Hopp til hovudinnhald
Ustabilt påmeldingssystem til våre arrangementer

Vår leverandør har tekniske utfordringer med påmelding til våre arrangementer. Dersom du opplever problemer med å melde deg på, anbefaler vi at du prøver igjen litt senere. Du skal motta en automatisk bekreftelse når påmeldingen er registrert. Takk for tålmodigheten, og vi beklager eventuelle ulemper.

Frivillig verv - grunnleggjande ferdigheiter

Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidet i eit frivillig verv.

Sist oppdatert : 28. oktober 2023

Last ned som PDF, Excel eller Word

Det å ha ulike verv i ein organisasjon inneber å

  • delta på møte, både fysiske og nettbaserte.
  • samhandle med andre frivillige.
  • setje seg inn i oppgåvene til styret/organisasjonen.
  • vere til stades på dei ulike kanalane til organisasjonen.

Lesing

  • lese meldingar og e-postar
  • lese vaktlister og frammøtelistar
  • lese meldingar
  • lese diverse oppslag
  • lese innlegg på sosiale medium
  • lese saklister og referat

Skriving

  • skrive korte meldingar til seg sjølv eller andre
  • fylle inn kassaoppgjer
  • kvittere ut, signere og attestere på skjema
  • skrive meldingar og e-postar
  • skrive oppslag
  • skrive innlegg på sosiale medium
  • skrive saklister
  • oppdatere medlemslister
  • lage vaktlister
  • skrive instruksjonar
  • skrive referat

Munnlege ferdigheiter

  • ta imot instruksar frå andre
  • snakke med andre frivillige om arbeidsoppgåver
  • ta imot og gje korte beskjedar
  • snakke i telefonen
  • delta i pauseprat
  • varsle om akutte hendingar eller ulukker
  • seie frå dersom noko er uklart
  • melde frå om sjukdom og fråvær
  • føreslå endringar i oppgåver og arbeidsmetodar
  • gje instruksar til andre medlemar eller frivillige
  • gje opplæring til andre
  • delta i opplæring

Rekning

  • telje pengar ved kassaoppgjer
  • halde oversikt over vekslepengar
  • bruke dei fire reknemåtane
  • fylle ut timelister
  • gjere overslag over mengder ved innkjøp
  • gjere overslag ved betaling
  • halde oversikt over betalande medlemar
  • føre rekneskap
  • halde oversikt ved stemmegjeving
  • ha oversikt over hendingar i ein kalender
  • rekne ut køyregodtgjersle
  • betale rekningar
  • skrive reiserekning

Digitale ferdigheiter

  • sende og ta imot meldingar og e-postar
  • sjekke møte eller avtalar
  • finne ulike skjema på internett
  • bruke standard kontorprogramvare
  • sende og ta imot bestillingslister
  • hjelpe kundar med betalingsløysingar
  • bruke QR- og strekkodar når det trengst
  • bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon
  • bruke ulike program i opplæringstiltak
  • bruke ulike betalingsløysingar
  • fylle inn opplysningar i kassaoppgjersskjema
  • bruke kalkulator
  • bruke skannar
  • sende inn reiserekning
  • bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver