Kafe- og restaurantmedarbeidar - grunnleggjande ferdigheiter på jobb
Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein kafe- og restaurantmedarbeidar.
Sist oppdatert : 21. november 2023Last ned som PDF, Excel eller Word
Arbeidsoppgåver for kafé- og restaurantmedarbeidarar
- servere mat og drikke til kundar
- ekspedere og rettleie kundar
- byggje kunderelasjonar
- rydde og vaske
- oppdatere menyar
- bestille varer og føre lagerlister
- arbeide som del av eit team
- arbeide hygienisk og effektivt
Leseferdigheiter
Kvar dag vil kafé- og restaurantmedarbeidaren
- lese vaktlister.
- lese produktinformasjon på varer.
- lese og kontrollere betalingskort og legitimasjon.
- lese dokument og pakksetlar ved mottak av varer.
- lese menyar.
- lese produktinnhaldslister for å sjekke allergen og produktinnhald.
Med jamne mellomrom vil kafé- og restaurantmedarbeidaren
- lese bordbestillingar frå kundar.
- lese oppskrifter og artiklar om mat.
- lese og forstå tilbod og informasjon om varer frå ulike leverandørar.
- sjekke lagerstatus på varer.
- lese oppdatert informasjon frå Mattilsynet.
- lese meldingar og e-postar.
- lese internrutinar for handtering og behandling av mat.
- lese tidsstempling og haldbarheit for varer.
Av og til vil kafé- og restaurantmedarbeidaren
- lese informasjon som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
- lese planar for kampanjar og spesialtilbod til kundane.
- lese innlegg og reaksjonar på sosiale medium.
- lese og kontrollere rekvisisjonar.
- lese rutinar og reglar for handtering av avvik.
- lese HMS-informasjon.
- lese faglitteratur i samband med kurs og anna opplæring.
- lese bruksrettleiingar på utstyr og maskiner.
- lese informasjon om avfallsrutinar for ulike produkt.
- lese informasjon som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
Skriveferdigheiter
Kvar dag vil kafé- og restaurantmedarbeidaren
- skrive logg frå sitt eige skift.
- skrive beskjedar og påminningar til seg sjølv og andre.
- registrere og kvittere for mottekne varer.
- dokumentere at rutinar for produkt- og avfallshandtering er gjennomførte på rett vis.
Med jamne mellomrom vil kafé- og restaurantmedarbeidaren
- notere førespurnader frå kundar og leverandørar.
- fylle ut skjema i samband med avvik og reklamasjonar.
- gje skriftleg informasjon og instruksjonar til kollegaer og leiaren sin.
- skrive meldingar og e-postar.
- fylle ut bestillingslister.
Av og til vil kafé- og restaurantmedarbeidaren
- fylle ut og kvittere på rekvisisjonar.
- notere nye rutinar.
- skrive oppslag og skilt med informasjon til kundar.
- dokumentere avvik og hendingar i sitt eige arbeid.
- skrive notat og oppgåvesvar i kurssamanheng.
- fylle ut skjema og søknader i samband med arbeidet.
- skrive innlegg og svare på meldingar på sosiale medium.
- kvittere for mottekne varer.
Munnlege ferdigheiter
Kvar dag vil kafé- og restaurantmedarbeidaren
- ta imot og svare på førespurnader.
- få kundane til å kjenne seg velkomne.
- presentere menyen og eventuelle tilrådingar for dagen for kunden.
- rapportere om hendingar i eige skift.
- snakke med kollegaer og leiarar for å koordinere arbeidet.
- informere kundar om medlemsfordelar.
- dele informasjon med kollegaer ved vaktskifte.
Med jamne mellomrom vil kafé- og restaurantmedarbeidaren
- ta imot og handsame klager frå kundar.
- få informasjon frå kollegaer og leiarar.
- snakke med distributørar og leverandørar.
- forstå kor viktig det er å yte service og kjenne godt til ulike kommunikasjonssituasjonar.
- drøfte arbeidstid og skiftavvikling.
- rettleie kundar om bruk av betalingsløysingar.
- forklare allergeninnhald i ulike rettar.
- rettleie kundar slik at dei får ei god oppleving.
Av og til vil kafé- og restaurantmedarbeidaren
- få informasjon om nye system, rutinar og produkt.
- delta i opplæring.
- få rettleiing om riktige arbeidsstillingar og arbeidsteknikkar.
- snakke med ein leiar om sine eigne arbeidstilhøve og opplæringsbehov.
- diskutere og kome med innspel til verneombodet og dei tillitsvalde.
- rapportere om hendingar i sitt eige skift til leiararar eller kollegaer.
- handtere misnøgde kundar.
- vite korleis ein handterer ruspåverka, trugande og valdelege kundar.
Rekneferdigheiter
Kvar dag vil kafé- og restaurantmedarbeidaren
- sjekke at varemengda stemmer med fakturaen ved leveransar.
- kontrollere kunden si kvittering ved klager.
- registrere betaling.
- forstå symbol og produktkodelister.
- kontrollere datoen på ulike varer.
- ta kassaoppgjer.
- skrive fakturagrunnlag.
Med jamne mellomrom vil kafé- og restaurantmedarbeidaren
- kontrollere sin eigen lønsslipp.
- fylle ut timelister.
- rekne ut prisar og avslag som er gjevne i prosent.
- kontrollere rekningar og fakturaer.
- vurdere tilbod frå ulike leverandørar.
- kontrollere og vurdere prisar på varer.
- lese av måleinstrument.
Av og til vil kafé- og restaurantmedarbeidaren
- kontrollere varelager.
- gjere overslag over mengder ved innkjøp.
- organisere bordplassering for store grupper.
- vurdere plass i samband med bordbestillingar.
Digitale ferdigheiter
Kvar dag vil kafé- og restaurantmedarbeidaren
- bruke ulike betalingsløysingar.
- søkje i databasar.
- handtere kortterminalar.
- registrere og kontrollere varer.
- registrere arbeidstimar.
Med jamne mellomrom vil kafé- og restaurantmedarbeidaren
- sjekke vareinformasjon.
- sende og ta imot meldingar og e-postar.
- bestille varer frå ulike leverandørar.
- registrere mottekne varer.
- bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.
Av og til vil kafé- og restaurantmedarbeidaren
- ta bilete for å dokumentere hendingar eller avvik.
- bruke tenestene til banken for å levere oppgjer.
- finne fram og lagre kampanjemateriell.
- hjelpe kundar med ulike betalingsløysingar.
- oppdatere seg på HMS.
- bruke ulike opplæringsressursar.
- bruke sosiale medium for å reklamere for si eiga verksemd.
- halde seg oppdatert på miljøkrav som gjeld for avfallshandtering.
- bruke QR- og strekkodar når det trengst.
- bruke standard kontorprogramvare.
- bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.