Om pilotering og kvifor dette er viktig
Før nye oppgåver blir tekne i bruk i norskprøvane, blir dei prøvde ut gjennom pilotering. Her kan du lese om kva pilotering er, og kvifor dette er viktig.
Sist oppdatert : 23. oktober 2026Kva er pilotering?
Pilotering er utprøving av nye oppgåver før dei blir tekne i bruk i norskprøvane. Gjennom pilotering får vi undersøkt om oppgåvene fungerer slik dei skal, og om dei måler språkferdigheitene på ein påliteleg og rettferdig måte. Resultata blir brukte til å vurdere og forbetre oppgåvene før dei eventuelt blir ein del av prøva.
Kvifor pilotering?
Lese- og lytteoppgåvene må ha rett vanskegrad, slik at dei gir ei god måling av nivået. For å sikre dette, piloterer vi alle oppgåver som seinare skal bli brukt i norskprøvane. Det vil seie at vi prøver ut oppgåver på deltakarar i norskopplæringa. Slik får vi informasjon om kor vanskelege dei ulike oppgåvene er, og kor godt dei skil mellom dei ulike kandidatane. Samtidig får deltakaren øvd seg på å ta ein prøve og blir kjend med prøven og oppgåvetypane.
Kven kan delta?
Til pilotering treng vi deltakarar som samla sett speglar den gruppa som skal ta prøven. Alle som er på nivå A1 til B2 kan derfor delta.
Vi har spesielt stort behov for deltakarar på B2-nivå (fordi det ikkje er så mange av desse i opplæringa). Men også deltakarar på A1-nivå er viktige.
Vi anbefaler likevel ikkje at elevar som er langt unna å klare ein A1-prøve deltar i pilotering. Pilotering av leseoppgåver skal teste om dei fungerer til lesing. Elevar som ikkje kan lese sjølve, kan derfor ikkje delta.
Utprøving av oppgåver fortel oss kor vanskelege oppgåvene er for den gruppa som skal ta prøven. Viss dei som tar pilotprøvane, ikkje speglar kandidatmassen, kan det føre til feil vanskegrad på oppgåvene i prøven. Det same skjer dersom piloteringa ikkje skjer under same vilkår som ekte prøvar.
Alle registrerte prøvestader kan melde opp deltakarar til pilotering.
Poeng og resultat på pilotering
Resultatet er i form av rammeverksnivå (A1, A2, B1, B2).
Pilotprøvane inneheld både gamle oppgåver og oppgåver som ikkje har vore prøvde ut før. Grensa mellom nivåa (A1-B2) er sett på førehand, på grunnlag av gamle oppgåver, og resultatet er difor klart så snart deltakarane har levert prøven. Med denne utrekningsmåten blir resultatet sett på grunnlag av eit utval av oppgåver, ikkje alle, og det er difor litt meir usikkert enn når det blir rekna ut etterpå. Likevel tenker vi at det er ein stor fordel å ikkje måtte vente 2-6 veker på resultatet.
Deltakarane ser resultatet på skjermen så snart dei leverer. Det blir ikkje sendt ut resultat for skular og klassar i etterkant. Med den nye utrekningsmåten har vi ikkje tilgang til desse resultata slik at dei kan sendast vidare. Viss lærarane ønsker å lage ei oversikt over sine elevar, må dei gå inn på kvar enkelt deltakar i PAD (Prøveadministrativt system).
Ein annan konsekvens av den nye utrekninga, er at vi ikkje kan vise poeng for kor mange rette svar deltakarane har.
Forskjellar mellom piloteringsprøvane og reelle prøvar
- Piloteringsprøvane skal ikkje publiserast i privatistportalen.
- Det er ikkje dagspassord på piloteringsprøvane. Prøvane er tilgjengelege for deltakaren frå den datoen prøven er planlagt gjennomført, og ut piloteringsperioden.
- Piloteringsprøvane er ikkje adaptive.
- Vanskegraden på dei nye oppgåvene er ikkje kjend – det veit vi først etter at piloteringsprøvane er analyserte. Poenga seier derfor ikkje noko om nivået til deltakaren.