Tannhelsesekretær – grunnleggjande ferdigheiter på jobb
Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein tannhelsesekretær.
Sist oppdatert : 19. desember 2023Last ned som PDF, Excel eller Word
Arbeidsoppgåver for tannhelsesekretærar
- førebyggjande tannhelsearbeid
- assistere i alle behandlingssituasjonar
- kontorrutinar, inkludert planlegging av aktivitetar, rekneskap, rapportering, innkalling og journalføring
- reingjere, sterilisere og halde ved like instrument og utstyr
Leseferdigheiter
Kvar dag vil tannhelsesekretæren
- lese skilt og symbol på medikament.
- lese vaktlister.
- lese meldingar frå kollegaer eller leiarar.
- lese vekeplanar.
- lese i timeavtalebok.
- lese diverse oppslag.
- lese meldingar og e-postar.
Med jamne mellomrom vil tannhelsesekretæren
- lese skjema.
- lese pasientdokumentasjon.
- lese og orientere seg i faglitteratur.
Av og til vil tannhelsesekretæren
- lese HMS-instruksar for hygiene og brann.
- lese skjema og informasjon som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
- lese informasjonsskriv frå leiinga.
Skriveferdigheiter
Kvar dag vil tannhelsesekretæren
- fylle ut skjema.
- skrive rapportar i journalen.
- skrive meldingar til kollegaer, leiinga eller pårørande.
- skrive inn timeavtalar.
Med jamne mellomrom vil tannhelsesekretæren
- fylle ut bestillingslister.
- skrive meldingar og e-postar.
- kvittera for mottekne varar.
Av og til vil tannhelsesekretæren
- fylle ut skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
- skrive oppslag.
Munnlege ferdigheiter
Kvar dag vil tannhelsesekretæren
- høyre etter kva pasienten ønskjer og treng.
- høyre på instruksar frå leiarar eller andre kollegaer.
- småprate med pasientar.
- ta imot beskjedar.
- høyre på rapportering.
- gje rapport til kollegaer.
- prate med leiarar og kollegaer om arbeidsoppgåvene og planane for dagen.
Med jamne mellomrom vil tannhelsesekretæren
- forstå kor viktig det er å yte service og kjenne til ulike kommunikasjonssituasjonar.
- ta imot telefonbeskjedar.
- snakke med pårørande om pasienten.
- delta i lunsj- og pauseprat.
Av og til vil tannhelsesekretæren
- snakke med leiarar og kollegaer om sin eigen arbeidssituasjon.
- seie frå når ein ikkje oppfattar eller forstår ein beskjed.
- kommunisere med pasientar i ulike livssituasjonar.
- ta seg av pasientar med odontofobi.
- bruke ulike konflikthandteringsstrategiar.
- bruke rett fagterminologi.
- forklare samanhengar mellom tann- og munnhelse, levevanar og kosthald.
- informere om munnhygiene og fluorbruk.
Rekneferdigheiter
Kvar dag vil tannhelsesekretæren
- måle opp og porsjonere ut legemiddel og dentalmateriale.
- setje opp timeavtalar.
- kontrollere betaling.
Med jamne mellomrom vil tannhelsesekretæren
- kontrollere varelager.
- kontrollere sin eigen lønsslipp.
- ta kassaoppgjer.
- kontrollere datoen på ulike varer.
- forstå symbol og produktkodelister.
Av og til vil helsesekretæren
- lese statistikk, tabellar og grafar.
- vurdere blandingsforhold ein møter på i arbeidet sitt.
- gjere overslag i samband med innkjøp.
- rekne ut tilbod til kundar.
Digitale ferdigheiter
Kvar dag vil tannhelsesekretæren
- sjekke møte og avtalar.
- registrere arbeidstid.
- sende og ta imot meldingar og e-postar.
Med jamne mellomrom vil tannhelsesekretæren
- finne skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
- finne oppdatert informasjon frå heimesidene til kommunen.
- bruke standard kontorprogramvare.
- sende e-postar med vedlegg.
Av og til vil tannhelsesekretæren
- sjekke HMS-informasjon.
- bruke ulike program i opplæringstiltak.
- bruke smarttelefon og nettbrett med ulike appar knytte til oppgåver.
- bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.
- bruke QR- og strekkodar når det trengst.
- hjelpe kundar med betalingstenester