Hopp til hovudinnhald

Kjenneteikn på måloppnåing i samfunnsfag (FOV)

Læreplanen i samfunnsfag med kompetansemål, tekstane om faget og tekst om undervegsvurdering, beskriv den heilskaplege kompetansen til deltakarane på eit overordna nivå og dannar grunnlaget for vurderingsarbeidet. Kjenneteikna i samfunnsfag beskriv korleis denne samla kompetansen kan sjå ut i kvar enkelt modul på ulike nivå.

Sist oppdatert : 5. mai 2025

Ei faggruppe i samfunnsfag (SAF03-01) har på oppdrag frå HK-dir utarbeidd beskrivingar av kjenneteikn på måloppnåing i modulane. Kjenneteikna kan saman med læreplanen støtte lærarane i arbeidet med undervegsvurdering og sluttvurdering. Med sluttvurdering siktar ein til modulvurdering og standpunktvurdering. Kjenneteikna kan brukast for å utvikle felles forståing av kompetanse på ulike nivå i læreplanen og kan leggje til rette for arbeidet med utvikling av gode vurderingspraksisar, i lokale og regionale tolkingsfellesskap.

Anerkjenning og verdsetjing av erfaringane, ressursane og fleirspråklege kompetansen til deltakarane er eit gjennomgåande prinsipp i læreplanen. Dette prinsippet er vidareført i kjenneteikna og må liggje til grunn for vurderingsarbeidet.

I målgruppa for FOV vil mange ha behov for å utvikle kompetanse i norsk språk og samfunnsfag i eit samspel gjennom heile opplæringsløpet. Dette er det teke omsyn til både i læreplanen og i kjenneteikna på måloppnåing ved at deltakarane skal kunne støtte seg på til dømes ein samtalepartnar, digitale ressursar, fysiske omgivnader, eige morsmål eller bilete, tal og grafar når dei uttrykkjer fagkompetanse. Dette er mellom anna uttrykt ved at det står «med støtte». Slik blir det lagt til rette for at deltakarane kan uttrykkje kompetanse på eit språkleg høgare nivå enn det dei ville hatt føresetnader for å gjennomføre utan denne støtta.

Kjenneteikna er formulerte på eit overordna nivå og for tre karakterar:

For modul 1 og 2: låg måloppnåing, middels måloppnåing og høg måloppnåing, jf. § 15-3 andre ledd i forskrift til opplæringslova.

For modul 3 og 4: låg kompetanse (karakter 2), god kompetanse (karakter 4) og framifrå kompetanse (karakter 6), jf. § 15-3 første ledd i forskrift til opplæringslova.

Modul 1: Kjenneteikn på måloppnåing til støtte for modulvurdering

Låg måloppnåing 
Middels måloppnåing 
Høg måloppnåing 
Deltakaren forstår og
bruker enkelte ord om
samfunn og demokrati. 
Deltakaren forstår og
bruker nokre ord og frasar
om ulike samfunn
og demokrati.
Deltakaren samtaler med
støtte om ulike samfunn og
demokrati. 
Deltakaren forstår og
bruker enkelte ord og frasar
om korleis menneske kan
påverke miljøet i
kvardagen. 
Deltakaren forstår og
bruker ord og frasar om
korleis menneske kan
påverke miljøet
i kvardagen.
Deltakaren gir døme på
korleis menneske kan
påverke miljøet 
i kvardagen. 
Deltakaren forstår og
bruker enkelte ord og
frasar om eigen
kompetanse. 
Deltakaren forstår og
bruker nokre ord og frasar
om eigen kompetanse og
norsk skule. 
Deltakaren fortel på ein
enkel måte om eigen
kompetanse, og gir
døme på betydninga
av utdanning.  

 
Deltakaren forstår og
bruker enkelte ord og
frasar om familieliv.  

 
Deltakaren forstår og
bruker nokre ord og
frasar om familieliv,
og om korleis folk
levde før og no.
Deltakaren samtaler med
støtte på ein enkel måte
om familieliv, og om
korleis folk levde
før og no. 
Deltakaren bruker med
støtte tilrettelagde
kjelder.  
Deltakaren bruker med
støtte kart og tilrettelagde
kjelder, og forstår og bruker
ord og frasar om nettvett
i kvardagen. 
Deltakaren forstår og
bruker kart og tilrettelagde
kjelder, og samtaler med
støtte om nettvett
i kvardagen. 

Modul 2: Kjenneteikn på måloppnåing til støtte for modulvurdering

Låg måloppnåing 
Middels måloppnåing 
Høg måloppnåing 
Deltakaren samtaler med
støtte om nokre trekk ved
demokratiet, og retten
mennesket har til frie
og likeverdige liv. 
Deltakaren beskriv på ein
enkel måte nokre sider ved
demokratiet i Noreg, og
retten mennesket har til
frie og likeverdige liv. 
Deltakaren beskriv på ein
enkel måte demokratiet i
Noreg, og samtaler med
støtte om retten
mennesket har til
frie og likeverdige
liv. 

 
Deltakaren gir døme på
enkelte forhold som
påverkar relasjonar
mellom menneske.  
Deltakaren samtaler med
støtte om nokre forhold
som påverkar relasjonar
mellom menneske. 

 
Deltakaren beskriv nokre
forhold som påverkar
relasjonar mellom
menneske.  
Deltakaren samtaler med
støtte om nokre trekk
ved norsk skule og
arbeidsliv.   
Deltakaren beskriv nokre
trekk ved norsk utdanning
og arbeidsliv, og samtaler
med støtte om
moglegheiter for arbeid
i Noreg.   

 
Deltakaren samtaler om
nokre sentrale trekk ved
norsk utdanning og
arbeidsliv, og utforskar
moglegheiter for
arbeid i Noreg.   
Deltakaren gir døme på
nokre val og handlingar
som kan bidra til eit
meir berekraftig samfunn.  
Deltakaren fortel på ein
enkel måte om nokre val og
handlingar som kan bidra
til eit meir berekraftig
samfunn.  

 
Deltakaren samtaler med
støtte om val og handlingar
som kan bidra til eit meir
berekraftig samfunn.  
Deltakaren gir døme på
kvifor menneske flyttar
og flyktar. 
Deltakaren samtaler med
støtte om kvifor menneske
flyttar og flyktar.  

 
Deltakaren reflekterer med støtte
over kvifor menneske flyttar
og flyktar. 
Deltakaren bruker nokre
eigna kjelder med støtte. 
Deltakaren bruker eigna
kjelder og kart med noko
støtte, og samtaler på ein
enkel på måte om
nettvett.  

 
Deltakaren bruker eigna
kjelder og kart og fortel
om betydninga av nettvett.  

Modul 3: Kjenneteikn på måloppnåing til støtte for modulvurdering

Låg kompetanse,
karakteren 2 
God kompetanse,
karakteren 4 
Framifrå kompetanse,
karakteren 6 
Deltakaren samtaler med
støtte om samfunnsfaglege
og geografiske tema,
gjerne med utgangspunkt
i eigne erfaringar.  

 
Deltakaren samtaler om
samfunnsfaglege og
geografiske tema, gjerne
med utgangspunkt i
eigne erfaringar.  

 
Deltakaren utforskar og
samtaler om
samfunnsfaglege og
geografiske tema, gjerne
med utgangspunkt i eigne
erfaringar og eigen
kompetanse.
Deltakaren samtaler om
enkelte sider ved norsk
utdanningssystem og
arbeidsliv, og om eiga
erfaring og kompetanse. 
Deltakaren beskriv nokre
trekk ved norsk
utdanningssystem og
arbeidsliv, og utforskar
eigne moglegheiter i
utdanning og arbeidsliv.  

 
Deltakaren samtaler om
sentrale trekk ved norsk
utdanningssystem og
arbeidsliv, og reflekterer
over eigne moglegheiter.  
Deltakaren samtaler med
støtte om enkelte sider ved
demokratiske samfunn og
retten til frie og likeverdige
liv.  
Deltakaren beskriv nokre
sider ved demokratisk
samfunn og retten til frie og
likeverdige liv.  

 
Deltakaren samtaler og
reflekterer over ulike sider
ved demokratiske samfunn
og retten til frie og
likeverdige liv.   

 
Deltakaren gir døme på
nokre historiske hendingar
og prosessar som har
danna dagens samfunn.  
Deltakaren beskriv nokre
sentrale
historiske hendingar og
prosessar som har danna
dagens samfunn. 
Deltakaren presenterer
nokre sentrale
historiske hendingar og
reflekterer over historiske
hendingar og prosessar
som har danna
dagens samfunn.  

 
Deltakaren samtaler med
støtte om berekraftige
samfunn. 
Deltakaren gir døme på
kjenneteikn ved
berekraftige samfunn.  
Deltakaren presenterer
sentrale trekk ved
berekraftige samfunn og
utforskar berekraftige
tiltak.  

 
Deltakaren bruker nokre
kjelder, og samtaler med
støtte om digital
dømmekraft. 
Deltakaren finn og bruker
kjelder, og samtaler om
digital dømmekraft. 
Deltakaren bruker
informasjon frå ulike kjelder,
stiller kritiske spørsmål til
kjeldebruk og samtaler om
digital dømmekraft.  

 

Modul 4: Kjenneteikn på måloppnåing til støtte for standpunktvurdering

Låg kompetanse,
karakteren 2 
God kompetanse,
karakteren 4 
Framifrå kompetanse,
karakteren 6 
Deltakaren fortel om delar
av arbeidslivet og den
moderne velferdsstaten.   
Deltakaren presenterer
nokre kjenneteikn ved
arbeidslivet og den
moderne velferdsstaten.  
Deltakaren presenterer og
reflekterer over sentrale
sider av arbeidslivet og gir
døme på samanhengar
mellom arbeidslivet, den
moderne velferdsstaten og
det demokratiske Noreg.  

 
Deltakaren fortel om ulike
styresett og nokre sentrale
sider ved demokratiske
samfunn. 

 
Deltakaren identifiserer og
beskriv ulike styresett og
sentrale sider ved
demokratiske samfunn. 
Deltakaren reflekterer over
sentrale sider ved
demokratiske samfunn
og samanliknar ulike
styresett.  

 
Deltakaren fortel om makt,
konfliktar og samarbeid.  
Deltakaren identifiserer og
beskriv korleis makt,
konfliktar og samarbeid
påverkar samfunn
og individ. 
Deltakaren viser døme på
og reflekterer over korleis
makt, konfliktar og
samarbeid kan påverke
samfunn og individ.  

 
Deltakaren gir døme på kva
som kan påverke
berekraftig utvikling.  
Deltakaren identifiserer og
beskriv nokre samanhengar
mellom økonomiske,
miljømessige og sosiale
dimensjonar ved
berekraftig utvikling. 
Deltakaren diskuterer og gir
døme på samanhengar
mellom økonomiske,
miljømessige og sosiale
dimensjonar ved
berekraftig utvikling. 
Deltakaren gir døme på
nokre moglegheiter og
utfordringar i eit
mangfaldig samfunn.  

 
Deltakaren identifiserer og
beskriv nokre moglegheiter
og utfordringar i eit
mangfaldig samfunn, i eit
historisk og notidig
perspektiv.  

 
Deltakaren presenterer og
reflekterer over
moglegheiter og
utfordringar i eit
mangfaldig samfunn, i eit
historisk og notidig
perspektiv. 

 
Deltakaren finn og bruker
informasjon frå ulike kjelder
om samfunn og nokre
historiske hendingar.  
Deltakaren finn og vurderer
informasjon frå ulike kjelder
om samfunn og nokre
historiske hendingar. 
Deltakaren utforskar ulike
kjelder og gir døme på
korleis ulike kjelder
påverkar kunnskapen vår
om samfunn og historiske
hendingar.   

 

Kjennetegn på måloppnåelse for modulene i FOV

Utformingen av kjennetegnene har vært et utviklingsarbeid, og her kommer første versjon. Vi vil innhente innspill fra ledere og lærere i voksenopplæringen når dere har gjort dere erfaringer med bruken av disse i arbeidet med modulvurdering og standpunktvurdering.

Har du innspill til kjennetegnene? Send oss en e-post: fullforingsreformen@hkdir.no