Hopp til hovudinnhald

Produksjonsmedarbeidar - grunnleggjande ferdigheiter på jobb

Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein produksjonsmedarbeidar

Sist oppdatert : 21. november 2023

Last ned som PDF, Excel eller Word

Arbeidsoppgåver for produksjonsmedarbeidar

  • Meistre produksjonsprosessar i bedrifta.
  • Arbeide etter bedrifta sine hygienereglar.
  • Merke varer og gjere dei klare til levering.
  • Arbeide som del av eit team.

Leseferdigheiter

Kvar dag vil produksjonsmedarbeidaren

  • lese produksjonsordrar.
  • lese arbeidsplanar.
  • lese oppslag og skilt.
  • lese tryggleiksinstruksjonar og symbol.
  • lese vare- og leveringsinformasjon.
  • lese og forstå faguttrykk.

Med jamne mellomrom vil produksjonsmedarbeidaren

  • lese meldingar frå leiinga.
  • lese avfallsrutinar som gjeld hygiene og miljø.
  • lese og oppdatere seg på interne reglar.
  • lese skiftplanar og ferielister.
  • lese meldingar og e-postar.

Av og til vil produksjonsmedarbeidaren

  • lese forskrifter som gjeld på arbeidsplassen.
  • lese relevante kvalitetsprosedyrar.
  • lese nyhende, artiklar og anna fagstoff for å halde seg orientert om utviklinga i bransjen.
  • lese referat.
  • lese opplæringsmateriell.
  • lese instruksjonar om førstehjelp, brannvern og handtering av farleg gods.
  • lese tryggleiksdatablad.
  • lese informasjon som gjeld sitt eige arbeidsforhold.

Skriveferdigheiter

Kvar dag vil produksjonsmedarbeidaren

  • skrive korte meldingar.
  • skrive instruksjonar til andre.
  • skrive meldingar og e-postar.

Med jamne mellomrom vil produksjonsmedarbeidaren

  • gje skriftleg informasjon og bruke presise faguttrykk til kollegaer og leiaren sin.
  • rapportere om avvik eller hendingar.
  • fylle ut skademeldingsskjema.
  • skrive permisjonssøknader.

Av og til vil produksjonsmedarbeidaren

  • notere nye rutinar.
  • svare på spørsmål i samband med kurs, sertifiseringar og undersøkingar.
  • gje innspel til verneombodet for å betre arbeidsmiljøet.
  • skrive notat og oppgåvesvar i kurssamanheng.
  • fylle ut skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.

Munnlege ferdigheiter

Kvar dag vil produksjonsmedarbeidaren

  • snakke med andre for å koordinere arbeidet.
  • gje og ta imot meldingar og instruksjonar.
  • skaffe og vidareformidle informasjon om råstoff og leveransar.
  • rapportere eventuelle skadar og uønskte hendingar til den næraste leiaren sin.
  • delta i lunsj- og pauseprat.

Med jamne mellomrom vil produksjonsmedarbeidaren

  • få informasjon og kome med innspel på møte.
  • drøfte arbeidstid og skiftavvikling.
  • følgje opp og spørje dersom noko er uklart når det gjeld rutinar.

Av og til vil produksjonsmedarbeidaren

  • vere i dialog med transportavdelinga.
  • delta i intern og ekstern opplæring.
  • snakke med leiaren og verneombodet om sine eigne arbeidstilhøve, arbeidsmiljøet og opplæringsbehov.
  • svare på spørsmål i samband med prøver og sertifiseringar.
  • orientere nytilsette og vikarar om arbeidsrutinar.
  • få rettleiing om riktige arbeidsstillingar og arbeidsteknikkar.
  • melde frå om sjukdom og fråvær.
  • føreslå endringar i arbeidsrutinar.
  • varsle om akutte hendingar eller ulukker.
  • ha ein medarbeidarsamtale med leiaren sin.

Rekneferdigheiter

Kvar dag vil produksjonsmedarbeidaren

  • samanlikne og kontrollere varenummer.
  • finne fram til og bruke talkodar.
  • forstå symbol og produktkodelister.
  • telje, vege eller måle opp råstoff.
  • kontrollere storleiken og vekta på sendingar.

Med jamne mellomrom vil produksjonsmedarbeidaren

  • kontrollere sin eigen lønsslipp.
  • fylle ut timelister.
  • måle lengd, volum og vekt.
  • finne rett hylleplass for ulike varer.
  • lese av måleinstrument.
  • sjekke produksjonsmål.

Av og til vil produksjonsmedarbeidaren

  • fylle ut og kontrollere numerisk informasjon i skjema.
  • kalibrere måleinstrument.
  • vurdere kor lang tid det vil ta å gjere ein jobb.
  • sjå på og vurdere faktorar som påverkar det økonomiske resultatet til bedrifta.
  • lese statistikk og grafar, til dømes skadestatistikk.

Digitale ferdigheiter

Kvar dag vil produksjonsmedarbeidaren

  • bruke tidsregistrering.
  • lagre utførte oppdrag i arkiv.
  • bruke merkesystem.
  • bruke ulike måleinstrument.
  • gå gjennom og oppdatere lagra lister.

Med jamne mellomrom vil produksjonsmedarbeidaren

  • finne fram til og fylle ut relevante skjema.
  • rapportere avvik.
  • søkje i databasar.
  • lese og halde seg oppdatert på heimesidene og intranettet til bedrifta.
  • sende og ta imot meldingar og e-postar.

Av og til vil produksjonsmedarbeidaren

  • ta bilete for å dokumentere hendingar eller avvik.
  • oppdatere seg på HMS.
  • finne tryggleiksdatablad.
  • bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.
  • bruke digitale møteplassar i kontakt med kollegaer og arbeidsgjevaren.
  • bruke QR- og strekkodar når det trengst.
  • bruke standard kontorprogramvare.
  • bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.
  • bruke ulike opplæringsressursar.