Transportmedarbeidar - grunnleggjande ferdigheiter på jobb
Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein transportmedarbeidar.
Sist oppdatert : 21. november 2023Last ned som PDF, Excel eller Word
Arbeidsoppgåver for transportmedarbeidar
- Køyre lastebilen på ein trygg og rasjonell måte og planleggje og finne ruta til leveringsstaden.
- Hente, flytte og levere varer.
- Ferdigstille dokumentasjon om transport av varer.
- Kommunisere med kundar og kollegaer.
- Rekne ut og registrere tid og avstand.
- Kontrollere at køyretøyet er i forskriftsmessig stand.
Leseferdigheiter
Kvar dag vil transportarbeidaren
- lese korte instruksjonar og skilt i trafikken.
- lese og kontrollere at kolli er rett merkte.
- lese ulike typar kart.
- lese og kontrollere sendingsdokumentasjon.
- lese meldingar.
- lese ruteforklaringar i GPS.
Med jamne mellomrom vil transportarbeidaren
- lese detaljerte instruksjonar.
- lese rutinar og informasjon om korleis ulike varer skal handterast.
- lese skiftplanar og ferielister.
- lese av fartsskrivarar.
- lese e-postar og meldingar.
Av og til vil transportarbeidaren
- lese informasjon som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
- lese opplæringsmateriell og testar.
- lese HMS-informasjon.
- lese rutinar og instruksjonar for å handtere avvik.
- slå opp i tekniske handbøker.
- lese oppdatert informasjon og reglar som gjeld sertifiseringskrav.
- lese og setje seg inn i nye rutinar.
- lese køyre- og kviletidsføresegnene.
Skriveferdigheiter
Kvar dag vil transportarbeidaren
- signere, krysse av og gjere korte notat på fraktbrev.
- kvittere for mottekne og leverte leveransar.
- loggføre arbeid.
- fylle ut pallkvitteringar.
Med jamne mellomrom vil transportarbeidaren
- fylle ut enkle skjema ved avvik eller særlege hendingar.
- setje opp arbeidsplanar.
- skrive meldingar og e-postar.
Av og til vil transportarbeidaren
- skrive korte rapporter.
- skrive søknader eller førespurnader.
- svare på spørsmål i samband med kurs, sertifisering og undersøkingar.
- skrive notat frå kurs og informasjonsmøte.
- skrive meldingar om feil og manglar.
- fylle ut ulike skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.
- rapportere og dokumentere hendingar ved uhell, ran eller trugande situasjonar.
- rapportere og dokumentere skadar på materiell eller menneske.
- rapportere og dokumentere hærverk og tjuveri.
- formidle klager frå leverandørar eller mottakarar.
Munnlege ferdigheiter
Kvar dag vil transportarbeidaren
- snakkemed kundar og andre aktørar.
- snakke med andre lastebilsjåførar for å koordinere arbeidet.
- lytte til og svare på munnlege instruksjonar frå arbeidsleiaren.
- rapportere om lokalisering og korleis arbeidet går gjennom heile dagen.
- gje og ta imot munnlege beskjedar.
- delta i uformelle samtalar med kollegaer eller andre.
Med jamne mellomrom vil transportarbeidaren
- delta i møte med arbeidsgrupper.
- rapportere om problem.
- forklare feil til mekanikarar eller servicepersonale.
- løyse problem med kundar eller andre.
- handtere uventa situasjonar.
Av og til vil transportarbeidaren
- spørje om eventuelle feil i dokumentasjon kan rettast opp.
- forklare kvifor det ikkje lèt seg gjere å transportere varene eller forhandle om ei løysing.
- delta i samtalar rundt tilsetjingsforhold og medarbeidarsamtalar.
- svare på munnlege spørsmål i opplæring.
- ha ein medarbeidarsamtale med leiaren sin.
Rekneferdigheiter
Kvar dag vil transportarbeidaren
- rekne ut tidsbruk i høve til avstandar.
- rekne ut når ein treng å fylle drivstoff.
- rekne ut køyre- og kviletider.
Med jamne mellomrom vil transportarbeidaren
- kontrollere sin eigen lønsslipp.
- måle mønsterdjupna og vurdere om ho er god nok.
- sjekke lufttrykket i dekka og fylle på rett mengd luft ved behov.
- rekne ut drivstofforbruket sitt og samanlikne det med tabellar over gjennomsnittleg forbruk for ulike køyretøy.
- halde oversikt over utgifter i samband med oppdrag.
- lese og finne fram i kart, GPS eller vegbok.
- ha oversikt over eventuelle diettpengar og skattekrav.
Av og til vil transportarbeidaren
- setje seg inn i kva lastekapasitet bilen har.
- setje seg inn i krav om å taue ned lasta og finne ut kva som krevst for å sikre lasta.
- vurdere høgda og lengda på køyretøyet for sikker køyring.
Digitale ferdigheiter
Kvar dag vil transportarbeidaren
- bruke datasystem i bilar.
- bruke GPS for å finne fram til kundar.
- kommunisere med arbeidsgjevaren via e-post.
- sjekke oppdrag og avtalar i kalender og e-post.
- gjere avtalar med kundar via e-post om tidspunkt for oppmøte og leggje det som er avtalt inn i kalenderen.
- bruke handterminalar til å registrere og kontrollere varer ved lasting og lossing.
- sende og ta imot meldingar.
Med jamne mellomrom vil transportarbeidaren
- fylle inn opplysningar om utførte oppdrag.
- sjekke lagerstatus i sin eigen bil eller via elektronisk lagerbehaldning.
- sjekke leveringstider på varer som skal hentast på lager, på nettet.
- fylle inn arbeidstidsskjema i elektroniske skjema.
- sjekke at elektroniske fakturagrunnlag er laga og sende til fakturaavdelinga.
- oppdatere køyreloggen – sjekke at kvileføresegnene blir haldne.
- sende e-post til køyrekontor og mottakarar av leveransar.
- bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.
- bruke e-post til å kommunisere med kundar og arbeidsgjevaren.
- bruke elektroniske betalingssystem innan gods- og persontransport.
Av og til vil transportarbeidaren
- dokumentere oppdrag for godkjenning via elektroniske skjema.
- finne fram til skjema som gjeld arbeidsforholdet.
- sende bestillingar som vedlegg til e-post.
- bruke rekneark eller andre elektroniske verktøy for å endre eller vurdere leveringar.
- søkje på internett for å finne kundeopplysningar.
- skrive kontraktar og oppdrag og lagre dei i elektroniske arkiv.
- finne regelverk for transport på tvers av landegrenser.
- sjekke internasjonale avtalar for transport.
- sjekke reglar for internkontroll.
- bruke QR- og strekkodar når det trengst.
- bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.
- ta bilete som dokumentasjon ved hendingar eller uhell.
- bruke standard kontorprogramvare.
- bruke ulike opplæringsressursar.