Hopp til hovudinnhald

Truckførar - grunnleggjande ferdigheiter på jobb

Profilane kan brukast til å kartlegge opplæringsbehov i lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter, og såleis tilpasse kurs til den enkelte sitt behov. Profilane beskriv korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er ein del av arbeidsoppgåvene til ein truckførar.

Sist oppdatert : 21. november 2023

Last ned som PDF, Excel eller Word

Arbeidsoppgåver for truckførarar

  • Utføre dagleg kontroll av truckar.
  • Bruke setebelte og personleg verneutstyr.
  • Vurdere metodar og utstyr.
  • Handtere gods og last på ein forsvarleg måte.
  • Kunne og følgje ADR-regelverket ved bruk av truck.
  • Kunne og følgje HMS-rutinar.
  • Bruke prosedyrar ved uhell og skadar på gods og personell.
  • Arbeide som del av eit team.
  • Kommunisere med kollegaer, kundar, oppdragsgjevarar og arbeidsgjevaren.
  • Ta imot spørsmål og klager.

Leseferdigheiter

Kvar dag vil truckføraren

  • lese skjema for dagleg kontroll.
  • lese bestillingar og plukklister.
  • lese arbeidsforklaringar og instruksjonar.
  • lese instrument.
  • lese merkingar.
  • lese korte notat.
  • lese lister over ulike arbeidsoppgåver.
  • lese skilt og oppslag om tryggleik.
  • lese vare- og sendingsinformasjon.

Med jamne mellomrom vil truckføraren

  • lese bruksrettleiingar for utstyr.
  • lese avviksmeldingar.
  • lese rapportar.
  • lese skiftplanar.
  • lese meldingar og klager.
  • lese meldingar og e-postar.
  • lese prosedyrar for uhell og skadar på gods og personell.
  • lese HMS-informasjon.
  • lese retningslinjer for handtering av spesialgods.
  • lese endringar av interne rutinar.
  • lese møtereferat.
  • lese interne rutinar og instruksar.
  • lese opplæringsmateriell i samband med kurs og anna opplæring.

Av og til vil truckføraren

  • lese utdrag frå lover og regelverk.
  • lese informasjon om sitt eige arbeidsforhold.
  • lese kurs- og opplæringsplanar.
  • lese fagblad.
  • lese arbeidskontraktar og skjema som gjeld tilsetjingsforholdet.
  • lese og kontrollere fakturagrunnlag.

Skriveferdigheiter

Kvar dag vil truckføraren

  • fylle ut skjema for dagleg kontroll.
  • skrive korte notat.
  • skrive arbeidsordrar.
  • fylle ut plukklister.
  • fylle ut sjekklister for kvalitet og avvik.
  • skrive beskjedar.
  • kvittere ut, signere og attestere skjema.
  • dokumentere utførte arbeidsoppgåver.

Med jamne mellomrom vil truckføraren

  • rapportere brekkasjar.
  • fylle ut og levere avviksskjema.
  • fylle ut timelister.
  • notere hendingar.
  • skrive kommentarar til førespurnader.
  • gje skriftleg informasjon til kollegaer og leiarar.
  • notere kva utstyr som trengst til einskilde arbeidsoppgåver.
  • skrive meldingar og e-postar.

Av og til vil truckføraren

  • notere ned nye rutinar.
  • føreslå nye eller endra arbeidsmetodar.
  • skrive fakturagrunnlag.
  • skrive notat frå kurs og opplæringsprogram.
  • svare på skriftlege spørsmål.
  • stadfeste utført arbeid skriftleg.
  • fylle ut skjema som gjeld sitt eige arbeidsforhold.

Munnlege ferdigheiter

Kvar dag vil truckføraren

  • helse på kundar og kollegaer på ein hyggjeleg måte.
  • snakke med andre for å koordinere arbeidet.
  • få instruksjonar og diskutere arbeidet med overordna.
  • svare på spørsmål og kommunisere med kollegaer og kundar.
  • rapportere status i arbeidet til leiarar.
  • samarbeid med andre yrkesgrupper.
  • forklare arbeidet som blir gjort.
  • planleggje jobben saman med kollegaer.

Med jamne mellomrom vil truckføraren

  • snakke med sjåførar i samband med lasting og lossing.
  • føreslå endringar.
  • ta imot opplæring og instruksjonar.
  • delta på møte.
  • høyre på forklaringar frå andre.
  • delta i lunsj- og pauseprat.

Av og til vil truckføraren

  • diskutere problem med arbeidsleiaren eller andre kollegaer.
  • føreslå endringar.
  • delta i opplæring.
  • seie frå dersom noko er uklart.
  • orientere nytilsette og vikarar om arbeidsrutinar.
  • be om hjelp til å gjere jobben.
  • diskutere sine eigne arbeidsoppgåver.
  • høyre på innspel frå andre.
  • varsle om akutte hendingar og ulukker.
  • ha ein medarbeidarsamtale med leiaren sin.

Rekneferdigheiter

Kvar dag vil truckføraren

  • rekne ut tyngdepunkt og stabilitet.
  • rekne ut understøtteflata.
  • rekne ut den nominelle og tillatne løftekapasiteten til trucken.
  • forstå lastediagrammet til trucken.
  • lese tabellar for vedlikehald.
  • samanlikne og kontrollere varenummer.
  • lese tabellar for lastehandtering.
  • forstå tabellar for hallingsvinklar og stabilitet.
  • vurdere kor lang tid det vil ta å gjere ein jobb.

Med jamne mellomrom vil truckføraren

  • gjere utrekningar i samband med sleping og transport.
  • rekne ut vekt på gods ved lasting og lossing.
  • kontrollere rekningar og fakturaer.
  • kontrollere sin eigen lønsslipp.
  • rekne ut plassbehov.
  • måle lengd, volum og vekt.
  • vurdere og rekne ut løftekapasitet med tilleggsutstyr.

Av og til vil truckføraren

  • vurdere kva mannskap som trengst ut frå framdriftsplanen og arbeidsmengda.
  • rekne ut tider for sendingar.
  • kontrollere varelager.
  • rekne ut prisar på sendingar og kostnader for kundar.

Digitale ferdigheiter

Kvar dag vil truckføraren

  • føre oversikt over sin eigen aktivitet.
  • logge bestillingar og plukklister.
  • sende og ta imot e-postar og meldingar.
  • skrive avviksrapportar.
  • føre timelister.

Med jamne mellomrom vil truckføraren

  • føre varelister.
  • fylle inn opplysningar om utført arbeid.
  • sende e-postar med vedlegg.
  • finne produktinformasjon og datablad på nettet.
  • dokumentere utført arbeid.
  • bruke ulike dataprogram som har med bruk av utstyr å gjere.
  • bruke datastyrte lagerstyringssystem.
  • gjere avtalar med kundar.

Av og til vil truckføraren

  • søkje etter produktinformasjon, lover og reglar.
  • leggje inn kontraktar og lagre dei.
  • bruke bilete for å dokumentere uhell og liknande.
  • finne HMS-regelverk på nettet.
  • bruke eigna dataprogram til utrekning.
  • sjekke internett for nye eller endra standardar.
  • sjekke internett for reglar om avfallshandtering og miljøkrav.
  • bruke ulike læringsressursar.
  • bruke standard kontorprogramvare.
  • bruke smarttelefon og nettbrett med forskjellige appar knytte til oppgåver.
  • bruke elektroniske betalingssystem i sin eigen jobb.
  • bruke ulike digitale møteplassar for samarbeid og kommunikasjon.
  • bruke QR- og strekkodar når det trengst.