Barnehageassistent - grunnleggjande ferdigheiter på jobb
Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein barnehageassistent.
Sist oppdatert : 20. november 2023Last ned som PDF, Excel eller Word
Arbeidsoppgåver for barnehageassistentar
- Vere med på å planleggje, gjennomføre og evaluere den pedagogiske verksemda.
- Delta på møte for å kunne gjennomføre det pedagogiske arbeidet.
- Vere med på å skape og oppretthalde god kontakt med foreldra.
- Vere med på å dokumentere arbeidet i avdelinga.
- Ta imot rettleiing frå det pedagogiske personalet.
- Delta på obligatoriske seminar og kurs.
- Delta i endrings- og utviklingsarbeid.
- Bruke digitale verktøy til informasjonssøk og dokumentasjon.
Leseferdigheiter
Kvar dag vil barnehageassistenten
- lese vaktlister og lister for arbeidsfordeling.
- lese skjema som til dømes vekeplan og frammøteskjema.
- lese logg og rutinelogg.
- lese meldingar til og frå kollegaer eller foreldre.
- lese oppslag som til dømes informasjon om turar og andre aktivitetar.
- lese symbol på etikettar på mat, medisinar og vaskemiddel.
- lese barnelitteratur høgt for barn.
Med jamne mellomrom vil barnehageassistenten
- lese informasjonsbrev til foreldra.
- lese informasjonsbrev frå leiinga.
- lese periodeplanar og aktivitetsplanar.
- lese instruksjonar om hygiene og allergiar.
Av og til vil barnehageassistenten
- lese faglitteratur.
- lese rutineskildringar.
- lese opplæringsmateriell i samband med kurs og anna opplæring.
- lese skjema og informasjon som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
- lese nyhende som kan påverke arbeidsdagen.
- lese meldingar og e-postar.
- lese rapportar og referat.
Skriveferdigheiter
Kvar dag vil barnehageassistenten
- fylle ut skjema for daglege rutinar.
- føre logg over dagens aktivitetar.
- skrive meldingar til kollegaer og foreldre.
- skrive notat og hugselister.
Med jamne mellomrom vil barnehageassistenten
- fylle ut observasjonsskjema.
- skrive praksisforteljingar.
- skrive informasjon på oppslagstavler.
- fylle ut skjema for å bestille varer.
Av og til vil barnehageassistenten
- fylle ut eigenmeldingar og permisjonssøknader.
- skrive møtereferat.
- fylle ut avviksskjema i samband med alvorlege hendingar.
- skrive plakatar og oppslag.
- skrive tekst til bilete på nett eller i fotoalbum.
- skrive meldingar og e-postar.
- fylle ut skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
Munnlege ferdigheiter
Kvar dag vil barnehageassistenten
- snakke med barn, kollegaer og føresette.
- gje og ta imot meldingar og instruksjonar frå kollegaer og foreldre.
- svare på spørsmål frå foreldre og barn.
- helse på og seie ha det til foreldre og barn.
- koordinere det daglege arbeidet med kollegaer.
- diskutere tiltak dersom det oppstår uventa situasjonar.
- rapportere om hendingar i sitt eige skift.
- delta i uformelle samtalar med barn, kollegaer og foreldre.
Med jamne mellomrom vil barnehageassistenten
- diskutere tiltak og planar med og forklare dei for foreldre.
- roe barn og foreldre dersom noko uventa skjer.
- forklare og diskutere for å løyse konfliktar med barn og vaksne.
- forklare spesielle situasjonar for foreldre, kollegaer og overordna.
- delta i diskusjonar om pedagogiske tiltak og arbeidsplanar.
- koordinere planlegging og gjennomføring av spesielle aktivitetar med kollegaer.
Av og til vil barnehageassistenten
- ha medarbeidarsamtalar med leiaren sin.
- skaffe seg og vidareformidle nødvendig informasjon om helsa, kosthaldet og medisinbruken til barna.
- skaffe seg informasjon i samband med ekskursjonar.
- få oppdatering om nye rutinar.
- diskutere og kome med innspel om arbeidstilhøve, arbeidsmiljø og opplæringsbehov.
- formidle synspunkt til ulike mottakarar og diskutere faglege tema i ulike situasjonar.
- varsle om hendingar eller ulukker.
Rekneferdigheiter
Kvar dag vil barnehageassistenten
- telje barna og kontrollere talet for å halde oversikt.
- halde oversikt over si eiga arbeidstid.
- arbeide med matematiske omgrep saman med barn.
- måle opp mengder av ingrediensar ved matlaging.
- blande mengder i riktig forhold.
- leggje til rette for spel og aktivitetar som stimulerer talforståing og matematisk tenking.
Med jamne mellomrom vil barnehageassistenten
- fylle ut timelister.
- handle og føre oversikt over varer og kostnader.
- gjere kostnadsoverslag ved innkjøp.
- måle opp mengder av materiale til aktivitetar.
- vurdere materialbehovet ut frå talet på deltakarar i ein aktivitet.
- vurdere mengder på augemål.
Av og til vil barnehageassistenten
- arbeide med grunnleggjande matematiske ferdigheiter saman med barn.
- måle og notere mengder medisin som eit barn har fått.
- planleggje turar med kollektivtrafikk, rekne tid og velje dei rette billettane.
- kontrollere sin eigen lønsslipp.
Digitale ferdigheiter
Kvar dag vil barnehageassistenten
- bruke e-post for å kommunisere og gjere avtalar med foreldre.
- søkje på internett etter tekst og bilete til barna sine aktivitetar.
- ta bilete av aktivitetar i barnehagen.
- registrere arbeidstida.
- lagre og flytte over bilete frå kamera eller mobilar til andre lagringseiningar.
- bruke og lære opp barna i bruk av nettbrett eller PC.
- bruke interaktive opplæringsprogram.
Med jamne mellomrom vil barnehageassistenten
- leggje inn oppdateringar på heimesidene til barnehagen.
- leggje inn bilete på heimesidene til barnehagen.
- sende og ta imot meldingar og e-postar.
Av og til vil barnehageassistenten
- finne nye matoppskrifter til bruk i barnehagen.
- lære barna korleis dei kan søkje og finne informasjon, musikk, bilete og filmar på internett.
- bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.
- halde seg oppdatert og formidle kunnskap om nettvit.
- bruke internettressursar i pedagogisk arbeid.
- oppdatere og leggje ut innlegg om aktivitetar på sosiale medium.
- lage rapportar og mapper om aktivitetar og barna si utvikling.
- bruke presentasjonsverktøy i foreldregruppemøte.
- halde oversikt over aktivitetar i elektroniske kalendrar.
- bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.
- bruke ulike program i opplæringstiltak.
- bruke QR- og strekkodar når det trengst.
- bruke standard kontorprogramvare.