Hopp til hovudinnhald

Europeiske lærarakademi

• Erasmus+

Erasmus+ Teacher Academies er eit partnarskapsprogram med intensjon om å skapa nettverk som omfattar lærarutdanningsinstitusjonar og lærarorganisasjonar.

Kven kan søke

Følgjande organisasjonstypar kan stå som søkjar/part i partnarskap, dersom dei er registrert i eit Erasmus+-land (sjå programguiden Part A for informasjon om kva land som er gyldige som deltakarar):

  • Lærarutdanningsinstitusjonar som utdannar lærarar til ISCED-nivå 1-3, samt yrkesfaglærarar. Det vil seie høgskular, institutt eller universitet som tilbyr innleiande lærarutdanning og/eller etter- og vidareutdanning.
  • Offentlege forvaltningsorgan som er ansvarlege for utdanningspolicy, til dømes departement, direktorat etc.
  • Offentlege eller private organ som er ansvarlege for å utvikle policy for lærarutdanning, samt utvikle standardar for lærarutdanning. Det kan vere på lokalt, regionalt eller nasjonalt nivå.
  • Lærarorganisasjonar eller andre nasjonalt anerkjende tilbydarar av lærarutdanning og vidare profesjonsutvikling.
  • Myndigheiter ansvarlege for utdanning og opplæring av lærarar, samt tilsyn av vidare profesjonsutvikling og kvalifikasjonar hjå lærarar.
  • Skular som samarbeider med lærarutdanningstilbydarar for å mogleggjere praksis som del av lærarutdanninga.
  • Andre skular eller organisasjonar med relevans for prosjektet. Det kan til dømes vere skuler frå grunnskule til innleiande yrkesfagopplæring, og organisasjonar som NGO-ar eller lærarorganisasjonar.

I tillegg må eit Erasmus+ Lærarakademi bestå av minst 3 fullverdige partnarar frå minst 3 Erasmus+-land. Av desse må minst 2 vere nasjonalt anerkjende tilbydarar av lærarutdanning, og desse må vere frå to forskjellige Erasmus+-land. I tillegg må minst 1 partnar vere nasjonalt anerkjend tilbydar av vidare profesjonsutvikling for lærarar (EVU).

Erasmus+-landa inkluderer i tillegg til dei 27 EU-landa, dei tre EFTA-landa som vert omfatta av EØS-avtalen: Norge, Island og Liechtenstein. I tillegg kjem Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia.

Sjå Erasmus+ Programme guide for vidare forklaringar rundt gyldige søkjarar og partnarar.

Søknadsfrist

Utløpt
(norsk tid)

Om tilskotet

Kva kan du søke støtte til?

Ein kan søkje om midlar til å opprette europeiske lærarakademi (Erasmus+ Teacher Academies). Det vil seie partnarskap mellom institusjonar/organisasjonar av typen som er nemnd over.

I partnarskapa skal ein implementere eit samanhengande og omfattande sett med aktivitetar som støtter oppunder målsetnadane for tiltaket (sjå lenger ned under Meir informasjon om tiltaket).

For utfyllande forklaring og døme på slike aktivitetar, sjå Erasmus+ Programme guide under "setting up a project" (s. 237-238).

Sjå opptak av webinar

Sjå opptak av eit nordisk webinar om tiltaket, der mellom anna Frode Paulsen og Mats Hordvik frå Noregs idrettshøgskule presenterer arbeidet med akademiet sitt: Physical Education Teacher Academy.

Formål

Lærarakademia har fire hovudmål, som noko forenkla kan oppsummerast slik:

  • Bidra til utvikling av policy og praksis tilknytt lærarutdanningane i Europa.
  • Styrke den europeiske dimensjonen og internasjonaliseringa i lærarutdanningane.
  • Utvikle og prøve ut forskjellige former for virtuell, fysisk og blanda mobilitet som del av initiell lærarutdanning samt lærarars vidare profesjonsutvikling.
  • Bidra til å utvikle berekraftige partnarskap/samarbeid som verktøy for kvalitetsheving i lærarutdanningane.

Lærarakademia er eit sentralisert tiltak. Det vil seie at det er Europakommisjonen som både mottek og handsamar søknader samt forvaltar prosjektene etter oppstart.

Maksimal søknadsramme for kvart partnarskap: 1,5 millionar EUR, med prosjektperiode på tre år.

Over tid er intensjonen å skape praksisfellesskap på tvers av europeiske landegrenser – særleg innanfor initiell lærarutdanning og vidare profesjonsutvikling – med mål om at dette på sikt skal informere nasjonal og europeisk utdanningspolitikk og byggje oppunder innovasjon i lærarpraksis. Nettverka er meint å tilby både lærarar og studentar læringsmoglegheiter i pedagogiske førehald av felles relevans og interesse.

Prosjektetableringsstøtte

Institusjonar, organ, organisasjonar og bedrifter som ønskjer å utvikle prosjekt innanfor dei sentraliserte tiltaka i Erasmus+, kan søkje om prosjektetableringsstøtte (PES). Vi vil hjelpe med rettleiing etter behov. Les meir om prosjektetableringsstøtte.

Slik søker du

Ettersom tiltaket er administrert av Europakommisjonen, søkjer ein direkte til Europakommisjonen sin underorganisasjon European Education and Culture Executive Agency (EACEA).

Søknadsskjema publiserast på EACEA sine eigne sider for tiltaket. Her finn ein også ein funksjon for kopling av potensielle partnarar. Her kan ein melde si interesse for å finna nye partnarar, eller leite aktivt etter partnarar blant dei som allereie har meld si interesse.

Sjå elles til programguiden for søknadskriterium og all annan informasjon om tiltaket.

Slik behandlar vi søknaden

Lærarakademia er eit sentralisert tiltak. Det vil seie at det er Europakommisjonen som både mottek og handsamar søknader samt forvaltar prosjektene etter oppstart.

Kontakt oss

Erasmus+ høyere utdanning

E-post:erasmus@hkdir.no