Hopp til hovudinnhald

Bussjåfør - grunnleggjande ferdigheiter på jobb

Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein bussjåfør.

Sist oppdatert : 21. november 2023

Last ned som PDF, Excel eller Word

Arbeidsoppgåver for bussjåførar

  • Sørgje for å frakte gods og passasjerar til rett destinasjon så presist og trygt som mogeleg.
  • Hjelpe passasjerar når det trengst.
  • Følgje trafikkreglar, køyre trafikksikkert og vurdere trafikkbiletet.
  • Forsikre seg om at bussen er i forskriftsmessig teknisk stand.

Det vil vere ein del ulikskapar mellom arbeidsoppgåvene til bussjåførar i byen og på landet.

Leseferdigheiter

Kvar dag vil bussjåføren

  • kontrollere billettar og annan reisedokumentasjon.
  • sjekke identitetskort og studentbevis.
  • lese skilt og instruksar i trafikken.
  • oppdatere seg på køyretilhøva.
  • finne fram i lister over vognnummer og rutenummer.
  • lese informasjon om passasjerar og bestillingar.
  • lese meldingar eller loggar frå tidlegare skift.
  • lese av fartsskrivarar ved lange turar og turar utanom faste skift.
  • lese symbol og meldingar på displayet til digitale fartsskrivarar.

Med jamne mellomrom vil bussjåføren

  • sjekke notat i loggboka for bussen.
  • lese informasjon om ruteendringar og nye rutinar.
  • lese avviksmeldingar.
  • lese rapportar frå verkstaden.
  • lese ruteforklaringar i kart eller GPS.
  • lese lister over kodar for ruter og skift.
  • lese meldingar om feil på køyrecompu.teren
  • lese skiftplanar.
  • lese meldingar og e-postar.

Av og til vil bussjåføren

  • kontrollere reglar og lovverk i sjåførhandboka.
  • lese opplæringsmateriell og interaktive læring.sprogram
  • setje seg inn i nye ruter.
  • slå opp i tekniske handbøker.
  • lese sendingsinformasjon på bagasje og pakkar.
  • lese tryggleiksinformasjon og rutinar for å køyre trygt.
  • lese i kvalitetshandboka på intranettet og lenkjer til regelverk.
  • lese informasjon som gjeld arbeidet.
  • lese køyre- og kviletidsføresegnene.
  • lese oppdatert informasjon og reglar som gjeld sertifiseringskrav.
  • lese informasjon og skjema om sitt eige arbeidsforhold.

Skriveferdigheiter

Kvar dag vil bussjåføren

  • loggføre sitt eige skift.
  • registrere passasjerar og bestillingar.
  • logge oppgjer.

Med jamne mellomrom vil bussjåføren

  • loggføre tekniske problem og avvik.
  • rapportere hendingar til overordna.
  • skrive informasjonslappar om hittegods.
  • skrive meldingar og e-postar.

Av og til vil bussjåføren

  • rapportere og dokumentere skadar på materiell eller menneske.
  • rapportere om og dokumentere hærverk og tjuveri.
  • vidareformidle klager frå passasjerar.
  • rapportere feilmeldingar frå køyrecomputeren til trafikkleiaren.
  • skrive avviksmeldingar.
  • skrive notat og oppgåvesvar i samband med opplæring.
  • fylle ut skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.

Munnlege ferdigheiter

Kvar dag vil bussjåføren

  • helse på passasjerar på ein hyggjeleg måte.
  • be om å få sjå reisedokumentasjon eller ta imot betaling.
  • annonsere stoppestader og moglegheiter for overgang.
  • gje instruksjonar og forklaringar til passasjerar over høgtalaranlegget.
  • svare på spørsmål frå passasjerane.
  • kommunisere med andre sjåførar med internt kommunikasjonsutstyr.
  • gje beskjed om eventuelle hendingar i sitt eige skift i samband med vaktskifte.

Med jamne mellomrom vil bussjåføren

  • melde frå om problem under køyring og be om hjelp.
  • løyse konfliktar med passasjerar.
  • handtere uventa situasjonar.
  • handtere kritikk på ein konstruktiv måte.
  • svare på spesielle førespurnader.
  • ta imot meldingar og instruksar frå overordna.
  • delta i lunsj- og pauseprat.

Av og til vil bussjåføren

  • kommunisere med overordna om behov for informasjon eller assistanse.
  • handtere nødssituasjonar.
  • høyre på opplæring i nye rutinar og regelverk.
  • samarbeide og snakke med andre som deltek i opplæring.
  • delta i møte og kome med innspel.
  • ha ein medarbeidarsamtale med leiaren sin.
  • varsle om hendingar eller ulukker.

Rekneferdigheiter

Kvar dag vil bussjåføren

  • sjekke om billettar og annan reisedokumentasjon er gyldige i reisetida.
  • kontrollere alder og om identitetskort for aldersavhengige rabattar er gyldige.
  • kontrollere betaling og gje rette vekslepengar.
  • kontrollere kontantbehaldninga mot talet på selde billettar på slutten av skiftet.
  • rekne ut rabattar.
  • rekne ut pris for heile grupper.
  • lese av og vurdere numerisk informasjon frå instrument på dashbordet.
  • sørgje for at bussen held rutetidene ved kvart stopp.

Med jamne mellomrom vil bussjåføren

  • loggføre si eiga køyring.
  • rekne ut når bussen vil komme til ein stad.
  • sjekke lufttrykket i dekka og fylle på rett mengd luft ved behov.
  • måle mønsterdjupna og vurdere om ho er god nok.
  • lese og finne fram i kart, GPS eller vegbok.
  • vurdere høgda og lengda på køyretøyet fo.r å køyre trygt.

Av og til vil bussjåføren

  • vurdere om talet på passasjerar er høgare enn lova tillèt.
  • vurdere og melde frå om tekniske avvik.
  • kontrollere sin eigen lønsslipp.
  • vurdere oppdrag og vidare køyring ut frå køyre- og kviletidsføresegnene.

Digitale ferdigheiter

Kvar dag vil bussjåføren

  • bruke ei skiltkasse med destinasjonsoversikt.
  • lese av instrument på dashbordet i bussen.
  • loggføre sitt eige skift.
  • bruke billetteringssystem.
  • bruke fartsskrivar.

Med jamne mellomrom vil bussjåføren

  • bruke GPS til å finne fram og vurdere framkomsttider.
  • levere rekneskap.
  • lese og bruke digitale timelister.
  • sende meldingar og e-postar.
  • skrive logg for bruk av verkstaden.
  • bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.

Av og til vil bussjåføren

  • dokumentere avvik og ulukker via intranettet.
  • ta bilete for å dokumentere uhell og liknande.
  • lagre bilete som dokumentasjon.
  • finne fram til HMS-regelverk og krav til kviletider og anna via internett eller intranettet.
  • loggføre hendingar ved hjelp av meldingar eller e-postar med vedlegg.
  • sende og fylle ut kontraktar digitalt.
  • bruke ulike læringsressursar..
  • oppdatere seg på ISO-godkjenningar og EU/EØS-regelverket.
  • hjelpe kundar med elektroniske betalingstenester.
  • bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.
  • bruke QR- og strekkodar når det trengst.