Anleggsgartnar - grunnleggjande ferdigheiter på jobb
Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein anleggsgartnar.
Sist oppdatert : 21. november 2023Last ned som PDF, Excel eller Word
Arbeidsoppgåver for anleggsgartnarar
- byggje og halde ved like hageanlegg, parkar, torg, kyrkjegardar og idrettsanlegg
- byggje og halde ved like småvegar og plassar, trapper, murar og gjerde
- gjere natursteinsarbeid i brustein, skifer og granitt og halde dei ved like
- gjere plante- og vegetasjonsarbeid og halde dei ved like
Leseferdigheiter
Kvar dag vil anleggsgartnaren
- lese forklaringar og instruksjonar.
- lese korte notat.
- lese lister over ulike arbeidsoppgåver som skal gjerast.
- lese oppslag om tryggleik.
- lese meldingar og e-postar.
- lese skilt og symbol.
- lese arbeidsteikningar og kart med ulik informasjon.
Med jamne mellomrom vil anleggsgartnaren
- lese bruksrettleiingar for nytt utstyr og nye produkt.
- lese instruksjonar om korleis ein skal bruke ulike maskiner.
- lese rapportar og referat.
- lese HMS-informasjon og tryggleiksinstruksjonar.
- lese retningslinjer om handsaming av avfall og krav til kjeldesortering.
- lese og forstå nye eller endra interne rutinar.
Av og til vil anleggsgartnaren
- lese rutinar og informasjon om plantestell.
- lese informasjon og skjema om sitt eige arbeidsforhold.
- lese opplæringsmateriell.
- lese fagblad.
- lese arbeidskontraktar og skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
Skriveferdigheiter
Kvar dag vil anleggsgartnaren
- skrive notat.
- fylle ut sjekklister for kvalitet og avvik.
- skrive korte beskjedar til seg sjølv eller andre.
- fylle ut og signere ulike skjema.
- fylle ut arbeidsplanar.
Med jamne mellomrom vil anleggsgartnaren
- rapportere avvik og hendingar til leiarar.
- bestille varer og fylle ut bestillingsskjema.
- notere førespurnader frå kundar, leiarar og leverandørar.
- kvittere for mottekne varer.
- skrive oppslag.
- skrive meldingar og e-postar.
- leggje ulike planar.
Av og til vil anleggsgartnaren
- notere nye rutinar for seg sjølv eller andre.
- skrive brev og søknader.
- ta notat frå opplæring.
- skrive rapportar over utført arbeid.
- skrive arbeidsordrar og få dei signerte av leiarar.
- lage lister over kva utstyr og maskiner som trengst.
- ajourføre driftsdokumentasjon og teknisk dokumentasjon.
- fylle ut skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
Munnlege ferdigheiter
Kvar dag vil anleggsgartnaren
- snakke med kollegaer eller leiarar for å koordinere arbeidet.
- gje og ta imot beskjedar og instruksjonar.
- forklare arbeidet som blir utført.
- planleggje jobben saman med oppdragsgjevaren.
Med jamne mellomrom vil anleggsgartnaren
- høyre og svare på forklaringar frå oppdragsgjevarar, leiarar, leverandørar eller kollegaer.
- føreslå endringar i oppgåver og arbeidsmetodar.
- få instruksjonar frå og diskutere arbeidet med leiarar.
- forklare oppgåver eller utfordringar for innleigd personell.
- delta i lunsj- og pauseprat.
Av og til vil anleggsgartnaren
- varsle om hendingar eller ulukker.
- delta i opplæring.
- seie frå dersom noko er uklart.
- diskutere framgangsmåtar med leiarar og kollegaer.
- orientere nytilsette og vikarar.
- melde frå om sjukdom og fråvær.
- snakke med ulike leverandørar for å innhente tilbod på varer og tenester.
- ha ein medarbeidarsamtale med den næraste leiaren sin.
Rekneferdigheiter
Kvar dag vil anleggsgartnaren
- bruke arbeidsteikningar og rekne om til full storleik.
- vurdere kor mykje tid det vil ta å utføre ein jobb.
- vurdere kor mykje materiell og utstyr som går med til ein jobb.
- rekne ut lengd, areal, volum og vekt i samband med arbeidsoperasjonar.
Med jamne mellomrom vil anleggsgartnaren
- fylle ut timelister.
- samanlikne prisar frå ulike leverandørar.
- kontrollere rekningar og fakturaer.
- setje opp fakturagrunnlag.
- gjere overslag eller rekne ut kostnader for ein jobb.
- kontrollere sin eigen lønsslipp.
- rekne ut rett tal plantar til eit blomsterbed.
- kontrollere landmålingsverktøy.
Av og til vil anleggsgartnaren
- vurdere behov for arbeidskraft etter framdriftsplan og arbeidsmengd.
- sjekke budsjett.
- rekne ut køyregodtgjersle.
- rekne ut kostnader ved å leige inn arbeidskraft.
- rekne ut kor mykje ressursar ein har brukt samanlikna med det som var venta.
Digitale ferdigheiter
Kvar dag vil anleggsgartnaren
- føre oversikt i ein kalender over sin eigen aktivitet.
- sjekke avtalar med leverandørar, leiarar eller oppdragsgjevarar.
- leggje inn avvik i digitale skjema.
- sende og ta imot meldingar og e-postar.
Med jamne mellomrom vil anleggsgartnaren
- fylle inn opplysningar om utført arbeid.
- sende e-postar med vedlegg.
- føre timelister.
- bruke standard kontorprogramvare.
- leggje inn tal og opplysningar i rekneark.
- sjekke vareinformasjon.
- bestille varer.
- bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.
Av og til vil anleggsgartnaren
- søkje etter produktinformasjon, lover og reglar.
- bruke bilete for å dokumentere hendingar eller avvik.
- finne oppdatert HMS-regelverk.
- bruke eigna dataprogram til å rekne ut tid og pris.
- sjekke internett for nye miljøføresegner.
- samanlikne prisar frå ulike leverandørar.
- leggje ut og svare på anbodsførespurnader.
- lagre kontraktar eller serviceavtalar med leverandørar.
- bruke sosiale medium for å halde seg oppdatert og reklamere for si eiga verksemd.
- oppdatere køyrebok.
- bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.
- bruke QR- og strekkodar når det trengst.
- bruke læringsressursar for opplæring.