Lagermedarbeider - grunnleggjande ferdigheiter på jobb
Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein lagermedarbeidar.
Sist oppdatert : 21. november 2023Last ned som PDF, Excel eller Word
Arbeidsoppgåver for lagermedarbeidar
- Registrere og systematisere varer.
- Plukke fram varer frå lageret etter bestillingar.
- Handsame spørsmål og klager frå kundar og transportarbeidarar.
- Gjere ferdig lagerdokumentasjon – i papirform og digitalt.
- Spore leveransar.
- Kontrollere varelager og merking av varer.
- Arbeide som del av eit team.
Leseferdigheiter
Kvar dag vil lagerarbeidaren
- lese instruksjonar på plukklister og sendingar.
- lese tryggleiksinstruksjonar og symbol.
- lese vare- og sendingsinformasjon.
- lese oppslag og skilt.
- lese bestillingsskjema frå kundar.
- lese dokument og pakksetlar ved mottak av varer.
Med jamne mellomrom vil lagerarbeidaren
- lese arbeidsinstruksar og prosedyrar.
- lese tabellar for kvalitet og produktivitet.
- lese rutinar og informasjon om korleis ulike varer skal handterast.
- lese skiftplanar og ferielister.
- lese skriv frå leiinga.
- lese og kontrollere merking av hyller.
- lese meldingar og e-postar.
Av og til vil lagerarbeidaren
- lese avfallsrutinar som gjeld hygiene og miljø.
- lese og oppdatere seg på interne reglar og HMS-informasjon.
- lese instruksjonar om førstehjelp, brannvern og handtering av farleg gods.
- lese og kontrollere fakturagrunnlag.
- lese opplæringsmateriell.
- finne informasjon i datablad.
- lese referat.
- lese informasjon som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
Skriveferdigheiter
Kvar dag vil lagerarbeidaren
- krysse av og kvittere på plukklister.
- skrive korte meldingar til seg sjølv eller andre.
- skrive instruksjonar til andre.
- skrive arbeidslogg.
Med jamne mellomrom vil lagerarbeidaren
- fylle ut skademeldingsskjema.
- fylle ut skjema om kvalitet og avvik i arbeidet.
- skrive permisjonssøknader.
- registrere informasjon om skadar på varer.
- skrive meldingar og e-postar.
Av og til vil lagerarbeidaren
- skrive notat frå kurs og informasjonsmøte.
- svare på spørsmål i samband med kurs, sertifiseringar og undersøkingar.
- søkje om ferie og permisjon.
- skrive oppgåvesvar på kurs.
- skrive fakturagrunnlag.
- gje innspel til verneombodet for å betre arbeidsmiljøet.
- fylle ut skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
Munnlege ferdigheiter
Kvar dag vil lagerarbeidaren
- snakke med andre for å koordinere arbeidet.
- gje og ta imot meldingar og instruksjonar.
- skaffe og vidareformidle informasjon om varer og leveransar.
- få informasjon og kome med innspel på møte.
- melde frå til leiaren sin om skadar og uønskte hendingar.
- snakke med kundar om levering og avvik i samband med leveransar.
Med jamne mellomrom vil lagerarbeidaren
- svare på klager, direkte eller over telefon.
- vere i dialog med transportoperatørar.
- delta i møte og kome med innspel.
- følgje opp og spørje om noko er uklart i kontakt med kundar eller andre.
- delta i lunsj- og pauseprat.
Av og til vil lagerarbeidaren
- delta i intern og ekstern opplæring.
- snakke med leiaren og verneombodet om sine eigne arbeidstilhøve, arbeidsmiljøet og opplæringsbehov.
- svare på spørsmål i samband med prøver og sertifiseringar.
- orientere nytilsette og vikarar om arbeidsrutinar.
- melde frå om sjukdom og fråvær.
- snakke om og foreslå endringar for å betre arbeidsrutinar eller måtar å løyse oppgåver på.
- informere kundar om medlemsfordelar.
Rekneferdigheiter
Kvar dag vil lagerarbeidaren
- samanlikne og kontrollere varenummer.
- finne fram til og bruke talkodar.
- kontrollere bestillingslister og fakturaer.
- vurdere vekt og løftekapasitet ved bruk av truck.
- kontrollere storleiken og vekta på sendingar.
Med jamne mellomrom vil lagerarbeidaren
- kontrollere sin eigen lønsslipp.
- kontrollere varelager.
- lese oversiktsteikningar og kart for å finne plasseringa til varer.
- rekne ut plassbehov.
- måle lengd, volum og vekt.
- sjekke at varemengda stemmer med fakturaen ved leveransar.
Av og til vil lagerarbeidaren
- fylle ut og kontrollere numerisk informasjon i skjema.
- vurdere kor lang tid det vil ta å gjere ein jobb.
- rekne ut prisar på sendingar og kostnader for kundar.
- kontrollere datoen på dei ulike varene og rekne ut kor mange salsdagar som er att.
- rekne ut prisar og avslag som er gjevne i prosent.
Digitale ferdigheiter
Kvar dag vil lagerarbeidaren
- registrere varer og leveransar med handterminal.
- gå gjennom og oppdatere digitalt lagra lister.
- sjekke at elektroniske ordrar og fakturaer er rette.
- bestille varer frå fjernlager eller leverandørar.
- bruke datastyrte lagerstyringssystem.
- skrive ut ordrar eller leveransar ved hjelp av digitale system.
- lagre utførte oppdrag.
- sende og ta i mot meldingar og e-post.
Med jamne mellomrom vil lagerarbeidaren
- sjekke varestatus frå forskjellige leverandørar via databasar.
- sjekke lagerstatus på varer.
- sende e-post med bestillingar.
- registrere arbeidstimar.
- følgje vareleveransar via internett.
Av og til vil lagermedarbeidaren
- sende vedlegg til e-post.
- bruke utrekningsverktøy for å lage, endre eller vurdere pristilbod.
- bruke internett og databasar for å finne produktinformasjon.
- slå opp i bedrifta sitt HMS-reglement.
- samanlikne prisar frå leverandørar via internett.
- kunne bruke standard kontorprogramvare.
- bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.
- bruke elektroniske betalingssystem.
- bruke QR- og strekkodar når det trengst.
- bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.