Hopp til hovudinnhald

Reindriftsutøvar- grunnleggjande ferdigheiter på jobb

Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein reindriftsutøvar.

Sist oppdatert : 28. oktober 2023

Last ned som PDF, Excel eller Word

Arbeidsoppgåver for reindriftsutøvar

  • Forvalte beiteområde for rein.
  • Drifte reinsdyrflokkar.
  • Vere oppdatert på måtar å utnytte naturressursar på for produksjons- og driftsføremål.
  • Slakte og partere dyr på ein føremålstenleg og forsvarleg måte.
  • Ha oversikt over budsjett og økonomi knytt til reindrift.
  • Vedlikehald av utstyr og maskiner.
  • Kunne reglar, standardar og lovverk for dyrehald og naturvern.
  • Organisere beiteområde og naturområde på beste vis.
  • Bruke samisk fagterminologi der det er naturleg.
  • Følgje HMS-rutinar.

Leseferdigheiter

Kvar dag vil reindriftsutøvaren

  • lese forklaringar og instruksjonar som gjeld arbeidet.
  • lese korte notat.
  • lese lister over ulike arbeidsoppgåver.
  • lese meldingar eller e-postar.

Med jamne mellomrom vil reindriftsutøvaren

  • lese bruksrettleiingar for nye produkt.
  • lese bruksrettleiingar for nytt utstyr.
  • lese instruksjonar og styringsdokument.
  • lese rapportar.
  • lese retningslinjer for handsaming av slakteavfall med mer.
  • lese innlegg knytt til sin eigen kultur og si eiga verksemd.

Av og til vil reindriftsutøvaren

  • lese oppdaterte utdrag av lover og avtalar.
  • lese rutinar og informasjon som gjeld reindriftsrelaterte oppgåver.
  • lese informasjon og skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
  • lese ulike typar kart.
  • lese seg opp på HMS-informasjon.
  • lese kurs og opplæringsplanar for å halde seg oppdatert.
  • lese og oppdatere seg på naturforvalting og økonomiseringstiltak.
  • lese fagleg oppdatert informasjon.
  • lese kommunale forskrifter for reindrift.
  • lese informasjon når ein inngår kontraktar og betalingsavtalar.
  • halde seg oppdatert på reglar om bedøving og avliving av rein etter gjeldande regelverk.

Skriveferdigheiter

Kvar dag vil reindriftsutøvaren

  • skrive korte notat på skjema om arbeidsoppgåver.
  • skrive meldingar eller e-postar.
  • skrive korte meldingar til seg sjølv eller andre.

Med jamne mellomrom vil reindriftsutøvaren

  • rapportere avvik og hendingar til kollegaer eller eigarar.
  • fylle ut bestillingsskjema for varer og utstyr.
  • setje opp oversikt over utført arbeid.
  • ajourføre dokumentasjon knytt til naturforvaltning og regelverk.

Av og til vil reindriftsutøvaren

  • skrive brev og søknader.
  • ta notat frå kurs og opplæringsprogram.
  • lage lister for å vurdere kva utstyr og maskiner som trengst til arbeidsoppgåver.
  • fylle ut forskjellige skjema som har med si eiga verksemd å gjere.
  • skrive ned framlegg til nye rutinar for drifta/produksjonen.
  • setje opp ein enkel forretningsplan for auka verdiskaping med utgangspunkt i reindriftsbasert produksjon.
  • skildre utforming av gjerde og anlegg for reindrift.
  • fylle ut skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold, feriesøknader, eigenmeldingar og lønskrav.

Munnlege ferdigheiter

Kvar dag vil reindriftsutøvaren

  • kommunisere med kollegaer eller leverandørar.
  • snakke med andre kollegaer eller eigarar for å koordinere arbeidet.
  • gje og ta imot meldingar og instruksjonar.
  • forklare arbeidet som blir utført.
  • planleggje jobben saman med kollegaer eller eigarar.
  • diskutere med andre for å planleggje arbeidsoppgåver.

Med jamne mellomrom vil reindriftsutøvaren

  • høyre og svare på forklaringar frå eigarar eller kollegaer.
  • føreslå endringar i oppgåver og arbeidsmetodar.
  • få instruksjonar frå og diskutere arbeidet med eigarar.
  • forklare problem eller oppgåver for vikarar eller nye kollegaer.
  • diskutere ulike mogelege tiltak for å redusere ulemper for reindrifta.

Av og til vil reindriftsutøvaren

  • varsle om akutte hendingar eller ulukker.
  • delta i intern og ekstern opplæring, til dømes kurs om endringar i offentleg regelverk.
  • seie frå når det er noko ein ikkje forstår.
  • diskutere problem med framgangsmåtar eller utføring med eigarar eller kollegaer.
  • bruke spesielle ord og uttrykk som er knytte til reindriftsfaget.
  • skildre og drøfte ulike økologiske, økonomiske og kulturelle faktorar som er avgjerande for ei berekraftig reindrift i eit område.
  • orientere nye kollegaer eller vikarar om arbeidsrutinar.
  • melde frå om sjukdom og fråvær.

Rekneferdigheiter

Kvar dag vil reindriftsutøvaren

  • bruke teikningar, kart og rekne om til full storleik.
  • registrere tal og utrekningar for dokumentasjon av aktivitet.
  • registrere tal for måling og som grunnlag for statistikk.
  • vurdere kor lang tid det vil ta å gjere ein jobb.
  • rekne ut forbruket av materiell og utstyr som ein del av produksjonen.

Med jamne mellomrom vil reindriftsutøvaren

  • registrere forbruket av fôr utanom beitesesong.
  • samanlikne prisar frå ulike leverandørar.
  • kontrollere rekningar og fakturaer.
  • gjere overslag eller rekne ut kostnader for drift.
  • kontrollere sin eigen lønsslipp.
  • rekne ut forbruk av materiale og fôr.

Av og til vil reindriftsutøvaren

  • vurdere kor mykje arbeidskraft som trengst i høve til sesongen og aktivitetar.
  • sjekke budsjett og kome med innspel til drifta.
  • setje opp tal og lage statistikk, tabellar og diagram for reindrift som dokumentasjon på endringar over tid.
  • rekne ut kostnader ved å leige inn ekstern arbeidskraft.
  • rekne ut arealbehov for utforming av gjerde og anlegg for reindrift.
  • setje opp budsjett for kjøp av utstyr og maskiner.

Digitale ferdigheiter

Kvar dag vil reindriftsutøvaren

  • sende og ta imot meldingar og e-postar.
  • føre oversikt over sin eigen aktivitet som dokumentasjon for reindrift.
  • halde seg oppdatert via sosiale nettverk.

Med jamne mellomrom vil reindriftsutøvaren

  • sende e-post med vedlegg.
  • bruke standard kontorprogramvare.
  • leggje inn tal og opplysningar i rekneark.
  • samanlikne prisar frå forskjellige leverandørar på internett.
  • sjekke vareinformasjon på nettet.
  • finne bruksrettleiingar og informasjon på internett.
  • bruke bilete som dokumentasjon ved avvik eller hendingar.
  • bestille varer på internett.
  • lagre avtalar og dokument.

Av og til vil reindriftsutøvaren

  • søkje etter produktinformasjon, lover og reglar som gjeld for reindrifta.
  • leggje inn kontraktar og lagre dei elektronisk.
  • bruke eigna dataprogram til å rekne ut kostnader og prisar.
  • sjekke internett for nye reglar om miljøføresegner og dyrehald.
  • bruke ulike læringsressursar.
  • leggje ut anbodsførespurnader for kjøp av varer eller tenester på internett.
  • finne oppdatert regelverk for dyrehald og HMS på internett.
  • lage presentasjonar med statistikk og diagram frå si eiga drift.
  • delta i debattar og leggje inn eigne synspunkt på sin eigen kultur og reindriftsnæringa på nett.
  • bruke kart eller GPS.
  • bruke offentlege portalar som til dømes Altinn eller skatteetaten.
  • bruke skjema som gjeld reindrift.
  • bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.
  • bruke QR- og strekkoder ved behov.
  • bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.