Butikkmedarbeidar - grunnleggjande ferdigheiter på jobb
Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein butikkmedarbeidar.
Sist oppdatert : 21. november 2023Last ned som PDF, Excel eller Word
Arbeidsoppgåver for butikkmedarbeidarar
- Ekspedere og rettleie kundar.
- Byggje kunderelasjonar.
- Pakke opp og organisere varer.
- Kontrollere varelager, prisar og merking av varer.
- Arbeide som del av eit team.
- Arbeide hygienisk og effektivt.
Leseferdigheiter
Kvar dag vil butikkmedarbeidaren
- lese og kontrollere merking av hyller.
- lese produktinformasjon på varer.
- lese og kontrollere legitimasjon og rabattkort.
- lese dokument og pakksetlar ved mottak av varer.
- sjekke holdbarhetsdatoer.
Med jamne mellomrom vil butikkmedarbeidaren
- lese varebestillingar frå kundar.
- sjekke varedeklarasjonar, bruksrettleiingar og garantiar.
- lese og forstå tilbod og informasjon om varer frå ulike leverandørar.
- sjekke leveringstider og kor mykje varer butikken har på lager.
- lese reklamemateriell og oppslag i butikken.
- lese skiftplanar.
- lese vare- og sendingsinformasjon.
- lese innlegg og reaksjonar på sosiale medium.
- lese meldingar og e-postar.
- lese rapportar og referat.
Av og til vil butikkmedarbeidaren
- lese informasjon og skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
- lese og kontrollere rekvisisjonar.
- lese rutinar og reglar for handtering av avvik.
- lese informasjon om HMS.
- lese og kontrollere fakturagrunnlag.
- lese materiell i samband med kurs og anna opplæring.
Skriveferdigheiter
Kvar dag vil butikkmedarbeidaren
- skrive logg frå sitt eige skift.
- skrive beskjedar og påminningar til seg sjølv og andre.
- kvittere for mottekne varer.
Med jamne mellomrom vil butikkmedarbeidaren
- notere førespurnader frå kundar og leverandørar.
- fylle ut skjema i samband med klager og reklamasjonar.
- fylle inn kassaoppgjer.
- skrive informasjon og instruksjonar til kollegaer og leiaren sin.
- skrive meldingar og e-postar.
Av og til vil butikkmedarbeidaren
- fylle ut og kvittere på rekvisisjonar.
- notere nye rutinar.
- skrive oppslag og skilt med informasjon til kundar.
- dokumentere avvik og hendingar i sitt eige arbeid.
- skrive notat og oppgåvesvar i kurssamanheng.
- fylle ut skjema og søknader som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
- skrive fakturagrunnlag.
- skrive innlegg og svare på meldingar på sosiale medium.
- fylle ut bestillingslister.
Munnlege ferdigheiter
Kvar dag vil butikkmedarbeidaren
- ta imot og svare på førespurnader.
- få kundane til å kjenne seg velkomne.
- formidle bransjekunnskap til kundar.
- rettleie og finne fram til kva kundane treng.
- presentere ulike produkt og kampanjar for kundane.
- rapportere munnleg om hendingar i sitt eige skift.
- snakke med kollegaer og leiarar for å koordinere arbeidet.
- informere kundar om medlemsfordelar.
- dele informasjon med kollegaer ved vaktskifte.
Med jamne mellomrom vil butikkmedarbeidaren
- ta imot og handsame klager og reklamasjonar frå kundar.
- drøfte arbeidstid og skiftavvikling.
- få informasjon frå kollegaer og leiarar.
- snakke med distributørar og transportarbeidarar.
- forstå kor viktig det er å yte service og kjenne godt til ulike kommunikasjonssituasjonar.
- delta i lunsj- og pauseprat.
- rettleie kundar som bruker sjølvbetente kasser.
Av og til vil butikkmedarbeidaren
- få informasjon om nye system, rutinar og produkt.
- delta i HMS-opplæring.
- få rettleiing om riktige arbeidsstillingar og arbeidsteknikkar.
- snakke med ein leiar om sine eigne arbeidstilhøve og opplæringsbehov.
- diskutere og kome med innspel til verneombodet.
- rapportere munnleg om hendingar i sitt eige skift til leiarar eller kollegaer.
Rekneferdigheiter
Kvar dag vil butikkmedarbeidaren
- sjekke at varemengda stemmer med fakturaen ved leveransar.
- kontrollere kunden si kvittering ved klager.
- telje og kontrollere betaling og vekslepengar når ein ekspederer kundar.
- telje, vege eller måle opp varer til kundar.
- vurdere varemengd ut frå kundar si skildring av behov og pris.
- forstå symbol og produktkodelister.
- kontrollere kassa ved vaktskifte eller på slutten av dagen.
- kontrollere datoen på dei ulike varene og rekne ut kor mange salsdagar som er att.
- plassere varer i rett rekkjefølgje etter dato.
Med jamne mellomrom vil butikkmedarbeidaren
- kontrollere sin eigen lønsslipp.
- fylle ut timelister.
- rekne ut prisar og avslag som er gjevne i prosent.
- tolke og kontrollere rekningar og fakturaer.
- vurdere tilbod og informasjon om varer frå ulike leverandørar.
- kontrollere og vurdere prisar på varer.
- lese av måleinstrument i butikken.
Av og til vil butikkmedarbeidaren
- kontrollere varelager.
- rekne ut sin eigen skatt eller sine eigne feriepengar.
- gjere overslag over mengder ved innkjøp.
Digitale ferdigheiter
Kvar dag vil butikkmedarbeidaren
- handtere ulike kassaapparat.
- søkje i databasar.
- handtere kortterminalar.
- registrere og kontrollere varer med vareskannar.
- føre elektronisk timeregistrering.
- sjekke og hjelpe kundar med sjølvbetente kasser.
Med jamne mellomrom vil butikkmedarbeidaren
- sjekke vareinformasjon på internett.
- kommunisere med kundar og leiinga på e-post.
- bestille varer via elektroniske katalogar.
- bestille varer med ut frå skanna oversikter over kva varer som manglar.
- registrere mottekne varer digitalt.
- leggje inn kundedata i butikken sine register.
- sende og ta imot meldingar og e-postar.
- bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.
Av og til vil butikkmedarbeidaren
- ta bilete for å dokumentere hendingar eller avvik.
- bruke tenestene til banken for å levere oppgjer.
- lagre og finne fram kampanjemateriell i arkiv.
- hjelpe kundar med elektroniske betalingstenester.
- finne fram til informasjon om rettar ved kjøp og sal på offentlege nettstader.
- oppdatere seg på HMS ved hjelp av digitale ressursar.
- søkje på internett for å sjekke om varer kan innehalde skadelege stoff.
- bruke ulike opplæringsressursar.
- bruke sosiale medium for å reklamere for si eiga verksemd.
- halde seg oppdatert på miljøkrav som gjeld for avfallshandtering.
- bruke QR- og strekkodar når det trengst.
- bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.
- bruke standard kontorprogramvare.