Tømrar - grunnleggjande ferdigheiter på jobb
Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein tømrar.
Sist oppdatert : 21. november 2023Last ned som PDF, Excel eller Word
Arbeidsoppgåver for tømrar
- lese bygningsteikningar, planar og instruksar
- vurdere kva utstyr, materialar og tid som trengst for å gjere ein jobb
- byggje konstruksjonar som skildra i bygningsteikningar
- følgje produkt- og monteringsrettleiingar
- dokumentere kvalitet og avvik i arbeidet
- følgje HMS-rutinar
- kommunisere med kollegaer, kundar, folk frå andre bransjar og leiaren på byggjeplassen
Leseferdigheiter
Kvar dag vil tømraren
- lese bygningsteikningar og planar.
- lese arbeidsordrane for dagen.
- lese tryggleiksinstruksar for byggjeplassen.
- lese skilt og oppslag på byggjeplassen.
- lese e-postar og meldingar.
Med jamne mellomrom vil tømraren
- lese fraktdokument ved mottak av varer.
- lese sjekklister som andre på byggjeplassen har fylt ut.
- lese HMS-informasjon.
- lese produkt- og monteringsrettleiingar frå produsentar.
- lese detaljerte jobbspesifikasjonar.
- lese bransjestandardar og oppdateringar av standardane.
- lese miljø- og avfallsplanar.
Av og til vil tømraren
- lese utdrag frå gjeldande lover, tekniske forskrifter og planar.
- lese opplæringsmateriell.
- lese arbeidskontrakt, informasjon og skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
- lese av ulike måleinstrument.
- lese bedrifta sine interne prosedyrar og instruksar.
- lese kart og GPS.
Skriveferdigheiter
Kvar dag vil tømraren
- skrive korte notat til seg sjølv eller andre.
- fylle ut skjema og sjekklister for kvalitet og avvik i arbeidet.
- skrive arbeidsrapport og oversikt over materialforbruk.
- loggføre hendingar i sitt eige arbeid.
- fylle ut timelister og arbeidstidsskjema.
Med jamne mellomrom vil tømraren
- setje opp og kvittere på arbeidsplanar.
- registrere fullført arbeid.
- skrive detaljerte lister over utstyr og verktøy som trengst for å gjere ein jobb.
- dokumentere byggjematerialar som er brukte på ein jobb.
- fylle ut arbeidsordrar og tilleggsbestillingar som kunden skal godkjenne.
- skrive meldingar og e-postar.
Av og til vil tømraren
- skrive korte rapportar som dokumenterer at arbeid er gjort etter dei gjeldande standardane.
- skrive notat for å hugse opplæring eller forklaringar.
- svare på spørsmål i samband med opplæring og sertifisering.
- skrive grunnlag for tilbod og fakturaer.
- fylle ut avviksskjema ved alvorlege hendingar.
- fylle ut skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
Munnlege ferdigheiter
Kvar dag vil tømraren
- snakke med kollegaer for å koordinere arbeidet.
- samarbeide og koordinere med andre aktørar på same byggjeplass.
- høyre og svare på instruksjonar frå arbeidsleiaren eller formannen.
- rapportere om framgangen i arbeidet.
- diskutere og forklare arbeid som er i gang.
- høyre på forklaringar av arbeidsplanen for dagen.
- delta i lunsj- og pauseprat.
Med jamne mellomrom vil tømraren
- bestille utstyr og materiell frå leverandørar og lager.
- diskutere prosjektet med leiarar på byggjeplassen.
- diskutere og føreslå endringar i planar.
- høyre på munnlege forklaringar frå personar som gjev opplæring eller informasjon.
- delta i og eventuelt leie gruppemøte.
- gje instruksjonar til personar som hjelper til med jobben.
Av og til vil tømraren
- diskutere problem med framgangsmåtar eller utføring med arbeidsleiaren eller andre tømrarar.
- forklare for kundar og diskutere med dei om materialval og korleis ein skal løyse problem.
- diskutere spørsmål med andre underleverandørar når det oppstår problem.
- svare på munnlege spørsmål i opplæring og trening.
- snakke med personar som er involverte i oppfølginga av lærlingar.
- diskutere og kome med innspel om arbeidsmiljøet.
- varsle om og kommunisere omkring hendingar eller ulukker.
- ha ein medarbeidarsamtale med leiaren sin.
Rekneferdigheiter
Kvar dag vil tømraren
- ta nøyaktige mål.
- lage og målsetje skisser.
- bruke målestokk.
- tolke arbeidsteikningar.
- bruke materialar slik at det blir minst mogeleg svinn.
- rekne ut og registrere tidsbruk på utført arbeid.
- føre materiallister.
- lage eit kostnadsoverslag for kundar.
- berekne forbruk av materiell og utstyr som går med til jobben.
Med jamne mellomrom vil tømraren
- rekne om mellom ulike einingar.
- vurdere kor mykje tid som trengst for å gjere ein jobb.
- kontrollere sin eigen lønsslipp.
- setje opp fakturagrunnlag.
- kontrollere kostnader og fakturaer.
Av og til vil tømraren
- rekne ut si eiga akkordløn.
- velje akkord eller anbod.
- rekne ut kor mykje materialar som trengst på eit prosjekt.
- bruke kart, GPS eller vegbok for å rekne ut avstandar og finne dei beste rutene.
- vurdere kva mannskap som trengst ut frå framdriftsplanen og arbeidsmengda.
- lage overslag over kostnader på større oppdrag.
- berekne køyregodtgjersle.
Digitale ferdigheiter
Kvar dag vil tømraren
- kommunisere med arbeidsgjevaren og kundar via digitale verktøy.
- leggje inn og sjekke oppdrag og avtalar i kalenderen.
- sjekke at det er laga elektroniske arbeidsordrar og rapportar.
- bestille delar frå lager eller leverandørar ved behov.
- bruke elektronisk utstyr til å gjere målingar.
- søkje etter informasjon og instruksjonar på internett og intranettet.
Med jamne mellomrom vil tømraren
- fylle inn opplysningar frå utførte oppdrag.
- sjekke lagerstatus og leveringstid i elektronisk varelager.
- sende e-postar med vedlegg.
- fylle ut elektroniske timelister.
- bruke ulike dataprogram.
- sende og ta imot meldingar og e-postar.
- bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.
- spore varer og finne leveringstider.
Av og til vil tømraren
- bruke Excel eller andre elektroniske utrekningsverktøy.
- bruke teikneprogram til å planleggje bygg og konstruksjonar.
- sende e-postar med vedlegg.
- bruke GPS for å finne fram til kundar.
- jobbe saman i felles digitale dokument.
- samanlikne prisar hos ulike leverandørar.
- bestille varer for levering til kundar i samband med større oppdrag.
- sjekke anbodstenester på internett.
- bruke ulike digitale møteplassar for å samarbeid og kommunikasjon.
- ta bilete for å dokumentere avvik eller utført arbeid.
- setje seg inn i kontraktar og lagre dei i elektroniske arkiv.
- bruke sosiale medium for å halde seg oppdatert og reklamere for si eiga verksemd.
- oppdatere elektronisk køyrebok.
- bruke standard kontorprogramvare.
- bruke QR- og strekkodar ved behov.
- bruke ulike opplæringsressursar.