Taxisjåfør - grunnleggjande ferdigheiter på jobb
Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein taxisjåfør.
Sist oppdatert : 21. november 2023Last ned som PDF, Excel eller Word
Arbeidsoppgåver for taxisjåfør
- Sørgje for å frakte passasjerar til rett destinasjon.
- Køyre trafikksikkert.
- Halde seg sjølv og andre trygge.
- Hjelpe passasjerane med bagasje.
- Forsikre seg om at taxien er i forskriftsmessig teknisk stand og sørgje for nødvendig service.
- Sørgje for at bilen er rein og ryddig til ei kvar tid.
- Utføre taxiyrket på ein profesjonell måte.
Det vil vere ein del ulikskapar mellom arbeidsoppgåvene til taxisjåførar i byen og på landet.
Leseferdigheiter
Kvar dag vil taxisjåføren
- lese skilt og instruksar i trafikken.
- oppdatere seg på køyretilhøva.
- lese informasjon om passasjerar og bestillingar.
- lese meldingar eller loggar frå taxisentralen.
- lese bestillingar og meldingar på taksameteret.
- lese bestillingar og meldingar via ulike appar.
Med jamne mellomrom vil taxisjåføren
- lese informasjon om nye rutinar.
- lese avviksmeldingar.
- lese ruteforklaringar i kart eller GPS.
- lese meldingar om feil på taksameteret.
- lese skiftplanar.
- lese e-postar og meldingar.
Av og til vil taxisjåføren
- finne fram til aktuell informasjon i sjåførhandboka.
- kjenne til lover, forskrifter, avtalar og dokument som gjeld for taxi.
- lese opplæringsmateriell.
- lese og setje seg inn i nye rutinar.
- slå opp i tekniske handbøker.
- lese tryggleiksinformasjon og rutinar for å køyre trygt.
- lese informasjon og skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
- lese køyre- og kviletidsføresegnene.
- kunne lese identitetsmerking hos personar med alvorlege sjukdomar.
- kjenne til uniformsreglementet.
Skriveferdigheiter
Kvar dag vil taxisjåføren
- registrere passasjerar og bestillingar.
- gjere klart oppgjeret for dagen.
- melde seg ledig eller oppteken og godkjenne bestillingar på taksameteret.
- loggføre sitt eige skift.
Med jamne mellomrom vil taxisjåføren
- loggføre tekniske problem og avvik.
- rapportere hendingar til overordna.
- skrive meldingar om feil og manglar til andre sjåførar eller skiftleiinga.
- skrive e-postar og meldingar.
Av og til vil taxisjåføren
- rapportere og dokumentere hendingar ved uhell, ran eller trugande situasjonar.
- rapportere og dokumentere skadar på materiell eller menneske.
- rapportere og dokumentere hærverk og tjuveri.
- vidareformidle klager frå passasjerar.
- rapportere om feilmeldingar frå taksameteret til løyvehavaren/taxisentralen.
- skrive avviksmeldingar.
- skrive notat og oppgåvesvar i samband med opplæring.
- fylle ut ulike skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
Munnlege ferdigheiter
Kvar dag vil taxisjåføren
- helse på passasjerar på ein hyggjeleg måte.
- be om å få sjå reisedokumentasjon eller ta imot betaling.
- kommunisere med passasjerane om kvar dei skal.
- hjelpe passasjerar inn og ut av bilen på ein høfleg måte.
- kommunisere formelt med andre sjåførar.
- forstå kor viktig det er å yte service og kjenne godt til ulike kommunikasjonssituasjonar.
- rapportere munnleg om hendingar i sitt eige skift.
- delta i uformelle samtalar med passasjerar og kollegaer.
Med jamne mellomrom vil taxisjåføren
- melde frå om problem under køyring og be om hjelp.
- løyse problem med passasjerar.
- handtere uventa situasjonar.
- handtere kritikk på ein konstruktiv måte.
- svare på spesielle førespurnader.
- ta imot munnlege beskjedar og instruksar.
- kjenne til god behandling av passasjerar med særskilde behov.
- informere passasjerar om fordelane ved å bruke selskapet sine appar.
Av og til vil taxisjåføren
- kommunisere med overordna dersom det trengst for informasjon eller assistanse.
- kommunisere med ansvarlege ved sjukdom og dødsfall.
- vite korleis ein handterer ruspåverka, trugande og valdelege passasjerar.
- handtere nødssituasjonar.
- kjenne til og kunne formidle kunden sin rett til å klage på transporten og framgangsmåten for dette.
- høyre på opplæring i nye rutinar og regelverk.
- samarbeide og snakke med andre som deltek i opplæring.
- delta i HMS-opplæring.
- delta i møte og kome med innspel.
- ha ein medarbeidarsamtale med leiaren sin.
- varsle om hendingar eller ulukker.
Rekneferdigheiter
Kvar dag vil taxisjåføren
- kjenne til betalingsformer og oppgjersformer.
- kontrollere betaling og gje rette vekslepengar.
- ta oppgjer og kontrollere kontantbehaldninga mot kredittsal.
- rekne ut rabattar.
- lese av og vurdere numerisk informasjon frå instrument på dashbordet.
- rekne ut drivstoffbruket i høve til køyremønsteret.
- kunne planleggje og velje køyrerute ut frå vegstandarden og miljømessige konsekvensar.
- ta omsyn til at kunden vil reise på billegaste vis.
Med jamne mellomrom vil taxisjåføren
- kontrollere sin eigen lønsslipp.
- loggføre si eiga køyring.
- vurdere kor lang tid køyreoppdrag tek.
- sjekke lufttrykket i dekka og fylle rett mengd luft.
- måle mønsterdjupna og vurdere om ho er god nok.
- lese og finne fram i kart, GPS eller vegbok.
- vurdere høgda og lengda på køyretøyet for å køyre trygt.
Av og til vil taxisjåføren
- vurdere om talet på passasjerar er høgare enn lova tillèt.
- lese og vurdere numerisk informasjon i høve til tekniske spesifikasjonar.
- vurdere oppdrag og vidare køyring ut frå køyre- og kviletidsføresegnene.
- kjenne til dei kostnadene som ligg til grunn for drift av taxiløyve.
- kjenne til dei marknadsmessige og økonomiske vilkåra som gjeld for taxitransport.
- bruke kart eller GPS for å rekne ut avstandar og finne dei beste rutene.
Digitale ferdigheiter
Kvar dag vil taxisjåføren
- lese av taksameteret.
- loggføre sitt eige skift.
- ta oppgjer for sitt eige skift etter at han er ferdig for dagen.
- bruke GPS til å finne fram.
- bruke mobiltelefon.
Med jamne mellomrom vil taxisjåføren
- levere rekneskap.
- bruke sentralen sin app for bestillingar.
- føre timelister.
- sende tekstmeldingar til kollegaer eller overordna.
- halde seg oppdatert på aktuelle arrangement via internett.
- skrive logg for bruk av verkstaden.
- bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.
- sende e-postar med vedlegg.
Av og til vil taxisjåføren
- loggføre hendingar via meldingar.
- dokumentere avvik og ulukker via meldingar.
- ta bilete for å dokumentere uhell og liknande.
- finne fram til HMS-regelverk på internett.
- sende og fylle ut kontraktar.
- hjelpe kundar med betalingstenester.
- bruke ulike ressursar for opplæring og sertifisering.
- oppdatere seg på ISO-godkjenningar og EU-/EØS-krav.
- lese opplæringsmateriell og e-læringsprogram.
- finne fram til og lese nettsidene til sentralen for å halde seg oppdatert.
- bruke sosiale medium for å halde seg oppdatert og reklamere for si eiga verksemd.
- bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.
- bruke standard kontorprogramvare.
- bruke QR- og strekkodar når det trengst.