Hopp til hovudinnhald

Bilpleiar – grunnleggjande ferdigheiter på jobb

Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein bilpleiar.

Sist oppdatert : 19. desember 2023

Last ned som PDF, Excel eller Word

Arbeidsoppgåver for bilpleiarar

  • Plukke fram varer frå lageret etter bestillingar.
  • Selje bilpleieprodukt og utstyr.
  • Ha kontakt med kundar og leverandørar.
  • Vurdere kva utstyr, materiell og tid som trengst for å gjere ein jobb.

Leseferdigheiter

Kvar dag vil bilpleiaren

  • lese informasjon i samband med bestilling og mottak av varer.
  • lese og kontrollere merking av og innhaldet i hyller.
  • lese varebestillingar frå kundar eller andre avdelingar.
  • lese arbeidsordrar.
  • forstå informasjon i tekniske oppslagsverk, bruksrettleiingar og anna.
  • lese og forstå skriftlege meldingar frå kollegaer og leiarar.

Med jamne mellomrom vil bilpleiaren

  • lese skiftplanar.
  • sjekke varelager, vente- og bestillingstider for varer og delar.
  • lese oppslag på informasjonstavla.
  • lese meldingar og e-postar.
  • lese varedeklarasjonar på ulike produkt.

Av og til vil bilpleiaren

  • lese informasjon frå leiinga om planar og anna.
  • lese rutinar og reglar for handtering av avvik.
  • lese HMS-informasjon.
  • lese bruksanvisninger for nye produktar.
  • lese innlegg på sosiale medium for å halde seg oppdatert om nye trendar i faget.
  • lese informasjon som gjeld sitt eige arbeidsforhold.

Skriveferdigheiter

Kvar dag vil bilpleiaren

  • skrive logg frå sitt eige skift.
  • skrive beskjedar og påminningar til seg sjølv og andre, til dømes om å bestille nye varer og delar.
  • kvittere og registrere for mottekne varer.

Med jamne mellomrom vil bilpleiaren

  • notere førespurnader frå kundar, leiarar og kollegaer.
  • fylle ut skjema i samband med avvik og hendingar.
  • gje skriftleg informasjon og instruksar til kollegaer og leiar.
  • skrive meldingar og e-postar.
  • fylle ut timelister.

Av og til vil bilpleiaren

  • fylle ut og kvittere på pakksetlar og rekvisisjonar.
  • notere ned nye rutinar.
  • skrive notat og oppgåvesvar i kurssamanheng.
  • fylle ut skjema og søknader som har med arbeidet å gjere.
  • skrive innlegg på sosiale medium om produkt og tenester.
  • skrive fakturagrunnlag.
  • fylle ut bestillingslister.

Munnlege ferdigheiter

Kvar dag vil bilpleiaren

  • få kundane til å kjenne seg velkomne.
  • ta imot og svare på førespurnader.
  • formidle fagkunnskap og løysingar til kundar og kollegaer.
  • diskutere HMS.
  • rapportere munnleg om hendingar i sitt eige skift.
  • snakke med kollegaer og leiarar for å koordinere arbeidet.
  • forklare rutinar for vidare vedlikehald.

Med jamne mellomrom vil bilpleiaren

  • drøfte ulike løysingar med kollegaer og leiarar.
  • drøfte arbeidstid og skiftavvikling.
  • handtere munnleg informasjon frå kollegaer og leiarar.
  • snakke med ulike leverandørar om varer og prisar.
  • delta i lunsj- og pauseprat.

Av og til vil bilpleiaren

  • få informasjon om nye system, rutinar og produkt.
  • delta i opplæring.
  • få rettleiing om riktige arbeidsstillingar og -teknikkar.
  • snakke med leiaren sin om sine eigne arbeidstilhøve og opplæringsbehov.
  • diskutere og kome med innspel til verneombodet og dei tillitsvalde.
  • informere kundar om ulike fordelsprogram.
  • ta imot og handsame klager og reklamasjonar.
  • ha ein medarbeidarsamtale med leiaren sin.

Rekneferdigheiter

Kvar dag vil bilpleiaren

  • sjekke at varemengda stemmer med ordrar og bestillingar.
  • rekne ut kor mykje utstyr og materiell som trengst til ein jobb.
  • vurdere kor mykje tid som trengst for å gjere ein jobb.
  • rekne ut kostnader for ein jobb.
  • lese av ulike måleinstrument.

Med jamne mellomrom vil bilpleiaren

  • vurdere og kontrollere mengder i samband med varebestillingar.
  • lage kostnadsoverslag for kundar.
  • samanlikne prisar frå ulike leverandørar.
  • setje opp fakturagrunnlag.

Av og til vil bilpleiaren

  • kontrollere varelager, til dømes ved vareoppteljingar.
  • lage tilbodspakkar til kundar.
  • kontrollere sin eigen lønsslipp.

Digitale ferdigheiter

Kvar dag vil bilpleiaren

  • ta utskrifter av rapportar og arbeidsordrar.
  • bruke skannar.
  • registrere og kontrollere varer.
  • handtere kortterminalar.
  • registrere arbeidstimar.
  • bruke standard kontorprogramvare.

Med jamne mellomrom vil bilpleiaren

  • søkje opp vareinformasjon av ulike slag.
  • sende og ta imot meldingar og e-postar.
  • bestille varer.
  • registrere mottekne varer.
  • bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.

Av og til vil bilpleiaren

  • dokumentere hendingar og avvik.
  • bruke leverandørar sine elektroniske tenester til å bestille varer.
  • oppdatere HMS-kunnskapen sin.
  • sjekke på internett om materiale har skadeverknader eller inneheld skadelege stoff og korleis ein skal handtere spesialavfall.
  • bruke ulike program i opplæringstiltak.
  • bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.
  • oppdatere seg på ISO-godkjenningar.
  • bruke sosiale medium for å halde seg oppdatert og reklamere for si eiga verksemd.
  • bruke videotenester for å finne tips og framgangsmåtar i samband med sitt eige arbeid.
  • bruke QR- og strekkodar når det trengst.