Mentorordningar for studentar i høgare utdanning
Mentorordningar skal bidra til at studentar blir fagleg og sosialt integrerte ved lærestaden, slik at dei får best mogeleg utbytte av studiet og studietida.
Sist oppdatert : 19. mars 2024Mentorordningar kan bidra til auka gjennomstrøyming, trivsel og læring. Det er ei rekkje ulike mentorordningar ved utdanningsinstitusjonane, og det finst mange måtar å organisere mentorordningar på.Direktoratet skal leggje til rette for dialog og erfaringsutveksling for å støtte universitet og høgskular i arbeidet med å etablere mentorordningar for studentar. I samband med dette vart det i 2019-2020 gjort ei kartlegging blant eit utval universitet og høgskular, rundt korleis dei arbeider for å etablere mentorordninger. Dei viktigste funna er oppsummerte i notatet Etablering av mentorordninger: En kartlegging av institusjonenes arbeid og behov for dialog og erfaringsdeling.
Direktoratet har også arrangert webinar for å bidra til kunnskapsdeling rundt mentorordningar. Følg med på hkdir.no for relevante arrangement, der mentorordningar anten er hovudtema eller inngår i programmet.
Mentorsatsing støtta av Helsedirektoratet
Universitetet i Bergen (UiB) og Sammen – Studentsamskipnaden på Vestlandet – har i tre omgangar (2018, 2019 og 2022) fått tilskot frå Helsedirektoratet for å utvikle mentorordningar. Prosjektet har blant anna bidratt til utvikling av eit opplæringsprogram for mentorar, og skal bidra til etablering av og foredling av mentorordningar, samt tilretteleggje for kunnskapsdeling og utvikling av nytt kunnskapsgrunnlag. Du som skal etablere eller drifte mentorordningar, kan ha nytte av rapporter og ressursar utvikla gjennom mentorsatsinga ved Universitetet i Bergen.
Kompetansenettverk for studentars suksess i høgare utdanning
Nettverket er etablert for å bidra til at universitet, høgskular og samskipnader kan drive eit systematisk arbeid for å sikre at fleire studentar fullfører utdanninga og oppnår ei grad, og arbeider for å fremje samarbeid og innsikt på tvers av institusjonar, fag og profesjon. Nettverket drøftar og deler erfaringar blant anna med mentorordningar.
Mentor for studentar med funksjonsnedsetjingar
I tillegg til allmenne mentorordningar, er det ei eiga mentorordning for studentar med funksjonsnedsetjingar, der ein kan frikjøpe ein medstudent på timebasis; for fagleg, sosial og praktisk støtte i studiesituasjonen. Tiltaket er atterhalde studentar som tek utdanning via NAV. Studenten må vere over 22 år, og tildeling skjer etter ei individuell vurdering av behovet for bistand for å styrke moglegheita til å skaffe og/eller behalde arbeid.
Fleire universitet og høgskular tilbyr eigenfinansiert mentorordning for studentar med funksjonsnedsetjingar som fell utanom kriteria for NAV si mentorordning. Dette skjer gjennom ei individuell vurdering av behova til studenten; om tiltaket vil kompensere for utfordringane til studenten og ressursane til lærestaden.
Direktoratet skreiv i 2022 rapporten Mentor for studenter med funksjonsnedsettelse; en kartlegging av nytteverdi og organisering av ordningen. Føremålet var å synleggjere mentor som eit tilretteleggjingtiltak, og belyse nytteverdien av mentorordninga for student, lærestad og NAV. Du som arbeider med desse mentorordningane på lærestaden, kan ha nytte av tilrådingane i rapporten rundt kva grep som kan kvalitetssikre og effektivisere ordninga.
Bakgrunn for mentordningar
I 2019 bad Kunnskapsdepartementet gjennom tildelingsbrevet til statlege universitet og høgskular om at det vart etablert mentordningar. Institusjonane har stor fridom i korleis ordningane vert utforma.
Mentorordningar vert omtalt i Meld. St. 16 (2016-2017), «Kultur for kvalitet i høyere utdanning». I samband med handsaminga av meldinga, vedtok Stortinget å be regjeringa utgreie korleis ein trinnvis kan innføre ei mentorordning i høgare utdanning.
Kunnskapsdepartementet bad deretter Universitetet i Bergen om å greie ut status når det gjaldt mentorordningar nasjonalt og internasjonalt. Oppdraget resulterte i rapporten Utredning om mentorordning i høyere utdanning, 2018. I åra etter er ei rekkje nye mentorordningar etablert ved universitet og høgskular i Noreg.