HMS-hygiene - grunnleggjande ferdigheiter på jobb
Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidet med HMS-hygiene på arbeidsplassen.
Sist oppdatert : 21. november 2023Last ned som PDF, Excel eller Word
Lesing
- setje seg inn i relevante tryggleiksrutinar
- lese og forstå rutinar i samband med brann og bruk av brannsløkkingsapparat
- lese og forstå instruksar for førstehjelp og korleis ein brukar førstehjelpsutstyr
- lese og forstå tryggleiksinstruksar for verktøy, maskiner og verneutstyr
- lese og forstå skilt og oppslag
- lese og forstå forkortingar, symbol og kodar
- lese meldingar
- lese og forstå loggførte hendingar
- lese opplæringsmateriell
- lese og forstå reglar for arbeidsklede, eingongsutstyr og reinhaldssoner
- lese og forstå hygienereglar for garderoben
- lese og forstå reglar for persontrafikk mellom soner
- lese og forstå reglar for personleg hygiene som til dømes handvask
- lese og forstå reglar for reinhald av maskiner og utstyr
- lese og forstå førebyggjande tiltak ved sjukdom og skadar
- lese og forstå reglar og ansvar for å halde orden på arbeidsplassen
- lese meldingar og e-postar
- lese rapportar og referat
Skriving
- rapportere avvik og problem som oppstår
- fylle ut skjema og sjekklister for kvalitet, tryggleik og avvik i arbeidet
- skrive korte referat eller notat frå munnleg informasjon
- sjekke ut og signere ved eigenkontroll av tryggleik
- skrive arbeidslogg
- setje opp og kvittere på arbeidsplanar
- skrive meldingar
Munnlege ferdigheiter
- varsle andre om fare, brot på rutinar eller akutte hendingar
- rapportere og diskutere avvik og problem
- høyre på og forstå HMS-informasjon som blir gjeven munnleg
- høyre etter og forstå når andre varslar om fare
- seie frå når ein ikkje oppfattar eller forstår ein beskjed
- omformulere beskjedar for å vere sikker på at ein sjølv og andre forstår
- delta i diskusjonar om arbeidsmiljø og kome med innspel til verneombodet og dei tillitsvalde
- høyre på innspel og vurderingar
- høyre på framlegging av risikoanalysar
- vidareformidle viktig tryggleiksinformasjon
- kommunisere tydeleg med kollegaer slik at det ikkje oppstår farlege situasjonar
- drøfte hygienereglar
- drøfte sin eigen helsesituasjon i høve til aktuelle arbeidsoppgåver med ein overordna
Rekning
- bruke numerisk informasjon i tabellar i arbeidet sitt
- vurdere blandingsforhold ein møter på i arbeidet sitt
- rekne om mellom einingar når ein planlegg arbeid
- lese statistikk, tabellar og grafar
- lese av ulike måleinstrumenta
- lese av og kontrollere temperatur
- kontrollere haldbarheit
Digitale ferdiheiter
- finne fram i kvalitets- og HMS-system
- rapportere avvik
- bruke ulike einingar til å loggføre arbeid
- halde seg oppdatert på rutinar og meldingar på bedrifta sitt intranett
- bruke internett til å finne informasjon
- ta bilete som dokumentasjon ved hendingar eller uhell
- sende og ta imot meldingar og e-postar
- lagre dokument og bilete
- bruke standard kontorprogram
- bruke QR- og strekkodar når det trengst
- bruke smarttelefon og nettbrett med ulike appar knytte til oppgåver
- bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon
- halde seg oppdatert på regelverk og forskrifta frå ulike instansar
- bruke ulike opplæringsressursar
- bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver