Hopp til hovudinnhald

Prøve i munnleg kommunikasjon

Delprøven i munnleg kommunikasjon tar 20–25 minutt og blir gjennomført med ein eksaminator og ein sensor til stades. To og to kandidatar tar prøven saman.

Sist oppdatert : 9. september 2024

Ein eksaminator leier kandidatane gjennom den munnlege prøven, og ein sensor er ansvarleg for å vurdere kandidatane sine prestasjonar.

Kva måler prøven?

Den munnlege prøven måler generelle munnlege kommunikative ferdigheiter på norsk. Dette inneber at prøven testar kandidaten si evne til å bruke det norske språket til å løyse gitte oppgåver, på ein forståeleg og hensiktsmessig måte.

Sidan det er snakk om generelle kommunikative ferdigheiter, handlar oppgåvene i prøven om tema som er kjende for alle vaksne. Ingen av oppgåvene på norskprøven måler kandidatane sin sjangerkunnskap eller kunnskap om tema dei får i oppgåvene.

Oppgåvetypane viser kva språkfunksjonar som blir testa. Svara kandidatane gir, blir vurderte både ut frå formidling - korleis ein løyser oppgåva- og formelle krav til språket.

Dei språklege vurderingskriteria for munnleg prøve er:

  • flyt
  • uttale
  • ordforråd
  • grammatikk

Vurderingsskjemaa er utvikla på bakgrunn av Det felles europeiske rammeverket for språk.

Om prøvenivåa

Kandidatane blir oppmelde til ein av tre ulike prøvar med ulik vanskegrad. Kvar prøve måler på to nivå: A1-A2, A2-B1 eller B1-B2. Oppgåver som måler på same nivå i to ulike prøvar, skal ha same vanskegrad, og det skal såleis ikkje vere vanskelegare å oppnå A2 på A2-B1-prøven enn på A1-A2-prøven.

Det er likevel viktig å vere klar over at det er ein fordel for kandidatar som tar sikte på A2-nivået, å melde seg opp til A1-A2-prøven, og tilsvarande bør kandidatar som tar sikte på å oppnå B1, melde seg opp til A2-B1-prøven.

Dersom kandidatar melder seg opp til ein prøve som måler på eit høgare nivå enn dei har nådd, vil dei måtte svare på oppgåver dei ikkje har føresetnader for å klare. Dette vil igjen kunne skape stress og i verste fall gå ut over resultatet, i og med at dei språklege kriteria (flyt, uttale, ordforråd og grammatikk) blir vurderte ut frå den samla prestasjonen. Dette perspektivet er viktig å ha med seg når ein som lærar melder elevar opp til prøve, eller rettleier dei til rett prøvenivå.

Oppgåvetypar i prøven

Eksempeloppgåver

Oppgåvesett med instruksjonar

Eksempel på korleis oppgåvesetta og instruksjonane ser ut, kan vere nyttig å gjere seg kjend med, og kan også brukast til øving. Eksempeloppgåver er sett inn i versjonane som er tilgjengelege her. Dokumenta er i word-format, slik at det er lett å redigere og sette inn eigenproduserte øvingsoppgåver i malen, om ein ønskjer det.

Vurdering

Vurderingsarbeidet skjer lokalt på prøvestadane. Delprøven i munnleg kommunikasjon har éin sensor, men sensor diskuterer vurderinga med eksaminator. Begge er med og vurderer, men sensor har det avgjerande ordet.

Informasjon om retningslinjer for kva som krevst av dei som skal vere sensor og eksaminator, detaljert skildring av korleis prøven blir gjennomført og praktisk rettleiing for vurderingsarbeidet, kan ein finne i Prøvereglementet og Veiledning til gjennomføring av prøven i muntlig norsk (A1-B2), Vedlegg 4 (PDF).

Vurderingsskjema

Det finst eit vurderingsskjema for kvart av prøvenivåa, altså eitt for A1–A2, eitt for A2–B1 og eitt for B1–B2. Vurderingsskjemaa byggjer på Det felles europeiske rammeverket for språk.

Skjemaa skal brukast ved vurdering av delprøven i munnleg kommunikasjon. Dei er også til hjelp for lærarar og deltakarar når dei skal vurdere kva for ein prøve deltakaren skal gå opp til.

Øvingsmateriell

Videoklipp av kandidatar og tilhøyrande skriftlege vurderingar er tilgjengelege før og under kvar prøveperiode. Ta kontakt med prøveansvarleg på din prøvestad for meir informasjon om dette.

Det er framleis mogleg å bestille DVD-ar til bruk i opplæringa av deltakarar. Ta kontakt med oss på e-post.

Eigenvurdering

Kandidatane kan bruke eigenvurderingsskjemaa på bokmål eller nynorsk til å finne ut kva for ein prøve dei bør melde seg opp til. Der er det eigenvurdering både av munnlege og skriftlege ferdigheiter.