HMS i byggebransjen - grunnleggjande ferdigheiter på jobb
Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidet med HMS på arbeidsplassen.
Sist oppdatert : 21. november 2023Last ned som PDF, Excel eller Word
Lesing
- finne fram i eiga HMS-handbok
- setje seg inn i relevante tryggleiksrutinar
- lese og forstå rutinar i samband med brann og bruk av brannsløkkingsapparat
- lese og forstå instruksar for førstehjelp og korleis ein brukar førstehjelpsutstyr
- lese og forstå tryggleiksinstruksar
- lese og forstå skilt og oppslag som har med HMS å gjere
- lese og forstå forkortingar, symbol, fargar og kodar
- lese handskrivne meldingar
- lese og forstå loggførte hendingar
- lese opplæringsmateriell i samband med opplæring
- lese meldingar og e-postar
- lese datablad
- lese rapportar og referat
Skriving
- rapportere skriftleg om avvik og problem
- fylle ut skjema og sjekklister for kvalitet, tryggleik og avvik i arbeidet
- skrive korte referat eller notat frå munnleg HMS-informasjon
- skrive HMS-informasjon i ein arbeidslogg
- kvittere, sjekke ut, signere og attestere
- setje opp og kvittere på arbeidsplanar
- skrive meldingar og e-postar
Munnlege ferdigheiter
- varsle andre om fare, brot på rutinar eller akutte hendingar
- rapportere og diskutere avvik og problem munnleg
- høyre på og forstå munnleg HMS-informasjon
- høyre etter og forstå når andre varslar om fare
- seie frå når ein ikkje oppfattar eller forstår ein beskjed
- kommunisere tydeleg med kollegaer slik at det ikkje oppstår farlege situasjonar
- delta i diskusjonar om arbeidsmiljø og kome med innspel
- høyre på innspel og vurderingar
- vidareformidle viktig tryggleiksinformasjon
Rekning
- bruke numerisk informasjon i tabellar i arbeidet sitt
- vurdere blandingsforhold ein møter på i arbeidet sitt
- rekne om mellom einingar
- vurdere stigings- og hallingsvinklar
- lese statistikk og grafar
Digitale ferdigheiter
- finne fram til og fylle ut i skjema digitalt
- rapportere om avvik på ulike einingar
- bruke ulike einingar til å loggføre arbeid
- halde seg oppdatert på rutinar og meldingar om HMS på bedrifta sitt intranett
- bruke internett til å finne miljø- og tryggleiksinformasjon om ei vare eller eit verktøy
- ta bilete som dokumentasjon ved hendingar eller uhell
- kommunisere via meldingar
- lagre dokument og bilete digitalt på eigne område eller i skytenester
- bruke QR- og strekkodar
- bruke digitale møteplassar
- sende og ta imot meldingar og e-postar
- bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon
- bruke ulike opplæringsressursar
- bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver
- bruke standard kontorprogramvare