Hopp til hovudinnhald

Reinhaldar - grunnleggjande ferdigheiter på jobb

Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein renhaldar.

Sist oppdatert : 21. november 2023

Last ned som PDF, Excel eller Word

Arbeidsoppgåver for reinhaldar

  • Gjere reint.
  • Vurdere kva reinhald som trengst.
  • Vedlikehalde utstyr og maskiner.
  • Vurdere metodar og utstyr.
  • Rekne ut tidsbruk og planleggje jobben.
  • Arbeide etter krav til og retningslinjer for hygiene og miljø.
  • Arbeide i team.

Leseferdigheiter

Kvar dag vil reinhaldaren

  • lese arbeidsinstruksjonar.
  • lese korte beskjedar.
  • lese lister over ulike arbeidsoppgåver.
  • lese skilt og oppslag om tryggleik.
  • lese sjekklister for utført arbeid.
  • lese symbol på etikettar på ulike reingjeringsmiddel.

Med jamne mellomrom vil reinhaldaren

  • lese møtereferat.
  • lese bruksrettleiingar for nye produkt og utstyr.
  • lese skiftplanar.
  • lese timelister.
  • lese om dosering av kjemikaliar.
  • lese meldingar og e-postar.

Av og til vil reinhaldaren

  • lese HMS-informasjon som gjeld eigen tryggleik, hygiene og miljøomsyn.
  • lese informasjon som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
  • lese kurs- og opplæringsplanar og opplæringsmateriell.
  • lese fagblad.
  • lese bruksrettleiingar for nytt utstyr.
  • lese informasjon om nye eller endra interne rutinar.

Skriveferdigheiter

Kvar dag vil reinhaldaren

  • krysse av på skjema som gjeld arbeidsoppgåver.
  • fylle ut sjekklister for utført arbeid.
  • fylle ut sjekklister for kvalitet og avvik i arbeidet.
  • skrive meldingar til kollegaer og leiarar.
  • kvittere ut, signere og attestere på skjema.

Med jamne mellomrom vil reinhaldaren

  • fylle ut lister for varebestilling.
  • fylle ut rapportar for å dokumentere utført arbeid.
  • skrive meldingar og e-postar.

Av og til vil reinhaldaren

  • notere ned nye rutinar
  • notere frå interne kurs og opplæringsprogram.
  • notere stikkord i skjema for medarbeidarsamtalar.
  • svare skriftleg på spørsmål i ei organisasjonsundersøking.
  • fylle ut avviksskjema i samband med alvorlege hendingar.
  • fylle ut skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.

Munnlege ferdigheiter

Kvar dag vil reinhaldaren

  • helse på kundar og brukarar på ein hyggjeleg måte.
  • snakke med andre for å koordinere arbeidet.
  • ta imot instruksjonar og diskutere arbeidet med leiarar.
  • svare på spørsmål frå brukarar og kundar.
  • samarbeide og snakke med kollegaer.
  • fortelje leiarar om arbeid som er gjort.
  • kommunisere med andre yrkesgrupper.

Med jamne mellomrom vil reinhaldaren

  • seie frå dersom noko er uklart.
  • be om hjelp til å gjere jobben.
  • diskutere framgangsmåtar eller korleis jobben skal gjerast med arbeidsleiaren eller andre reinhaldarar.
  • lytte til innspel frå andre.
  • melde frå til leiaren sin om avvik.
  • rapportere om hendingar i sitt eige skift.

Av og til vil reinhaldaren

  • føreslå endringar i oppgåver og rutinar.
  • varsle om akutte hendingar eller ulukker.
  • diskutere sine eigne arbeidsoppgåver med kollegaer og leiarar.
  • delta i opplæring og høyre på forklaringar frå kursleiaren.
  • orientere vikarar om arbeidsrutinar.
  • stille spørsmål på møte.
  • snakke med leiaren sin på medarbeidarsamtale.

Rekneferdigheiter

Kvar dag vil reinhaldaren

  • vurdere kor lang tid det vil ta å gjere ein jobb.
  • vurdere kor mykje materiell og utstyr som går med til ein jobb.
  • vurdere kor mykje tid som vil gå med til køyring.
  • bruke arbeidsteikningar og rekne om til full storleik.

Med jamne mellomrom vil reinhaldaren

  • fylle ut timelister.
  • vurdere blandingsforhold ved bruk av kjemikaliar og målebeger.
  • kontrollere sin eigen lønsslipp.
  • bruka numerisk informasjon i tabellar.
  • rekna om mellom ulike måleiningar.

Av og til vil reinhaldaren

  • sjekke kva som finst av vaskemiddel og anna nødvendig utstyr på lager.
  • forstå og bruke pH-skalaen.
  • vurdere mengder på augemål.

Digitale ferdigheiter

Kvar dag vil reinhaldaren

  • bruke datastyrte maskiner.
  • søkje etter program på nettet.
  • kommunisere med arbeidsgjevaren via e-post og tekstmeldingar.
  • bruke digitale verktøy for å registrere arbeidstida.
  • bruke mobil for å registrere oppmøte på arbeidsstasjon.
  • sjekke møte og avtalar.

Med jamne mellomrom vil reinhaldaren

  • sende e-postar med vedlegg.
  • finne informasjon på intranettet, til dømes reinhaldsplanar og rutineskildringar.
  • bruke ulike dataprogram.
  • sjekke vareinformasjon på nettet.
  • finne datablad for nye produkt på nettet.
  • bestille varer i elektroniske skjema.
  • sende og ta imot meldingar.

Av og til vil reinhaldaren

  • bruke digitale bilete for å dokumentere uhell.
  • finne HMS-regelverk på internett.
  • bruke standard kontorprogramvare.
  • sjekke internett for nye eller endra miljøkrav til produkt.
  • bruke digitale læringsressursar for opplæring.
  • skrive elektroniske avviksrapportar.
  • sjekke lønsutbetalingar i elektroniske system.
  • bruke elektronisk køyrebok.
  • bruke sosiale medium for å halde seg oppdatert og reklamere for si eiga verksemd.
  • bruke elektroniske betalingstenester.
  • bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.
  • bruke QR- og strekkodar.
  • bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.