Kvalitetsutvikling i høgare utdanning
Vi skal bidra til kvalitetsutvikling i høgare utdanning, gjennom å dele kunnskap og erfaringar.
Sist oppdatert : 15. mars 2024Kvalitetsutvikling inneber at ein tar i bruk ny kunnskap, for kontinuerlig å betre og utvikle utdanningane.
Direktoratet finansierar utviklingsprosjekt som skal bidra til omstilling og innovasjon i høgare utdanning. Dette skjer mellom anna gjennom program for kvalitetsutvikling og internasjonalisering.
Kunnskap og erfaringar
Internasjonalt kunnskapssamarbeid kan vere sentralt for kvalitetsutvikling. Erasmus+ er EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. Det er det største utdanningsprogrammet i verda, med eit budsjett på 26,6 milliardar euro for perioden 2021-2027. Erasmus+ skal bidra til kvalitet i utdanning gjennom mangfald, aktivt medborgarskap, og digital og grøn omstilling.
Fram til 2024 forvalta direktoratet fleire program for kvalitetsutvikling. Ein gjennomgang av tilskotsordningane til universitets- og høgskulesektoren resulterte i at flere ordningar skal fasast ut. Midla vert overført direkte til institusjonane.
Frå finanisering av enkeltprosjekt vrir vi merksemda mot utvikling og spreiing av kunnskap om desse felta i heile sektoren. Direktoratet har ei viktig rolle som rådgjevar, samordnar og pådrivar.
Du kan lese om erfaringar og resultat i prosjektkatalogen vår. Dette kan vere nyttig inspirasjon i arbeidet med kvalitetsutvikling i høgare utdanning.
Ønsker du å søke midler?
Konferanse for høgare utdanning
Vi arrangerer årleg Konferanse for høgare utdanning. Konferansen retter seg mot deg som arbeider med kvalitetsutvikling, omstilling og innovasjon i høgare utdanning. Her får du presentasjonar og faglege innlegg, erfaringsutveksling og nettverksbygging på tvers av institusjonar og fagfelt.