Hopp til hovudinnhald

Utviklingsmidlar til høgare yrkesfagleg utdanning 2024

• Utviklingsmidler til høyere yrkesfaglig utdanning

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) lyser ut 75,1 millionar kroner i tilskot til kvalitetsutvikling i høgare yrkesfagleg utdanning, med atterhald om  vedtak i Stortinget i samsvar med forslag for midlane i Prop. 1 S (2023-2024).

Desse fekk midlar

HK-dir tildeler 76 674 211 millioner kronar til 58 utviklingsprosjekt ved 18 fagskular. Midlane går til prosjekt som skal utvikle nye utdanningar i samarbeid med arbeidslivet, få på plass naudsynt utstyr, ta i bruk digital teknologi i læring og undervisning og tilby kompetanseheving til lærare for å sikre undervisning av høg kvalitet. Fagskolen i Viken og Fagskolen Rogaland får mest pengar.

Kven kan søke

Under denne utlysinga kan følgande søke om midlar:

  • Offentlege og private fagskolar

Fleire fagskular kan samarbeide om ein felles søknad. Søkarar vert oppfordra generelt til å etablere samarbeid med andre aktørar der dette kan styrke prosjektet.

Søknadsfrist

Utløpt
(norsk tid)

Om tilskotet

Utlysinga er ein del av tilskotsordninga «Utviklingsmidlar til høgare yrkesfagleg utdanning». Tilskotsordninga er finansiert av Kunnskapsdepartementet.

Ordninga er etablert for å styrke kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning gjennom betre læring for studentane, auka kvalitet i undervisning og høg arbeidslivsrelevans.Tilskotsordninga er eitt av fleire tiltak som skal stimulere til kvalitetsheving i tråd med måla forhøgare yrkesfagleg utdanning.

Slik søker du

Søknader må leverast gjennom HK-dirs søknadsportal Espresso.

Sjå utlysingstekst for informasjon om kva minimumskrav som gjeld for denne utlysinga,kva kriteria søknadene vil bli vurdert ut frå, og korleis søknaden vert behandla.

Rettleiing og malar

Treng dykk rettleiing undervegs?

Presentasjonen frå søkarwebinaret 22.11.2024 er tilgjengeleg her

HK-dir kan svare på spørsmål om utlysinga, men kan ikkje lese gjennom eller kommentere på konkrete søknadsutkast. Rettleiing kan gis på e-post, over telefon, i videomøte eller ansikt til ansikt. Ta gjerne kontakt med ein av dei ansvarlege for utlysinga:

Kjerstin Bruvold Klokkeide, seniorrådgivar
kjerstin.klokkeide@hkdir.no
958 00 764

Christian Kronen, rådgivar
christian.kronen@hkdir.no
979 83 764

Kontakt oss

Kjerstin Bruvold Klokkeide

E-post:Kjerstin.klokkeide@hkdir.no