Hopp til hovudinnhald

Teiknspråkprøvane

Her finn du informasjon om dei to teiknspråklege prøvane. Teiknspråklege kandidatar tar desse i staden for lytteprøve og munnleg prøve.

Sist oppdatert : 1. oktober 2024

Teiknspråklege kandidatar tar ordinær skrive- og leseprøve, og informasjon om desse prøvane finst under norskprøven A1-B2.

Prøve i teiknspråkleg kommunikasjon

Prøve i teiknspråkleg kommunikasjon er jamstilt med munnleg prøve i norsk, jf. forskrift til integreringsloven § 34. Begge måler evna til å uttrykkje seg, og oppgåvene er dei same i begge prøvane.

På prøven skal det vere teiknspråkleg eksaminator og sensor til stades, som vurderer ut frå vurderingskriterium spesifisert for norsk teiknspråk. Kriteria er oppdaterte 1. oktober 2024. Eksaminator på kommunikasjonsprøven omset oppgåvene som er skrivne på norsk, til norsk teiknspråk.

HK-dir arrangerer årlege vurderingsseminar for lærarar som underviser vaksne innvandrarar i teiknspråk. For å vere kvalifisert eksaminator og sensor på prøve i teiknspråkleg kommunikasjon, må ein ha deltatt på minst eitt av desse seminara. Sensorar må ikkje ha norsk teiknspråk som sitt førstespråk, men ein må ha ferdigheiter over B2-nivå og vere godt kjend med prøven, rammeverksnivåa og vurderingskriteria. Sjå elles vedlegg 4 til prøvereglementet for informasjon om krav til eksaminator og sensor.

Det er prøvestadane som har ansvar for å stille med eksaminator og sensor til prøven i teiknspråkleg kommunikasjon. Dersom prøvestaden ikkje har denne kompetansen sjølv, kan dei inngå avtale med ein annan prøvestad som har denne kompetansen. Prøvestader kan òg kontakte HK-dir dersom dei treng hjelp til å finne kvalifisert eksaminator og/eller sensor. Bruk då påmeldingsskjema under og oppgi behov for sensor/eksaminator:

Kandidaten tar prøven ved eigen lærestad dersom det er praktisk mogleg. Om lærestaden manglar eksaminator og/eller treng ekstern sensor, og det er utfordrande å finne eksaminator/sensor som kan reise til prøvestaden, kan eksaminator/sensor delta digitalt. Det kan òg vere nødvendig at kandidaten reiser til ein annan prøvestad for å ta prøven.

Dersom prøvestaden ikkje har teiknspråkkyndig personale, skal det vere teiknspråktolk til stades for å omsetje praktisk informasjon til kandidaten. Prøvestaden har ansvar for å bestille tolk.

Vurderingskriteria til prøve i teiknspråkleg kommunikasjon har blitt revidert og ny versjon blei publisert 01.10.24. Dei nye kriteria gjeld frå og med prøvegjennomføring i desember 2024.

Nettkurs i vurdering

I e-læringsplattforma finn du videoar av kandidatar som tar kommunikasjonsprøven. Videoane er laga som øvingsmateriell for sensorar og eksaminatorar som vil trene på å vurdere nivået til kandidatane. Lenke til registrering er sendt til alle prøvestader.

Seminar i vurdering

HK-dir arrangerer årlege seminar i vurdering av prøve i teiknspråkleg kommunikasjon. Målgruppa for seminaret er lærarar som underviser vaksne innvandrarar i norsk teiknspråk.

Målet for seminaret er å styrkje og oppretthalde kompetanse i å vurdere ferdigheiter i norsk teiknspråk, og å betre kjennskapen til prøven og nivåa prøven måler på.

Seminaret blir vanlegvis arrangert om hausten, og informasjon om og påmelding til seminaret blir lagt ut på arrangementsida etter sommaren.

Avlesingsprøven

Avlesingsprøven er digital og ein kan ta denne prøven på alle prøvestader. Kandidaten har rett til tolk som kan omsetje praktisk informasjon på prøvedagen. Prøvestaden bestiller tolk.

Prøven består av fleirvalsoppgåver, der kandidaten får sjå korte videoar av éin eller to personar som snakkar teiknspråk. Til kvar video er det eit spørsmål, og kandidaten svarer ved å klikke på svaralternativa på skjermen. Spørsmåla blir stilt både på skriftleg norsk og på teiknspråk, men svaralternativa finst berre på skriftleg norsk. Det krevst dermed litt leseforståing for å svare på oppgåvene, men oppgåvene er valde ut med mål om å krevje så lite leseferdigheiter som mogleg.

Prøven i avlesing av norsk teiknspråk har cirka 30 oppgåver og tar cirka 55 minutt. Prøven blir tilboden på nivå A1–A2 og nivå A2–B1. Kandidaten må velje nivå på prøven ved påmelding.

Oppmelding

Kandidatar som skal ta prøve i teiknspråkleg kommunikasjon og/eller prøve i avlesning må bli meldt opp av prøvestaden i PAD.

Dersom det er behov for ekstern sensor og/eller eksaminator til prøve i teiknspråkleg kommunikasjon, skal prøvestaden i tillegg melde opp kandidaten via dette skjemaet:

Skjemaet må ein sende inn seinast fire veker før prøven.

Eksempeloppgåver

Delprøve i teiknspråkleg kommunikasjon

Avlesingsprøven

Eksempeloppgåvene er henta frå eksempeloppgåver i lytteforståing for høyrande og er ikkje plukka ut med tanke på norsk teiknspråk spesielt. Eksempelprøvane har ikkje like mange oppgåver som reelle prøver. Hensikta med eksempelprøvane er å vise kva oppgåvetypar (format) som blir brukt i prøvane, slik at kandidatane kan førebu seg til prøven. Resultata frå desse prøvane seier ikkje noko om kva nivå kandidaten er på.

CEFR - Det felles europeiske rammeverket for språk

Kontakt oss

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

Avdeling norskprøver

E-post:nts.prove@hkdir.no