Frisør - grunnleggjande ferdigheiter på jobb
Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein frisør.
Sist oppdatert : 21. november 2023Last ned som PDF, Excel eller Word
Arbeidsoppgåver for frisørar
- Klippe, style og rettleie kundar.
- Byggje kunderelasjonar.
- Rydde og vaske.
- Bestille varer og føre lagerlister.
- Arbeide som del av eit team.
- Arbeide hygienisk og effektivt.
Leseferdigheiter
Kvar dag vil frisøren
- lese vaktlister.
- lese produktinformasjon på varer.
- lese og kontrollere betalingskort.
- lese dokument og pakksetlar ved mottak av varer.
- lese produktinnhaldslister for å sjekke allergen og produktinnhald.
- lese timeavtalar.
- lese meldingar frå kundar.
Med jamne mellomrom vil frisøren
- lese innlegg og artiklar som gjeld frisøryrket, for å halde seg oppdatert.
- lese og forstå tilbod og informasjon om varer frå ulike leverandørar.
- sjekke leveringstider og varebehaldninga på lager.
- lese e-post.
- lese informasjon om avfallsrutinar for ulike produkt.
Av og til vil frisøren
- lese informasjon som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
- lese planar for kampanjar og spesialtilbod til kundane.
- lese innlegg og reaksjonar på sosiale medium.
- lese rutinar og reglar for handtering av avvik.
- lese HMS-informasjon.
- lese og kontrollere fakturagrunnlag.
- lese faglitteratur i samband med kurs og anna opplæring.
- lese bruksrettleiingar og introduksjonar for ulike kjemikaliar.
Skriveferdigheiter
Kvar dag vil frisøren
- skrive beskjedar og påminningar til seg sjølv og andre.
- kvittere for og registrere mottekne varer.
- dokumentere at rutinar for produkt- og avfallshandtering er gjennomførte på rett vis.
- skrive inn avtalar i ein kalender.
Med jamne mellomrom vil frisøren
- notere førespurnader frå kundar og leverandørar.
- fylle ut skjema i samband med avvik og reklamasjonar.
- skrive meldingar og e-postar til kundar og andre.
- fylle ut bestillingslister.
Av og til vil frisøren
- notere nye rutinar.
- skrive oppslag og skilt med informasjon til kundar.
- dokumentere avvik og hendingar i sitt eige arbeid.
- skrive notat og oppgåvesvar i kurssamanheng.
- fylle ut skjema og søknader som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
- skrive innlegg og svare på meldingar på sosiale medium.
Munnlege ferdigheiter
Kvar dag vil frisøren
- ta imot og svare på førespurnader.
- forstå kor viktig det er å yte service og kjenne til ulike kommunikasjonssituasjonar.
- formidle bransjekunnskap til kundar.
- rettleie og finne fram til kva kundane treng.
- presentere ulike produkt og kampanjar for kundane.
- rapportere munnleg om hendingar under sitt eige skift.
- snakke med kollegaer og leiarar for å koordinere arbeidet.
- informere kundar om medlemsfordelar.
Med jamne mellomrom vil frisøren
- ta imot og handsame klager og reklamasjonar frå kundar.
- drøfte arbeidstid og skiftavvikling.
- få informasjon frå kollegaer og leiarar.
- snakke med distributørar og leverandørar.
- rettleie kundar om bruk av betalingsløysingar.
- informere om allergeninnhald i produkt.
Av og til vil frisøren
- få informasjon om nye system, rutinar og produkt
- delta i opplæring.
- få rettleiing om riktige arbeidsstillingar og arbeidsteknikkar.
- snakke med ein leiar om sine eigne arbeidstilhøve og opplæringsbehov.
- diskutere og kome med innspel til verneombodet og dei tillitsvalde.
- rapportere munnleg om hendingar i sitt eige skift til leiarar eller kollegaer.
- handtere misnøgde kundar.
- kunne handtere ulike situasjonar.
- ha ein medarbeidarsamtale med leiaren sin.
Rekneferdigheiter
Kvar dag vil frisøren
- sjekke at varemengda stemmer med fakturaen ved leveransar.
- telje og kontrollere betaling og vekslepengar når ein ekspederer kundar.
- rekne ut rett mengd produkt til ein kunde.
- forstå symbol og produktkodelister.
- kontrollere kassa ved vaktskifte eller på slutten av dagen.
- kontrollere utløpsdatoen på ulike varer.
- plassere varer i rett rekkjefølgje etter dato.
- sjekke avtalene for dagen.
- vurdere kor mykje tid som vil gå med til ulike kundar ut frå typen behandling.
Med jamne mellomrom vil frisøren
- kontrollere sin eigen lønsslipp.
- fylle ut timelister.
- rekne ut prisar og avslag som er gjevne i prosent.
- kontrollere fakturaer.
- vurdere tilbod frå ulike leverandørar.
- kontrollere og vurdere prisar på varer.
Av og til vil frisøren
- kontrollere varelager.
- rekne ut sin eigen skatt eller sine eigne feriepengar.
- gjere overslag over mengder ved innkjøp.
Digitale ferdigheiter
Kvar dag vil frisøren
- søkje i databasar.
- ha oversikt over kundeavtalar.
- registrere og kontrollere varer.
- bruke timeregistrering.
- bruke ulike betalingsløysingar.
Med jamne mellomrom vil frisøren
- sjekke vareinformasjon.
- bestille varer.
- registrere mottekne varer.
- leggje inn kundedata i salongen sine register.
- sende og ta imot meldingar og e-postar.
- bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.
Av og til vil frisøren
- ta bilete for å dokumentere hendingar eller avvik.
- bruke tenestene til banken for å levere oppgjer.
- finne HMS-informasjon.
- søkje på internett for å sjekke om varer kan innehalde skadelege stoff.
- bruke ulike opplæringsressursar.
- bruke sosiale medium for å reklamere for si eiga verksemd.
- halde seg oppdatert på miljøkrav som gjeld for avfallshandtering.
- bruke QR- og strekkodar når det trengst.
- bruke sosiale medium for å halde seg oppdatert på trendar.
- bruke standard kontorprogramvare.
- bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.