Hopp til hovudinnhald

Helsesekretær – grunnleggjande ferdigheiter på jobb

Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein helsesekretær.

Sist oppdatert : 19. desember 2023

Last ned som PDF, Excel eller Word

Arbeidsoppgåver for helsesekretærar

  • Drive med førebyggjande helsearbeid.
  • Dei vanlegaste undersøkingsmetodane, laboratoriearbeid og skiftestove- og assistansearbeid.
  • Rettleie pasientar, brukarar og pårørande om ulike instansar i helse- og sosialtenesta.
  • Gjere tiltak som fremjar helse, service og trivsel.

Leseferdigheiter

Kvar dag vil helsesekretæren

  • lese skilt, logoar og symbol på medikament.
  • lese vaktlister.
  • lese meldingar frå kollegaer og leiarar.
  • lese vekeplanar.
  • lese timeavtalar.
  • lese diverse oppslag.
  • lese resultat frå laboratoriearbeid.
  • lese meldingar og e-postar.

Med jamne mellomrom vil helsesekretæren

  • lese ulike skjema.
  • lese pasientdokumentasjon.
  • lese og orientere seg i faglitteratur.

Av og til vil helsesekretæren

  • lese HMS-informasjon.
  • lese kvalitetskrav som gjeld korleis yrket skal utøvast.
  • lese skjema og informasjon som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
  • lese informasjonsskriv frå leiinga.
  • lese ulike tekstar i samband med opplæring.

Skriveferdigheiter

Kvar dag vil helsesekretæren

  • fylle ut skjema.
  • skrive rapportar i journalen.
  • skrive meldingar til kollegaer, leiinga og pårørande.
  • skrive inn timeavtalar.
  • skrive ned resultat frå laboratoriearbeid.

Med jamne mellomrom vil helsesekretæren

  • fylle ut timelister.
  • fylle ut bestillingslister.
  • bestille svar på medisinske testar.
  • skrivemeldingar og e-postar.
  • kvittere for mottekne varer.

Av og til vil helsesekretæren

  • fylle ut skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
  • skrive oppslag.
  • sende tilvisingar til ulike instansar i helsevesenet.

Munnlege ferdigheiter

Kvar dag vil helsesekretæren

  • høyre etter kva pasienten ønskjer og treng.
  • høyre på instruksar frå leiarar eller andre kollegaer.
  • småprate med pasientar.
  • ta imot beskjedar frå kollegaer.
  • høyre på rapportering.
  • gje rapport til kollegaer.
  • be om hjelp frå kollegaer og forklare kva ein treng hjelp til.
  • prate med leiarar og kollegaer om arbeidsoppgåvene og planane for dagen.
  • ta imot telefonbeskjedar.

Med jamne mellomrom vil helsesekretæren

  • snakke med pårørande om pasienten.
  • snakke med kollegaer om pasienten.
  • delta i lunsj- og pauseprat.

Av og til vil helsesekretæren

  • snakke med leiarar og kollegaer om sin eigen arbeidssituasjon.
  • kommunisere med pasientar i ulike livssituasjonar.
  • informere om pasientrettar.
  • bruke ulike konflikthandteringsstrategiar.
  • bruke rett fagterminologi.
  • gjere greie for kjenneteikn på god allmenntilstand.
  • gje rettleiing om følgjer av legemiddelbruk.
  • ha ein medarbeidarsamtale med den næraste leiaren sin.

Rekneferdigheiter

Kvar dag vil helsesekretæren

  • måle opp og porsjonere ut legemiddel.
  • rekne ut resultat frå laboratoriearbeid.
  • setje opp avtalar.
  • registrere betaling for legebesøk.

Med jamne mellomrom vil helsesekretæren

  • kontrollere varelager.
  • bestille varer.
  • kontrollere sin eigen lønsslipp.
  • ta kassaoppgjer.
  • kontrollere datoen på ulike produkt.
  • forstå symbol og produktkodelister.

Av og til vil helsesekretæren

  • lese statistikk, tabellar og grafar.
  • vurdere blandingsforhold ein møter på i arbeidet sitt.
  • gjere overslag i samband med innkjøp.

Digitale ferdigheiter

Kvar dag vil helsesekretæren

  • sjekke møte og avtalar.
  • registrere arbeidstid.
  • rapportere via journal.
  • registrere resultat frå laboratoriearbeid.
  • bruke standard kontorprogramvare.
  • logge inn i ulike tenester.
  • sende og ta imot meldingar og e-postar.

Med jamne mellomrom vil helsesekretæren

  • finne skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
  • finne oppdatert informasjon frå heimesidene til kommunen.
  • finne fram tiltaksplanar i journalar.
  • sende e-postar med vedlegg.

Av og til vil helsesekretæren

  • sjekke HMS-rutinar på nettet.
  • bruke ulike program i opplæringstiltak.
  • bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.
  • bruke smarttelefon og nettbrett med ulike appar knytte til oppgåver.
  • bruke QR- og strekkodar når det trengst.
  • hjelpa kundar med betalingstenester.