-deltakarar om at prøven er vanskeleg, og at minst halvparten av oppgåvene er meint å vere på A2-nivå. Kanskje klarer dei berre nokre få oppgåver, og det er heilt greitt. Dei skal ikkje streve lenge med vanskelege oppgåver. Dei bør gjere eit forsøk, og så gå vidare. Slik bidrar dei til at prøvane ikkje blir for vanskelege for A1-arar. Dei får også øvd på prøvesituasjonen, der det er viktig å ikkje bruke lang tid på vanskelege oppgåver.
Nivå og oppmelding
Deltakarane kan meldast opp til anten A1–A2 eller B1–B2. Dei får då tilgang til fire prøvar.
«Pilotering A1–A2, bokmål (/nynorsk)» inneheld desse fire prøvane:
- Pilotering av norsk lytting A1–A2
- Pilotering av norsk lesing A1–A2
- Pilotering av norsk lytting A2–B1
- Pilotering av norsk lesing A2–B1
«Pilotering B1–B2, bokmål (/nynorsk)» inneheld desse fire prøvane:
- Pilotering av norsk lytting A2–B1
- Pilotering av norsk lesing A2–B1
- Pilotering av norsk lytting B1–B2
- Pilotering av norsk lesing B1–B2
Læraren informerer deltakarane om kva prøvar dei skal ta når dei startar piloteringa.
- Deltakarar som ikkje har nådd A1-nivå, skal ikkje delta i pilotering.
- Deltakarar som er på A1, blir melde opp til «Pilotering A1-A2». Dei skal berre ta A1-A2-prøvane.
- Deltakarar på antatt A2-nivå, blir melde opp til «Pilotering A1-A2». Dei kan ta anten A1-A2-prøven eller A2-B1. Dei kan også ta begge to, dersom det er mogleg å dele dei på to dagar. Vi anbefaler ikkje at dei tar fire pilotprøvar (to lytt og to les) på same dag.
- Deltakarar på antatt B1-nivå, blir melde opp til «Pilotering B1-B2». Dei kan ta anten A2-B1-prøven eller B1-B2. Dei kan også ta begge to, dersom det er mogleg å dele dei på to dagar. Vi anbefaler ikkje at dei tar fire pilotprøvar (to lytt og to les) på same dag.
- Deltakarar på B2-nivå, blir melde opp til «Pilotering B1-B2». Dei skal berre ta B1-B2-prøvane.
Prøve-administrativt system (PAD)
Det er berre kommunale vaksenopplæringssenter eller andre tilbydarar som har avtale med kommunen om opplæring og prøvegjennomføring, som kan delta i piloteringa.
Piloteringsprøvane ligg i det prøveadministrative systemet (PAD) saman med dei ordinære prøvane i norsk og samfunnskunnskap. For å kunne pilotere, må opplæringsstaden vere sett opp som prøvestad i PAD.
I PAD kan du melde opp deltakarar til prøve, setje opp prøveparti og skrive ut innkallingsbrev og prøvebevis. Deltakarar skal også logge seg inn via innloggingsbiletet til PAD.
Registrering av kandidatar
Prøvestadene må registrere kandidatane i PAD slik dei gjer ved ordinære prøvar. Dersom kandidatane allereie er registrerte, treng dei ikkje å bli registrerte på nytt. Antatt nivå treng ikkje fyllast ut. Det er mogleg å oppdatere informasjonen (for eksempel mobilnummer). Sjå rettleiing for registrering av deltakarar.
Når kandidatane er registrerte til pilotering, kan den same registreringa nyttast ved oppmelding til seinare prøvar. Det er derfor nyttig å leggje inn all den informasjonen om eleven som ein uansett må registrere i samband med oppmelding til ordinær prøve.
Førebuing på prøvestaden
Prøvestadene bør gå gjennom nettverk/bandbreidde og sjekkliste for it-ansvarlege før pilotering.
For å delta, treng kandidatane brukarnamn og passord. Kandidatane loggar seg inn frå PAD. Her finn du hjelp til å skrive ut brukarnamn og passord til kandidatar.