Hopp til hovudinnhald

Elektrikar - grunnleggjande ferdigheiter på jobb

Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein elektrikar.

Sist oppdatert : 21. november 2023

Last ned som PDF, Excel eller Word

Arbeidsoppgåver for elektrikarar

  • Lese bygningsteikningar, planar og instruksar.
  • Vurdere kva utstyr og materiell og kor mykje tid som trengst for å gjere ein jobb.
  • Montere elektriske anlegg som skildra i bygningsteikningar.
  • Følgje produkt- og montasjerettleiingar.
  • Dokumentere kvalitet og avvik i arbeidet.
  • Følgje HMS-rutinar.
  • Kommunisere med kundar og kollegaer for å gjere ein jobb.
  • Instruere i korleis nytt utstyr skal brukast.

Leseferdigheiter

Kvar dag vil elektrikaren

  • lese bygningsteikningar, arbeidsordrar og planar.
  • lese merkenamn og modellnummer på artiklar.
  • lese skilt og tryggleiksinstruksjonar.
  • lese og kontrollere lister over delar og serienummer.
  • lese av måleresultat frå elektronisk måleverktøy.
  • lese meldingar og e-postar.

Med jamne mellomrom vil elektrikaren

  • lese skildringar og installasjonsinstruksar som har med arbeidet å gjere.
  • lese HMS-informasjon.
  • lese detaljerte arbeidsinstruksjonar.
  • lese detaljerte jobbspesifikasjonar.
  • lese opplæringsmateriell for sertifisering.
  • lese produkt- og montasjerettleiingar frå produsentar.

Av og til vil elektrikaren

  • lese utdrag frå lovverk, forskrifter og standardar.
  • lese informasjon som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
  • lese miljø- og avfallsplanar.
  • lese kart og GPS.
  • lese dokument og pakksetlar ved mottak av varer.
  • lese bedrifta sine interne prosedyrar og instruksar.

Skriveferdigheiter

Kvar dag vil elektrikaren

  • skrive korte notat og kvittere på skjema.
  • fylle ut skjema om kvalitet og avvik i arbeidet.
  • loggføre og dokumentere sitt eige arbeid.
  • skrive korte instruksjonar når ein bestiller delar.
  • skrive samsvarserklæringar for utført arbeid.
  • fylle ut timelister og arbeidstidsskjema.

Med jamne mellomrom vil elektrikaren

  • skrive korte meldingar og instruksar.
  • lage oversikter over brukt materiell.
  • skrive fakturagrunnlag.
  • fylle ut arbeidslister.
  • skrive detaljerte lister over utstyr og verktøy som trengst til ei oppgåve.
  • fylle ut arbeidsordrar og tilleggsbestillingar som kunden skal godkjenne.
  • skrive meldingar og e-postar.

Av og til vil elektrikaren

  • fylle ut skjema for å kartleggje risiko.
  • utarbeide dokumentasjon og korte rapportar som dokumenterer at arbeid er gjort etter dei gjeldande standardane.
  • skrive notat eller forklaringar ved opplæring og kurs.
  • svare skriftleg på spørjeskjema.
  • fylle ut avviksskjema i samband med alvorlege hendingar.
  • fylle ut skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.

Munnlege ferdigheiter

Kvar dag vil elektrikaren

  • skildre arbeidet og gjere avtalar med kundar om tid og kostnader.
  • samarbeide og koordinere med andre aktørar på same byggjeplass.
  • kommunisere med kollegaer om daglege oppgåver.
  • rapportere om framgangen i arbeidet.
  • delta i lunsj- og pauseprat.
  • høyre på forklaringar av arbeidsplanen for dagen.

Med jamne mellomrom vil elektrikaren

  • snakke med forskjellige leverandørar for å innhente tilbod på varer og tenester.
  • høyre på og svare på munnlege instruksjonar og delta i opplæring.
  • ta imot korte instruksar og diskutere arbeidet med overordna og kollegaer.
  • forklare for kundane korleis dei kan bruke elektriske artiklar på rett måte.
  • diskutere og føreslå endringar i planar.

Av og til vil elektrikaren

  • diskutere problem med framgangsmåtar eller utføring med arbeidsleiarar eller andre aktørar.
  • forklare og diskutere med kundar når det gjeld materialval og korleis ein skal løyse problem.
  • diskutere spørsmål med andre underleverandørar når det oppstår problem.
  • svare på munnlege spørsmål i opplæring og trening.
  • snakke med personar som er involverte i oppfølginga av lærlingar.
  • diskutere og kome med innspel om arbeidsmiljøet.
  • varsle om og kommunisere omkring hendingar eller ulukker.
  • ha ein medarbeidarsamtale med leiaren sin.

Rekneferdigheiter

Kvar dag vil elektrikaren

  • gjere kostnadsoverslag.
  • rekne ut totalsummar for oppdrag, med og utan moms.
  • kjenne att rett utgåve og tolke serienummer på utstyr.
  • måle og registrere storleikar.
  • vurdere kor mykje tid det vil ta å utføre ein jobb.
  • bruke målestokk.
  • tolke arbeidsteikningar.
  • rekne ut mengder som trengst for å gjere ein jobb.

Med jamne mellomrom vil elektrikaren

  • kontrollere sin eigen lønsslipp.
  • halde oversikt over varelager.
  • rekne ut kor mykje materiell som trengst til ein jobb.
  • samanlikne prisar frå ulike leverandørar.
  • fylle ut timelister.
  • rekne ut køyreavstand.
  • bruke kart, GPS og vegbok for å rekne ut avstandar og finne dei beste rutene.
  • kontrollere rekningar og fakturaer.
  • setje opp fakturagrunnlag.

Av og til vil elektrikaren

  • rekne ut si eiga akkordløn.
  • velje akkord eller anbod.
  • rekne ut kor mykje materiell som trengst og storleiken på prosjekt.
  • vurdere kva mannskap som trengst ut frå framdriftsplanen og arbeidsmengda.
  • kontrollere varelager.

Digitale ferdigheiter

Kvar dag vil elektrikaren

  • kommunisere med arbeidsgjevaren og kundar via digitale verktøy.
  • leggje inn og sjekke oppdrag og avtalar i kalenderen.
  • gjere avtalar med kundar via e-post og meldingar.
  • bestille delar frå fjernlager og leverandørar via internett.
  • bruke elektronisk utstyr til å gjere målingar.
  • søkje etter informasjon og instruksjonar på internett og intranettet.

Med jamne mellomrom vil elektrikaren

  • fylle inn opplysningar om utførte oppdrag i elektroniske skjema.
  • sjekke leveringstider og leveringsvilkår hos forskjellige leverandørar via internett.
  • sende e-postar med vedlegg.
  • fylle ut elektroniske timelister.
  • kontrollere at elektronisk fakturagrunnlag er rett.
  • sjekke lagerstatus i elektronisk lagerbehaldning.
  • spore varer og finne leveringstider.
  • sjekke anbodstenester på internett.
  • bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.
  • bruke ulike føremålstenlege dataprogram.
  • ta bilete som dokumentasjon.
  • bruke ulike læringsressursar.

Av og til vil elektrikaren

  • sjekke standardar og lover i elektroniske basar.
  • sende inn anbod – prisoverslag som vedlegg til e-post.
  • bruke utrekningsverktøy for å endre og vurdere anbod.
  • skrive kontraktar og lagre dei i elektroniske arkiv.
  • melde ombygging/nyanlegg for godkjenning via elektroniske skjema.
  • bruke sosiale medium for å halde seg oppdatert og reklamere for si eiga verksemd.
  • oppdatere elektronisk køyrebok.
  • bruke standard kontorprogramvare.
  • samanlikne prisar hos ulike leverandørar.
  • bestille varer for levering til kundar i samband med større oppdrag.
  • bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.
  • bruke QR- og strekkoder ved behov.