Hopp til hovudinnhald
Ustabilt påmeldingssystem til våre arrangementer

Vår leverandør har tekniske utfordringer med påmelding til våre arrangementer. Dersom du opplever problemer med å melde deg på, anbefaler vi at du prøver igjen litt senere. Du skal motta en automatisk bekreftelse når påmeldingen er registrert. Takk for tålmodigheten, og vi beklager eventuelle ulemper.

Personleg økonomi - grunnleggjande ferdigheiter

Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidet med personleg økonomi.

Sist oppdatert : 21. november 2023

Last ned som PDF, Excel eller Word

Oppgåver som har med personleg økonomi å gjere

  • halde balanse mellom inntekter og utgifter
  • ha god oversikt over den personlege økonomien sin

Lesing

  • lese kvitteringar
  • lese oppskrifter og lage handlelister
  • lese ein faktura
  • lese brev eller e-postar med økonomisk informasjon frå offentlege og private tenester
  • lese diverse tilbodsplakatar og oppslag
  • lese informasjon når ein inngår kontraktar og betalingsavtalar
  • lese prisar i butikken, på nettet og i tilbodsaviser
  • lese og samanlikne ulike tilbod frå ulike leverandørar
  • lese instruksjonar om korleis ein opprettar avtalegiro
  • lese instruksjonar om korleis ein opprettar BankID
  • lese instruksjonar om korleis ein legg til BankID-appen eller andre appar
  • lese sin eigen husleigeavtale
  • lese sin eigen lønsslipp
  • lese arbeidskontraktar
  • lese si eiga skattemelding
  • lese angrefristskjema

Skriving

  • skrive handlelapp med rette tal og mengder
  • fylle ut rett informasjon på nettet når ein kjøper og sel varer
  • fylle ut rett informasjon når ein kjøper tenester
  • fylle ut søknadsskjema for lån, forsikring og tenester hos Nav
  • fylle ut skjema for eigenmelding, ferie eller permisjon
  • seie opp ulike abonnement
  • skrive klagebrev i samband med reklamasjon
  • fylle ut skattemeldinga
  • fylle ut angrefristskjema
  • be om rabattar og tilbod

Munnlege ferdigheiter

  • seie frå dersom vekslepengane ikkje stemmer
  • spørje om hjelp til å finne rett pris på varer i butikken
  • be om rabattar og tilbod, både i butikk og på telefon
  • forsikre seg om at ein har forstått tilbodet rett, både i butikk og på telefon
  • snakke om lånetilbod frå banken
  • diskutere tilbod på varer frå seljarar
  • stille spørsmål om rettar hos Nav
  • klage på ei vare eller teneste
  • spørje for å avklare problemstillingar før ein eventuelt seier ja ved telefonsal

Rekning

  • gjere eit overslag over kor mykje pengar som er att på kontoen
  • gjere prisoverslag på varer
  • lese av og sende inn rette tal frå ulike målarar
  • rekne med ulike måleeiningar
  • doble eller halvere oppskrift ved innkjøp ut frå venta forbruk
  • fylle ut rett informasjon i Vipps og andre tenester
  • betale rekningar
  • kontrollere sin eigen lønsslipp
  • lese si eiga skattemelding
  • kontrollere sitt eige skattekort
  • rekne ut meirverdiavgift (moms) når ein kjøper tenester
  • rekne ut ny pris på salsvarer
  • vurdere og samanlikne prisar ved kjøp
  • vurdere og samanlikne prisar når varer kjem i pakningar med ulike storleikar
  • betene lån/gjeld
  • setje opp og følgje eit budsjett
  • ha oversikt over faste utgifter
  • rekne ut kostnadene for faste utgifter per månad, per kvartal og for året
  • kjenne til fordelane og ulempene ved å bruke kredittkort
  • vere merksam på rentesrente når ein brukar kredittkort
  • rekne ut og vurdere ulike tilbod på varer og tenester frå ulike leverandørar
  • vurdere kostnad av ulike tilbod via meldingar og sosiale media
  • vurdere ulike tilbod på kreditkjøp

Digitale ferdigheiter

  • kunne logge seg inn på nettbank, Altinn, Digipost og heimesidene til Nav med elektronisk ID
  • kunne overføre pengar, betale rekningar i nettbank
  • kunne forskjellen på e-faktura og avtalegiro
  • opprette e-faktura og/eller avtalegiro
  • kjenne til bruken av KID-nummer
  • hente ut, endre og levere skattemeldinga
  • bestille billettar til rett pris til arrangement og reiser
  • bruke appar på mobilen til å bestille og betale tenester
  • hente ut og lese tal som har med avtalar å gjere
  • vurdere kostnader for å bruke nettbrett og mobil i inn- og utland
  • vite om vanlege og skjulte kostnader når ein kjøper appar
  • kunne bruke kredittkort til å handle på nettet
  • kunne bruke PayPal og liknande betalingsformer
  • vite korleis ein kan reservere seg mot telefonsal og adressert reklame
  • kjenne til angreretten ved netthandel
  • ha kjennskap til trygge og utrygge nettstader (hengelåssymbolet) ved betaling
  • kjenne att falske nettstader og lenkjer for kjøp og sal av varer og tenester
  • kjenne att og forsikre seg om at konkurransar og liknande på nettet ikkje er kamuflerte tenester for ulike abonnementskjøp
  • kjenne til at offentlege instansar og bankar aldri vil be om passord eller BankID-informasjon
  • kjenne til tostegsstadfesting og andre grep for å halde personleg informasjon trygg
  • vurdere ulike tilbod frå ulike leverandørar som mobil og strøymetenestar
  • vite om og kjenne att ulike konkurranseforma som inneber kjøp av ulike abonnementa
  • kjenne att ulike forma for svindel via nett og telefon