Blekkslagar - grunnleggjande ferdigheiter på jobb
Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein blekkslagar.
Sist oppdatert : 21. november 2023Last ned som PDF, Excel eller Word
Arbeidsoppgåver for blekkslagarar
- Utføre oppdrag etter arbeidsordre på byggjeplassar eller hos kundar.
- Planleggje, utføre og kontrollere blekkslagararbeid.
- Gjennomføre eigenkontroll av utført arbeid.
- Kommunisere med andre aktørar som til dømes kollegaer, andre handverkarar, byggjeplassleiinga, leverandørar og kundar.
- Bruke e-post for å kommunisere med arbeidsgjevaren, oppdragsgjevarar og leverandørar.
- Ha kunnskap om interne prosedyrar, standardar og lovverk, og følgje dei.
- Bestille varer etter materiallister frå leverandørar.
Leseferdigheiter
Kvar dag vil blekkslagaren
- lese arbeidsteikningar.
- lese korte notat og instruksjonar, eigne og andre sine hugselappar.
- lese informasjon i kontrollplanar og sjekklister.
- lese skilt og oppslag.
- lese meldingar og e-postar.
Med jamne mellomrom vil blekkslagaren
- lese skildringar og instruksjonar i samband med arbeidet.
- lese pakksetlar og sjekke at dei stemmer med varene som er leverte.
- lese lister over verktøy og utstyr som krevst for ulike arbeidsoperasjonar.
- lese HMS-informasjon, brosjyrar, datablad og oppslag.
- lese interne rutinar og instruksar.
- lese detaljerte jobbspesifikasjonar.
- lese miljø- og avfallsplanar.
Av og til vil blekkslagaren
- lese utdrag frå lover og forskrifter.
- lese tekniske føresegner.
- lese informasjon og skjema som gjeld sitt eige tilsetjingsforhold.
- lese vegforklaringar.
- lese opplæringsmateriell i samband med kurs og anna opplæring.
Skriveferdigheiter
Kvar dag vil blekkslagaren
- føre oversikt over sine eigne timar.
- føre køyrebok.
- skrive meldingar og e-postar.
- fylle ut skjema og sjekklister for kvalitet og avvik i arbeidet.
Med jamne mellomrom vil blekkslagaren
- setje opp lister over kva verktøy og utstyr som trengst til eit oppdrag.
- skrive notat og hugselappar til seg sjølv og andre.
- kvittere for mottak av varer.
Av og til vil blekkslagaren
- skrive korte rapportar, endrings- og avviksmeldingar.
- setje opp oversikt over utført arbeid.
- skrive arbeidsordrar og dokumentere tilleggsbestillingar.
- fylle ut og dokumentere etter sertifiseringskrav og ISO-standardar.
- fylle ut eigenmeldingar og sjukemeldingar.
- fylle ut skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold, feriesøknader og lønskrav.
- skrive grunnlag for tilbod og fakturaer.
- fylle ut avviksskjema i samband med alvorlege hendingar.
Munnlege ferdigheiter
Kvar dag vil blekkslagaren
- snakke med andre for å koordinere arbeidet.
- rapportere munnleg om framdrift til leiaren og arbeidsgjevaren sin.
- få instruksjonar og diskutere arbeidet med overordna.
- gjere avtalar med kundar om framdrift og skildre arbeidet.
- snakke med oppdragsgjevarar og kundar om val av ulike løysingar.
Med jamne mellomrom vil blekkslagaren
- snakke med leverandørar.
- ta imot opplæring og instruksjonar.
- delta på ulike møte.
- diskutere planar og teikningar/detaljløysingar med andre.
- delta i lunsj- og pauseprat.
Av og til vil blekkslagaren
- bestille delar og utstyr frå leverandørar.
- diskutere sine eigne arbeidstilhøve.
- delta i formell opplæring og sertifisering.
- varsle om akutte hendingar eller ulukker.
- seie frå dersom noko er uklart.
- orientere nytilsette og vikarar om arbeidsrutinar.
- ha ein medarbeidarsamtale med leiaren sin.
Rekneferdigheiter
Kvar dag vil blekkslagaren
- ta mål av beslag og ventilasjonskomponentar og lage underlag for produksjon.
- bruke arbeidsteikningar og rekne om til full storleik.
- rekne ut kor mykje materiell som vil gå med til ein jobb.
- rekne ut og registrere kor mykje tid som blir brukt på ein jobb.
Med jamne mellomrom vil blekkslagaren
- lage skisser for produksjon på eigen verkstad.
- programmere ei datastyrt knekkjemaskin.
- setje opp oversikter over materiellforbruk.
- halde oversikt over varelager.
- samanlikne prisar frå ulike leverandørar.
- rekne ut akkordløn med utgangspunkt i ein tariff.
- kontrollere sin eigen lønsslipp.
- rekne ut reisetider ved hjelp av kart, vegbok eller GPS.
- gjere kostnadsoverslag for ein kunde.
Av og til vil blekkslagaren
- rekne ut luftbehovet i eit lokale.
- rekne ut slumpakkord for ein jobb.
- vurdere kva mannskap som trengst ut frå framdriftsplanen og arbeidsmengda.
- kontrollere varelager.
- rekne ut køyregodtgjersle.
- lage overslag over kostnader på større oppdrag.
Digitale ferdigheiter
Kvar dag vil blekkslagaren
- programmere datastyrte maskiner.
- søkje på internett og intranett.
- føre oversikt over sin eigne aktivitetar i kalendrar.
- skrive elektroniske avviksrapportar.
- sende og ta imot meldingar og e-postar.
- kommunisere med arbeidsgjevaren og kundar via digitale verktøy.
Med jamne mellomrom vil blekkslagaren
- sende inn opplysningar om utførte oppdrag til arbeidsgjevaren.
- dokumentere utført arbeid digitalt.
- sende e-postar med vedlegg..
- bruke ulike dataprogram som er knytte til arbeidsoppgåver
- søkje etter og svare på førespurnader om oppdrag på internett.
- spore varer og finne leveringstider.
- bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.
Av og til vil blekkslagaren
- leggje inn kontraktar og lagre dei elektronisk.
- ta bilete for å dokumentere avvik eller utført arbeid.
- bruke rekneark til diverse utrekningar.
- bruke GPS for å finne fram til rett destinasjon.
- søkje på internett etter produktinformasjon, lover og reglar.
- bruke e-læringsprogram for å fornye sertifiseringar.
- bruke digitale teikneprogram.
- bruke sosiale medium for å reklamere for si eiga verksemd.
- oppdatere elektronisk køyrebok.
- bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.
- bruke standard kontorprogramvare.
- bruke QR- og strekkodar når det trengst.