Hopp til hovudinnhald

Bilmekanikar – grunnleggjande ferdigheiter på jobb

Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein bilmekanikar.

Sist oppdatert : 19. desember 2023

Last ned som PDF, Excel eller Word

Arbeidsoppgåver for bilmekanikarar

  • Gjere service og reparasjonar på bilar.
  • Vurdere kva utstyr, materiell og tid som trengst for å gjere ein jobb.
  • Dokumentere kvalitet og avvik i arbeidet.
  • Bruke tekniske oppslagsverk, arbeidsordrar og teikningar til å planleggje og gjennomføre service og reparasjonar.
  • Handsame førespurnader og klager frå kundar og leverandørar.

Leseferdigheiter

Kvar dag vil bilmekanikaren

  • lese arbeidsordrar.
  • lese informasjon frå ulike fabrikantar om prosedyrar og rettleiingar.
  • lese arbeidsteikningar.
  • lese informasjon i samband med bestilling og mottak av varer.
  • lese skaderapportar.
  • lese tekniske oppslgsverk, bruksrettleiingar og anna.
  • lese og forstå skriftlege meldingar frå kollegaer og leiarar.

Med jamne mellomrom vil bilmekanikaren

  • lese skiftplanar.
  • lese datablad.
  • sjekke varelager.
  • lese verkstadhandbøker.
  • lese hyllemerking for å finne rette delar.
  • lese meldingar og e-postar.

Av og til vil bilmekanikaren

  • lese informasjon frå leiinga om planar og anna.
  • lese rutinar og reglar for handtering av avvik.
  • lese informasjon om HMS.
  • lese opplæringsmateriell.
  • lese informasjon som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
  • lese tryggleiksinformasjon om bruk av verktøy og maskiner.
  • lese av og tolke utsleppsverdiar.
  • lese informasjon for å bruke rette oljar, væsker og smørjemiddel på køyretøya.

Skriveferdigheiter

Kvar dag vil bilmekanikaren

  • skrive logg frå sitt eige skift.
  • skrive beskjedar og påminningar til seg sjølv og kollegaer.
  • registrere og kvittere for mottekne varer.
  • skrive dokumentasjon over utført arbeid.

Med jamne mellomrom vil bilmekanikaren

  • fylle ut skjema i samband med avvik og hendingar.
  • gje skriftleg informasjon og instruksar til kollegaer og leiarar.
  • skrive e-postar og meldingar.
  • fylle ut skjema for innsending når ein godkjenner utførte periodiske kontrollar.
  • fylle ut skjema over kva for komponentar som er brukte for å dokumentere garantiar.

Av og til vil bilmekanikaren

  • fylle ut og kvittere på pakksetlar og rekvisisjonar.
  • notere ned nye rutinar.
  • skrive opp måleresultat.
  • skrive notat og oppgåvesvar i kurssamanheng.
  • fylle ut skjema og søknader som har med arbeidet å gjere.
  • fylle ut fakturagrunnlag.

Munnlege ferdigheiter

Kvar dag vil bilmekanikaren

  • ta imot og svare på førespurnader.
  • formidle val av faglege løysingar.
  • diskutere tryggleik og miljø.
  • rapportere om hendingar i sitt eige skift.
  • snakke med kollegaer og leiarar for å koordinere arbeidet.
  • delta i lunsj- og pauseprat.

Med jamne mellomrom vil bilmekanikaren

  • drøfte ulike løysingar med kollegaer og leiarar.
  • drøfte arbeidstid og skiftavvikling.
  • handtere informasjon frå kollegaer og leiarar.
  • snakke med ekspedisjon og transport.

Av og til vil bilmekanikaren

  • få informasjon om nye system, rutinar og produkt
  • delta i opplæring.
  • få rettleiing om rette arbeidsstillingar og -teknikkar.
  • snakke med leiaren om sine eigne arbeidstilhøve og opplæringsbehov.
  • diskutere og kome med innspel til verneombodet og dei tillitsvalde.
  • presentere ulike produkt og kampanjar for kundane.

Rekneferdigheiter

Kvar dag vil bilmekanikaren

  • sjekke at varemengda stemmer med ordrar og bestillingar.
  • rekne ut kor mykje utstyr og materiell som trengst til ein jobb.
  • vurdere kor mykje tid som vil gå med til service og reparasjonar.
  • rekne ut kostnader for reparasjon og service.
  • lese av ulike måleinstrument.
  • forstå symbol og produktkodelister.

Med jamne mellomrom vil bilmekanikaren

  • kontrollere pakksetlar og ordrestadfestingar.
  • lage kostnadsoverslag for kundar.
  • samanlikne prisar frå ulike leverandørar.
  • setje opp fakturagrunnlag.
  • fylle ut timelister.

Av og til vil bilmekanikaren

  • kontrollere varelager.
  • lage tilbodspakkar til kundar.
  • kontrollere sin eigen lønsslipp.

Digitale ferdigheiter

Kvar dag vil bilmekanikaren

  • bruke databasar til å leite etter produksjonsframlegg og varelager.
  • ta utskrifter av rapportar og arbeidsordrar.
  • bruke skannar.
  • registrere varer og delar inn i systemet.
  • bruke ulike dataprogram.
  • handtere kortterminalar.
  • bruke timeregistrering.
  • lage kostnadsoversikt og pristilbod.
  • bruke ulike verktøy til å diagnostisere bilen.
  • bruke ulike verktøy til å endre oppsettet på ein bil.

Med jamne mellomrom vil bilmekanikaren

  • sjekke vareinformasjon.
  • sende og ta imot meldingar og e-postar.
  • registrere mottekne varer.
  • bruke smarttelefon og nettbrett med ulike appar knytte til oppgåver.
  • bruke standard kontorprogramvare.

Av og til vil bilmekanikaren

  • dokumentere hendingar og avvik.
  • bruke nettsidene til ulike leverandørar til å bestille varer.
  • oppdatere HMS-kunnskapen sin.
  • bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.
  • oppdatere seg på ISO-godkjenningar.
  • bruke sosiale medium for å halde seg oppdatert og reklamere for si eiga verksemd.
  • sjekke tryggleiks- og produktdatablad.
  • bruke QR- og strekkodar.
  • bruke ulike program i opplæringstiltak.