Hopp til hovudinnhald

Røyrleggjar - grunnleggjande ferdigheiter på jobb

Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein røyrleggjar.

Sist oppdatert : 21. november 2023

Last ned som PDF, Excel eller Word

Arbeidsoppgåver for røyrleggjarar

  • planleggje og utføre oppdrag
  • dokumentere kvalitet og avvik i arbeidet
  • kommunisere med kollegaer, kundar, folk frå andre bransjar og leiaren på byggjeplassen for å få jobben gjort
  • kunne reglar, standardar og lovverk og følgje dei
  • bestille delar, fylle ut oppdragsskjema og fakturagrunnlag

Leseferdigheiter

Kvar dag vil røyrleggjaren

  • lese forklaringar og instruksjonar.
  • lese materiallister og sjekke at dei stemmer overeins med varene.
  • kontrollere ordrar, dokument og pakksetlar.
  • lese korte notat, vareinformasjon og instruksjonar.
  • lese informasjon i kontroll- og kvalitetssikringsskjema.
  • lese skilt, oppslag og merking om miljø og tryggleik.
  • lese lister over verktøy og utstyr som krevst for ulike arbeidsoppgåver.
  • lese meldingar og e-postar.

Med jamne mellomrom vil røyrleggjaren

  • lese installasjonsinstruksjonar.
  • lese HMS-informasjon.
  • lese interne rutinar og instruksjonar.
  • lese detaljerte jobbspesifikasjonar.
  • lese bygningsteikningar, arbeidsordrar og planar.
  • lese opplæringsmateriell.

Av og til vil røyrleggjaren

  • lese utdrag frå lover og reguleringsavtalar.
  • lese tekniske føresegner.
  • lese informasjon og skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
  • lese informasjon om rettane og pliktene til arbeidstakarar.
  • lese miljø- og avfallsplanar.
  • lese kart og GPS.
  • lese bruksrettleiingar for nye produkt.

Skriveferdigheiter

Kvar dag vil røyrleggjaren

  • dokumentere og loggføre hendingar i sitt eige arbeid.
  • kvittere på ordrar og vareleveransar.
  • fylle ut skjema og sjekklister for kvalitet og avvik i arbeidet.

Med jamne mellomrom vil røyrleggjaren

  • setje opp lister over utstyr og verktøy som trengst til ein jobb.
  • fylle ut skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
  • skrive notat til seg sjølv og andre.
  • skrive rapportar som dokumentasjon for godkjenning av utført arbeid.
  • skrive meldingar og e-postar.

Av og til vil røyrleggjaren

  • skrive korte rapporter.
  • skrive grunnlag for anbod og vurderingar.
  • skrive notat til kundar om kva arbeidsoppgåver som er utførte.
  • skrive svar på spørsmål i samband med opplæring og sertifisering.
  • fylle ut detaljerte fakturagrunnlag og anbodsgrunnlag.
  • fylle ut avviksskjema ved alvorlege hendingar.
  • fylle ut skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.

Munnlege ferdigheiter

Kvar dag vil røyrleggjaren

  • snakke med andre aktørar på byggjeplassen for å koordinere arbeidet.
  • få instruksjonar og diskutere arbeidet med overordna.
  • gjere avtalar med kundar om tid og kostnader og skildre arbeidet.
  • snakke med kundane om framgangen i arbeidet og ulike løysingar.
  • delta i lunsj- og pauseprat.

Med jamne mellomrom vil røyrleggjaren

  • bestille delar og utstyr frå leverandørar.
  • få opplæring og delta på informasjonsmøte.
  • delta på møte.
  • diskutere planar og teikningar med andre.

Av og til vil røyrleggjaren

  • diskutere sine eigne arbeidstilhøve.
  • delta i formell opplæring og sertifisering.
  • varsle om akutte hendingar og ulukker.
  • diskutere og kome med innspel om arbeidsmiljøet.
  • forklare kundane korleis montert utstyr fungerer.
  • ha ein medarbeidarsamtale med leiaren sin.

Rekneferdigheiter

Kvar dag vil røyrleggjaren

  • gjere eksakte målingar.
  • bruke arbeidsteikningar og rekne om til full storleik.
  • rekne ut kor mykje materiell som trengst for å gjere ein jobb.
  • rekne ut og registrere kor lang tid som trengst for å gjere ein jobb.
  • fylle ut timelister og arbeidstidsskjema.
  • gjere kostnadsoverslag for kundar.

Med jamne mellomrom vil røyrleggjaren

  • kontrollere sin eigen lønsslipp.
  • kontrollere rekningar og fakturaer.
  • lage skisser for å illustrere ein jobb.
  • halde oversikt over varelager.
  • samanlikne prisar frå ulike leverandørar.
  • rekne ut kostnader i samband med ein jobb.
  • forstå og bruke vegbok, GPS eller kart for å rekne ut det beste rutealternativet.

Av og til vil røyrleggjaren

  • rekne ut og kontrollere storleikar som volum, trykk og temperatur.
  • rekne ut og kontrollere vinklar.
  • vurdere kva mannskap som trengst ut frå framdriftsplanen og arbeidsmengda.
  • kontrollere varelager.
  • rekne ut prisar for oppdrag ut frå akkord eller anbod.
  • fylle inn fakturagrunnlag.
  • rekne ut køyregodtgjersle.

Digitale ferdigheiter

Kvar dag vil røyrleggjaren

  • kommunisere med arbeidsgjevaren eller kundar via e-post eller meldingar.
  • sjekke e-post, meldingar eller kalenderen for nye oppdrag.
  • sjekke lagerstatus i elektronisk lagerbehaldning.
  • fylle inn arbeidstid i elektroniske skjema.

Med jamne mellomrom vil røyrleggjaren

  • kontrollere at det elektronisk fakturagrunnlaget er rett.
  • fylle inn opplysningar om utførte oppdrag.
  • spore varer og finne leveringstider.
  • sende e-postar med vedlegg.
  • bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.
  • ta bilete for å dokumentere avvik eller utført arbeid.
  • bruke ulike læringsressursar.

Av og til vil røyrleggjaren

  • sende inn prisoverslag som vedlegg til e-post.
  • bruke elektroniske utrekningsverktøy til å rekne ut, vurdere og endre anbod.
  • bruke GPS til å finne fram til kundar.
  • søkje på internett og i databasar etter produktinformasjon og prisar.
  • melde oppdrag for offentleg godkjenning via elektroniske skjema.
  • skrive kontraktar og lagre dei i elektroniske arkiv.
  • sjekke anbodstenester på nettet.
  • bruke sosiale medium for å halde seg oppdatert og reklamere for si eiga verksemd.
  • oppdatere elektronisk køyrebok.
  • bruke standard kontorprogramvare.
  • bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.
  • bruke digitale møteplassar i kontakt med kollegaer, arbeidsgjevaren og kundar.
  • bruke QR- og strekkoder når det trengst.