Driftsteknikar - grunnleggjande ferdigheiter på jobb
Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein driftsteknikar (vaktmeister).
Sist oppdatert : 21. november 2023Last ned som PDF, Excel eller Word
Arbeidsoppgåver for driftsteknikarar
- Gjennomføre driftskontroll av tekniske anlegg.
- Kontrollere vatn, avløp, kjøle- og varmeanlegg.
- Vedlikehalde utstyr og maskiner.
- Bestille varer og tenester.
- Handsame avfall.
- Kjenne til reglar, standardar og lovverk og kunne dokumentere hendingar og avvik.
- Ha oversikt over budsjett og økonomi knytt til arbeidet.
- Følgje HMS-rutinar.
Leseferdigheiter
Kvar dag vil driftsteknikaren
- lese forklaringar og instruksjonar.
- skrive korte notat og skjema.
- lese lister over ulike arbeidsoppgåver.
- lese skilt og oppslag om tryggleik.
- lese av målarar og overvakingsutstyr.
Med jamne mellomrom vil driftsteknikaren
- lese møtereferat.
- lese bruksrettleiingar for nytt utstyr og nye produkt.
- lese instruksjonar og styringsdokument.
- lese rapportar.
- lese HMS-informasjon.
- lese retningslinjer om handsaming av spesialavfall og krav til kjeldesortering.
- lese informasjon om nye eller endra interne rutinar.
- lese dokument og pakksetlar ved mottak av varer.
- lese meldingar og e-postar.
Av og til vil driftsteknikaren
- lese utdrag frå lover og avtalar.
- lese rutinar og informasjon om handtering av brannfarlege stoff.
- lese informasjon og skjema om sitt eige arbeidsforhold.
- lese kurs- og opplæringsplanar for sertifiseringar og oppdateringar.
- lese og oppdatere seg på energiøkonomiseringstiltak.
- lese fagblad.
- lese datablad.
- lese kommunale forskrifter for handsaming av avfall.
- lese arbeidskontraktar og skjema som gjeld tilsetjingsforholdet.
- lese og halde seg oppdatert på kontraktar og avtalar.
Skriveferdigheiter
Kvar dag vil driftsteknikaren
- skrive korte notat.
- fylle ut sjekklister for kvalitet og avvik.
- skrive korte meldingar til seg sjølv eller andre.
- kvittere, signere og attestere på skjema.
- bruke arbeidsplanar og fylle ut skjema som dokumentasjon til leiarar, firma og eigarar.
Med jamne mellomrom vil driftsteknikaren
- rapportere avvik og hendingar til leiarar eller eigarar.
- bestille varer og fylle ut bestillingsskjema.
- notere førespurnader frå bebuarar og leverandørar.
- kvittere for mottekne varer.
- skrive oppslag til bebuarar eller tilsette.
- skrive meldingar og e-postar til leiarar, bebuarar, leigetakarar og leverandørar.
Av og til vil driftsteknikaren
- notere nye rutinar for seg sjølv eller andre.
- skrive brev og søknader.
- skrive dokument for administrativ styring og intern informasjon.
- ta notat frå kurs og opplæringsprogram.
- skrive rapportar over utført arbeid.
- skrive arbeidsordrar og skaffe signaturar frå eigarar eller leiarar.
- lage lister over kva utstyr og maskiner som trengst.
- fylle ut skjema og søknader som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
- ajourføre driftsdokumentasjon og teknisk dokumentasjon.
- leggje ut informasjon på interne kommunikasjonskanalar.
Munnlege ferdigheiter
Kvar dag vil driftsteknikaren
- helse på bebuarar, kollegaer eller eigarar.
- snakke med kollegaer eller leiarar for å koordinere arbeidet.
- gje og ta imot meldingar og instruksjonar.
- forklare arbeidet som blir utført.
- planleggje jobben saman med oppdragsgjevaren.
Med jamne mellomrom vil driftsteknikaren
- høyre og svare på forklaringar frå bebuarar, leigetakarar, leiarar, leverandørar eller kollegaer.
- føreslå endringar i oppgåver og arbeidsmetodar.
- få instruksjonar og diskutere arbeidet med overordna.
- forklare problem eller oppgåver for innleigd fagpersonell.
- delta i lunsj- og pauseprat.
Av og til vil driftsteknikaren
- varsle om og kommunisere omkring hendingar eller ulukker.
- delta i intern og ekstern opplæring.
- seie frå dersom noko er uklart.
- diskutere framgangsmåtar med arbeidsleiaren eller andre tilsette.
- orientere nytilsette og vikarar.
- melde frå om sjukdom og fråvær.
- snakke med leverandørar.
- ha medarbeidarsamtalar med leiaren sin.
Rekneferdigheiter
Kvar dag vil driftsteknikaren
- bruke arbeidsteikningar og rekne om til full storleik.
- vurdere kor mykje tid det vil ta å utføre ein jobb.
- rekne ut kor mykje materiell og utstyr som går med til ein jobb.
- lese av målarar for trykk og mengder.
Med jamne mellomrom vil driftsteknikaren
- fylle ut timelister.
- vurdere tilbod og informasjon om varer frå ulike leverandørar.
- kontrollere rekningar og fakturaer.
- gjere overslag eller rekne ut kostnader for ein jobb.
- kontrollere sin eigen lønsslipp.
- rekne ut kor mykje materiell som vil gå med.
Av og til vil driftsteknikaren
- vurdere behovet for arbeidskraft etter framdriftsplan og arbeidsmengd.
- sjekke budsjett og kome med innspel til arbeidsoppgåver.
- rekne ut køyregodtgjersle.
- rekne ut kostnader ved å leige inn arbeidskraft.
- regne ut kor mykje ressursar ein har brukt samanlikna med det som var venta.
Digitale ferdigheiter
Kvar dag vil driftsteknikaren
- føre oversikt over sin eigen aktivitet i ein kalender.
- sende og ta imot meldingar og e-postar.
- sjekke avtalar med leverandørar, leiarar eller bebuarar.
- leggje inn avvik i skjema.
Med jamne mellomrom vil driftsteknikaren
- fylle inn opplysningar om utført arbeid.
- sende e-postar med vedlegg.
- føre elektronisk timeliste.
- bruke ulike standardprogram.
- leggje inn tal og opplysningar i rekneark.
- sjekke vareinformasjon på internett.
- bestille varer på nettet.
- bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.
Av og til vil driftsteknikaren
- søkje etter produktinformasjon, lover og reglar.
- leggje inn kontraktar og lagre dei elektronisk.
- bruke bilete for å dokumentere uhell og liknande.
- finne oppdatert HMS-regelverk på nettet.
- sjekke internett for nye miljøføresegner.
- bruke ulike læringsressursar.
- samanlikne prisar frå forskjellige leverandørar på internett.
- leggje ut og svare på anbodsførespurnader på nettet.
- lagre serviceavtalar med leverandørar.
- bruke sosiale medium for å halde seg oppdatert og reklamere for si eiga verksemd.
- oppdatere elektronisk køyrebok.
- bruke standard kontorprogramvare.
- bruke QR- og strekkodar når det trengst.
- bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.