Råd og utval
Vi har sekretariatsfunksjon for fleire råd og utval.
Sist oppdatert : 14. november 2023Kompetansebehovsutvalet
Formålet med Kompetansebehovsutvalet er å bringe fram den best moglege faglege vurderinga av framtidas kompetansebehov i Noreg. Arbeidet i utvalet skal danne grunnlag for planlegging og strategiske kompetanseavgjersler – for både myndigheiter og arbeidsliv, regionalt og nasjonalt. Sveinung Skule leier utvalet.
Nasjonalt fagskoleråd
Nasjonalt fagskoleråd er eit rådgjevande organ nedsett av Kunnskapsdepartementet. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse er sekretariat for rådet.
Kompetansereformutvalet
Kompetansereformutvalget skal greia ut korleis Noreg skal lykkast med livslang læring i arbeidslivet.
Digitaliseringsstyret
Det er etablert ein samstyringsmodell som skal bidra til realisering av strategi og handlingsplan for digital omstilling i universitets- og høgskulesektoren. Digitaliseringsstyret er øvste nivå i samstyringsmodellen, og vi er ansvarleg for sekretariatet.
Etatsgruppe for digital transformasjon
Kunnskapsdepartementet har etablert ei etatsgruppe som skal bidra til felles utviklingsretning for nyskapande digitale brukarreiser i utdanningssektoren. Saman med Utdanningsdirektoratet har vi fått eit felles oppdrag om etablera og driva etatsgruppa.