Pleieassistent - grunnleggjande ferdigheiter på jobb
Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein pleieassistent.
Sist oppdatert : 20. november 2023Last ned som PDF, Excel eller Word
Arbeidsoppgåver for pleieassistent
- Vere med på å planleggje og fordele arbeidsoppgåver.
- Førebu og servere måltid.
- Rydde og reie opp sengene til bebuarar.
- Delta i det daglege stellet av bebuarar.
- Følgje bebuarar til aktivitetar og avtalar.
- Snakke med bebuarar.
- Bestille matvarer og utstyr.
- Delta på møte og andre aktivitetar.
- Hjelpe til med ulike praktiske oppgåver på avdelinga.
Leseferdigheiter
Kvar dag vil pleieassistenten
- lese skilt og symbol.
- lese menyar.
- lese vaktlister.
- lese ulike planar for stell.
- lese meldingar frå kollegaer, pårørande og leiarar.
- lese vekeplanar.
- lese timeavtalar.
- lese vaktskifterapportar og loggar i journalen.
- lese diverse oppslag.
Med jamne mellomrom vil pleieassistenten
- lese ingredienslister og åtvaringar med tanke på allergiar og intoleransar.
- lese tiltaksplanar for bebuarar.
- lese informasjon om turar og andre sosiale aktivitetar.
- lese ulike informasjonsskriv som har med arbeidsoppgåver å gjere.
- lese aktivitetsplanar.
- lese aviser, vekeblad og bøker for bebuarar.
Av og til vil pleieassistenten
- lese HMS-instruksar for hygiene og brann.
- lese skjema og informasjon om rettar og pliktar.
- lese opplæringsmateriell i samband med kurs og anna opplæring.
- lese meldingar og e-postar.
- lese journalopplysningar om bebuarar.
Skriveferdigheiter
Kvar dag vil pleieassistenten
- fylle ut skjema.
- skrive rapportar i journalen.
- skrive meldingar til kollegaer, leiinga eller pårørande.
- skrive inn avtalar i ein kalender.
- notere ned informasjon ved vaktskifte.
Med jamne mellomrom vil pleieassistenten
- fylle ut bestillingslister.
- kvittere ut, signere og attestere på skjema.
Av og til vil pleieassistenten
- fylle ut ulike skjema, til dømes om teieplikt.
- fylle ut ulike skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
- skrive møtereferat.
- skrive oppslag og informasjonsskriv.
- fylle ut avviksskjema i samband med alvorlege hendingar.
- skrive notat og oppgåvesvar i samband med opplæring.
- skrive meldingar og e-postar.
Munnlege ferdigheiter
Kvar dag vil pleieassistenten
- høyre på bebuarane sine ønske og behov.
- høyre på instruksar frå leiarar eller andre kollegaer.
- småprate med bebuarar om vêret og daglegdagse rutinar.
- prate med bebuarar om menyen, aktivitetane og avtalar for dagen.
- ta imot meldingar frå kollegaer og pårørande.
- høyre på rapportering frå det førre skiftet.
- gje rapport til kollegaer ved vaktskifte.
- informere bebuarar om avtalane for dagen.
- be om hjelp frå kollegaer og forklare kva ein treng hjelp til.
- prate med leiarar og kollegaer om arbeidsoppgåvene og planane for dagen.
Med jamne mellomrom vil pleieassistenten
- gje bebuarar informasjon om aktivitetane for veka.
- snakke i telefonen, ta imot og gje beskjedar.
- snakke med pårørande om bebuarane sin tilstand og trivsel.
- snakke med bebuarar og kollegaer om sosiale aktivitetar.
Av og til vil pleieassistenten
- snakke med leiarar og kollegaer om sin eigen arbeidssituasjon.
- snakke med kollegaer, bebuarar, pårørande og andre involverte ved dødsfall.
- ha ein medarbeidarsamtale med leiaren sin.
- føreslå endringar i oppgåver og arbeidsmetodar.
- melde frå om sjukdom og fråvær.
- varsle om akutte hendingar eller ulukker.
Rekneferdigheiter
Kvar dag vil pleieassistenten
- halde oversikt over væskeinntaket til bebuarane.
- halde oversikt over tidsbruken til pleie, matlaging og aktivitetar for bebuarar.
- setje saman riktige matporsjonar som er tilpassa etter kva bebuarane treng.
Med jamne mellomrom vil pleieassistenten
- vege og måle temperaturen til bebuarane.
- fylle ut timelister.
- rekne ut og kontrollere at timelistene er rette og stemmer med lønsslippen.
- kontrollere varelager.
- gjere overslag over varebehaldninga på nærlager i samband med bestillingar.
- kontrollere fakturaer.
- rekne ut tidsbruk for oppgåver og aktivitetar.
Av og til vil pleieassistenten
- rekne ut sin eigen skatt eller sine eigne feriepengar.
- måle opp mengder av materiale til aktivitetar.
- rekne ut tidsbruk ved køyring mellom bebuarar.
- kontrollere sin eigen lønsslipp.
Digitale ferdigheiter
Kvar dag vil pleieassistenten
- sjekke møte og avtalar i kalenderen.
- fylle inn opplysningar og skrive vaktrapport i elektroniske journalar.
- registrere arbeidstida.
- sende og ta imot meldingar.
- bruke ulike appar saman med bebuarane når det trengst.
Med jamne mellomrom vil pleieassistenten
- finne relevante skjema på intranettet.
- finne oppdatert informasjon frå heimesidene til kommunen.
- finne fram tiltaksplanar i elektroniske journalar.
- bruke standard kontorprogramvare.
- sende e-postar med vedlegg.
- bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.
- bruke og lære opp bebuarane i bruken av nettbrett.
- hjelpe bebuarar med å finne ønskt underhaldning på nettet.
- bruke QR- og strekkodar ved registrering.
- delta i møte og samtalar med leiarar og kollegaer via digitale møteplassar.
- kommunisere med leiarar eller pårørande via e-post og meldingar.
Av og til vil pleieassistenten
- finne nye oppskrifter på næringsriktig mat.
- lagre aktivitetsplanar i mapper.
- sjekke HMS-rutinar på nettet.
- bruke digitale program i opplæringstiltak.
- hjelpe bebuarar med å finne informasjon på internett.
- ta bilete av sosiale aktivitetar.
- ta bilete ved uhell eller alvorlege hendingar.