Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2026
5. Finansiering av høgare yrkesfagleg utdanning
I 2025 vart det nytta om lag tre milliardar kroner til høgare yrkesfagleg utdanning, ein auke på om lag 270 millionar frå 2024. Finansieringa av høgare yrkesfagleg utdanning er samansett og byggjer på fleire kjelder som til saman legg grunnlaget for tilbodet til både offentlege og private fagskular.
Stortingsmeldinga Fagfolk for ei ny tid (Meld. St. 11 (2024-2025)) peikar på behovet for vidare utvikling av finansieringa av høgare yrkesfagleg utdanning. Meldinga løfter særleg fram at fylkeskommunane i tildelinga av driftsmidlar skal bidra til solide fagskular med tilstrekkeleg sterke faglege og administrative miljø, og gi fagskulane større handlingsrom gjennom rammetildeling med overordna føringar. Meldinga legg òg opp til ei styrking av den resultatbaserte utteljinga i det statlege driftstilskotet.
Dei siste åra har det vore ein tydeleg auke i offentleg finansiering i fagskulesektoren. Auken kjem særleg gjennom det statlege driftstilskotet som fylkeskommunane forvaltar. Samstundes har det vore tydeleg vekst i statlege prosjektmidlar, særleg gjennom treparts bransjeprogram for kompetanse, der tildelingane til fagskulane er meir enn dobla frå 2024 til 2025. Auka løyvingar til nye studieplassar har òg bidrege til vekst i kapasiteten, særleg innanfor statleg prioriterte fagområde.
Utviklinga i studenttala peiker mot ei forskyving mellom finansieringsformene. Talet på studentar på delvis og fullt offentleg finansierte tilbod aukar, medan talet på studentar på fullt skulepengefinansierte tilbod har gått ned etter fleire år med vekst. Dette kan sjåast i samanheng med auka rammer for offentleg finansiering.
Kapittelet viser òg tydelege skilnader i korleis utdanningstilboda er organiserte. Offentleg finansierte tilbod er i hovudsak deltids- og samlingsbaserte, med ein høg del studentar med yrkesfagleg bakgrunn. Skulepengefinansierte tilbod er i større grad heiltids- og nettbaserte, og rekrutterer i hovudsak studentar med generell studiekompetanse.
Eit anna hovudtrekk er at fullføringa gjennomgåande er høgare i dei offentleg finansierte tilboda enn i dei skulepengefinansierte. Samla gir dette eit bilete av ein sektor der offentleg finansiering i aukande grad legg rammene for utvikling i både kapasitet, organisering og gjennomføring av utdanningane. I resten av kapittelet ser vi nærare på korleis finansieringa av høgare yrkesfagleg utdanning er sett saman, og i kapittel 5.7 vert utviklinga i finansieringsformene analysert meir i detalj.
5.1 Samansetjing av finansieringskjelder
Den offentlege finansieringa har blitt styrkt frå 2024 til 2025. Finansieringa kan i hovudsak delast i to delar: offentleg finansiering og skulepengefinansiering. Figur 5.1 gir eit oversyn over korleis dei ulike finansieringskjeldene bidreg til den samla finansieringa av høgare yrkesfagleg utdanning i 2025.
Det statlege driftstilskotet forvalta av fylkeskommunane er den klart største finansieringskjelda. I 2025 utgjorde dette tilskotet om lag 1,6 milliardar kroner, ein markant auke frå om lag 1,4 milliardar kroner i 2025. Òg tilskot frå fylkeskommunane sine frie inntekter har auka, frå om lag 170 millionar kroner i 2024 til 215 millionar kroner i 2025.
Skulepengar utgjer framleis ein stor del av finansieringa i 2025. Samla utgjorde skulepengar om lag 859 millionar kroner, der 830 millionar kroner var knytt til private fagskular. Nivået på skulepengar har vore relativt stabilt samanlikna med 2024, noko som tyder på at veksten i den samla finansieringa i hovudsak kjem gjennom auka offentlege løyvingar. Vi ser nærare på skulepengar i kapittel 5.4.
Nokre fagskular er finansierte direkte over statsbudsjettet. Dette gjeld dei statlege fagskulane, som er nærare omtalt i kapittel 5.5.
Vidare viser figur 5.1 at statlege prosjektmidlar utgjer ein mindre del av den samla finansieringa i 2025, med 147 millionar kroner. Samstundes har prosjektmidlane hatt ein tydeleg auke frå 2024, då tilsvarande nivå var om lag 118 millionar kroner. Prosjektmidlane fungerer slik som eit supplement til driftstilskotet, særleg retta mot utviklings- og fornyingsarbeid. Ei nærare omtale av dei statlege prosjektmidlane er gitt i kapittel 5.6.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F5.1
5.2 Statleg tilskot til drift av fagskular
Fylkeskommunane spelar ei sentral rolle i forvaltinga av det statlege driftstilskotet til sektoren. Gjennom forvaltinga av det statlege driftstilskotet skal dei leggje til rette for utdanningstilbod i samsvar med behovet for kompetanse lokalt, regionalt og nasjonalt, jf. fagskolelova §3.
I 2025 løyvde Stortinget om lag 1,6 milliardar kroner til drift av fagskular over Kunnskapsdepartementet sitt budsjett, som er ein auke på om lag 200 millionar kroner sidan 2024. Dette er den klart største enkeltståande finansieringskjelda i fagskulesektoren, og ho aukar meir enn andre finansieringskjelder. Dette inneber at det statlege driftstilskotet utgjer ein noko større del av den samla finansieringa enn tidlegare år. Det er i hovudsak gjennom tilskot til nye studieplassar at tilskotet til drift aukar. I statsbudsjettet for 2025 vart det løyvd midlar til 900 nye studieplassar, gjennom ordninga for driftstilskot, og 100 nye studieplassar gjennom ordninga Industrifagskulen.
Fylkeskommunane forvaltar det meste av driftstilskotet
Ordninga for driftstilskot er organisert slik at HK-dir fordeler midlane til fylkeskommunane, som igjen forvaltar og tildeler tilskot til fagskular med utdanningstilbod i sine fylke. I denne rolla skal fylkeskommunane dimensjonere utdanningstilbod og fordele midlar basert på vurderingar av kompetansebehov i arbeidslivet og gjere prioriteringar ut frå kvar behovet er størst.
I samband med behandlinga av statsbudsjettet fastsett Stortinget dei overordna måla for høgare yrkesfagleg utdanning som tilskotet til drift skal medverke til:
- høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning
- relevant høgare yrkesfagleg utdanning som svarer på kompetansebehova i arbeidslivet
- god tilgang til høgare yrkesfagleg utdanning i heile landet
- effektiv og veldriven fagskulesektor
Ein mindre del av det statlege driftstilskotet er øyremerkt spesifikke formål. Dette gjeld mellom anna tilskot til tolv private fagskular som samla fekk om lag 82,5 millionar kroner i 2025. Desse fagskulane er omfatta av same tilskotsordning som andre fagskular, og midlane vert utbetalte via fylkeskommunane.
I tillegg var om lag 52,9 millionar kroner av det statlege driftstilskotet i 2025 øyremerkt ordninga Industrifagskulen. Industrifagskulen er ei ordning for kortare utdanningstilbod retta mot industri- og byggrelaterte fag, og midlane vert fordelte til fagskular av HK-dir etter søknad.
Av totalt 1,6 milliardar kroner løyvd til drift av fagskular vart altså om lag 135 millionar kroner øyremerkte ulike formål og derfor ikkje underlagt fylkeskommunane sine prioriteringar. I kapittel 5.7 ser vi nærare på heiltidsekvivalentar og studiepoengproduksjon fordelt på finansieringskjelder. Sjå òg fylkesvedlegget for nærare informasjon om fordeling av midlar og aktivitet i det enkelte fylket.
Private fagskular mottar ein tredel av det offentlege driftstilskotet
Det statlege tilskotet til offentlege og private fagskular er vist i tabell 5.1. Beløpa inkluderer òg tilskot gjennom Industrifagskulen, som vert utbetalt via fylkeskommunane. I vedlegget til tabellen (T5.1) er tilskotet fordelt per institusjon. Medan dei offentlege fagskulane mottek om lag 1,05 milliardar kroner i statleg driftstilskot frå fylkeskommunar i 2025, mottek dei private fagskulane om lag 512 millionar kroner. Fordelinga er dermed om lag to tredelar til dei offentlege og ein tredel til dei private fagskulane.
Tilskotet er fordelt på 14 offentlege og 28 private fagskular, inkludert dei tolv private fagskulane som mottar øyremerkte midlar som omtala over. Fylkesvedlegget gir nærare informasjon om korleis fylkeskommunane fordeler det statlege tilskotet mellom offentlege og private fagskular.
Det er store variasjonar i tilskotsnivået mellom dei private fagskulane. Nokre få større fagskular mottar relativt høge tilskot, med beløp på over 50 millionar kroner, medan fleire mindre fagskular mottar tilskot på under fem millionar kroner. Dei største tilskotsmottakarane blant dei private er Din Kompetanse fagskole, Fagskolen Diakonova, Fagskolen Kristiania, Fagskolen Tirna, Gokstad akademiet og MedLearn, som alle har tilskot på kring 50–70 millionar kroner.
Òg blant dei offentlege fagskulane er det store skilnader i det statlege tilskotet frå fylkeskommunane. Nokre fagskular mottar tilskot på kring 125–175 millionar, medan dei fleste ligg på eit nivå mellom 50–100 millionar. Samstundes er det nokre fagskular som har tilskot på under ti millionar frå det statlege tilskotet som fylkeskommunane forvaltar. Dei største tilskotsmottakarane blant dei offentlege fagskulane er Fagskolen Innlandet, Fagskolen Viken og Fagskulen Vestland. Tilskotet til dei fylkeskommunale fagskulane må òg sjåast i samanheng med midlar frå fylkeskommunane sine frie inntekter for å gi eit meir fullstendig bilete av den samla finansieringa.
Fagskular | Statleg driftstilskot til fagskular | Andel av tilskot |
|---|---|---|
Offentlege fagskular | 1 045 099 000 | 67 % |
Private fagskular | 512 490 000 | 33 % |
Totalt | 1 557 589 000 | 100 % |
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: T5.1
5.3 Fylkeskommunane sine frie inntekter
Fylkeskommunane kan bruke sine eigne frie inntekter til finansiering av fagskular. Med frie inntekter meiner vi her overføringar frå Kommunal- og distriktsdepartementet sitt budsjett som ikkje er øyremerkt høgare yrkesfagleg utdanning. Fylkeskommunane rapporterer årleg til DBH‑HYU kor mykje midlar dei tildeler fagskulane utover det statlege driftstilskotet.
Bruken av frie inntekter til finansiering av fagskular varierer. Mange fylkeskommunar har hatt ei relativt stabil tildeling over tid, men det er òg variasjonar mellom år og mellom fylke. Dette inneber at tala for fylkeskommunane sitt tilskot frå frie inntekter i avgrensa grad eignar seg for samanlikning mellom fylke. Tala gir eit betre grunnlag for å følgje utvikling over tid, både for den einskilde fylkeskommune og for sektoren samla sett.
Det er òg ulik praksis for kva som vert rekna som tilskot. Dette gjeld både direkte bidrag, som til dømes driftstilskot eller dekning av husleige, og meir indirekte støtte, som gratis lokale eller administrative tenester. Slik indirekte støtte vert i mindre grad fanga opp i rapporteringa til DBH-HYU. Tala er derfor ikkje egna til å gjere samanlikningar i tilskotsnivå mellom fylkeskommunar.
Tabell 5.2 viser at det samla tilskotet frå fylkeskommunane sine frie inntekter har auka frå om lag 170 millionar i 2024 til om lag 215 millionar i 2025. Samanlikna med 2019, då nivået var om lag 99 millionar kroner, viser dette ein tydeleg auke i bruken av frie inntekter til fagskular over tid.
Tala for 2019 er inkluderte for å gi eit lengre tidsperspektiv. Desse er berekna ved å slå saman tidlegare fylke i tråd med fylkesstrukturen etter 2020. Tala viser at fleire fylkeskommunar har auka tilskota frå frie inntekter sidan 2019. Samstundes er det variasjonar i rapporteringa. Nokre fylkeskommunar rapporterer om tilskot i 2025, men ikkje i 2019, medan andre rapporterte tidlegare, men ikkje i 2025. Dei fleste fylkeskommunane rapporterer likevel tilskot både i 2019 og 2025, og for mange av desse har nivået på tilskota auka over tid.
Sjølv om det er noko usikkerheit til rapporteringa, gir tala ein god indikasjon på at fylkeskommunane over tid har styrkt tilskota til fagskulane gjennom eigne frie inntekter.
Fylkeskommune | 2019 | 2024 | 2025 |
|---|---|---|---|
Agder fylkeskommune | 0 | 11 785 000 | 16 793 000 |
Akershus fylkeskommune | 3 961 000 | 5 073 000 | 6 706 000 |
Buskerud fylkeskommune | 0 | 21 607 000 | 21 818 000 |
Finnmark fylkeskommune | 4 174 000 | 0 | 15 257 000 |
Innlandet fylkeskommune | 0 | 0 | 3 472 000 |
Møre og Romsdal fylkeskommune | 14 089 000 | 33 900 000 | 35 522 000 |
Nordland fylkeskommune | 10 956 000 | 20 882 000 | 21 332 000 |
Oslo fylkeskommune | 0 | 0 | 0 |
Rogaland fylkeskommune | 1 476 000 | 668 000 | 716 000 |
Telemark fylkeskommune | 1 067 000 | 0 | 0 |
Troms fylkeskommune | 14 150 000 | 30 983 000 | 42 253 000 |
Trøndelag fylkeskommune | 9 584 000 | 23 520 000 | 25 538 000 |
Vestfold fylkeskommune | 3 500 000 | 0 | 0 |
Vestland fylkeskommune | 20 625 000 | 21 213 000 | 0 |
Østfold fylkeskommune | 15 291 000 | 0 | 25 400 000 |
Totalt | 98 873 000 | 169 631 000 | 214 807 000 |
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: T5.2
5.4 Skulepengar
I 2025 utgjorde skulepengar samla om lag 859 millionar kroner, det svarar til 27 prosent av samla finansiering av høgare yrkesfagleg utdanning. Dette er ein auke på om lag 13 millionar kroner samanlikna med 2024, jamfør figur 5.2. Auken kjem frå vekst i utdanningstilbod som er fullfinansierte gjennom skulepengar. Samstundes har det vore ein nedgang i delen utdanningstilbod som er delvis offentleg finansierte.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F5.2
I 2025 var om lag 92 prosent av skulepengane knytt til utdanningstilbod som er fullfinansierte gjennom skulepengar. Ser ein på omfanget av utdanningstilboda, var den klart største delen (98 prosent) knytt til utdanningstilbod på 30 studiepoeng eller meir (sjå vedleggstabell F5.2). Dette heng mellom anna saman med at utdanningar med større omfang gir høgare samla skulepengar, men òg at ein stor del av dei kortare tilboda er fullfinansierte gjennom offentlege ordningar. Sjå blant anna omtale av treparts bransjeprogram i kapittel 5.6.3 og Industrifagskolen i kapittel 5.2.1.
Fleire studentar på lengre utdanningar som er delvis offentleg finansiert
Utviklinga over tid viser at både talet på studentar og omfanget av skulepengar på utdanningstilbod på 30 studiepoeng og over har auka sidan 2022 (sjå tabell 5.3). Hausten 2025 var det om lag 14 200 studentar som betalte skulepengar for slike tilbod, ein moderat auke frå 2024. Auken det siste året er knytt til studentar på delvis offentleg finansierte tilbod, medan talet på studentar på fullt skulepengefinansierte tilbod har gått ned. Nedgangen i talet på studentar på fullt skulepengefinansierte tilbod har i hovudsak kome hausten 2025, og effekten på den samla studentbetalinga for heile året er difor mindre synleg enn dersom ein ser på haustsemesteret isolert. Samanlikna med hausten 2024, var det ein nedgang i det samla skulepengebeløpet hausten 2025, medan det for heile året var ein auke.
Årstal | Delvis offentleg finansiert / andre midlar | Fullfinansiert vha skulepengar / andre eksterne tilskot | ||
|---|---|---|---|---|
Antal studentar | Snitt skulepengar | Antal studentar | Snitt skulepengar | |
2022 | 4 782 | 8 100 | 7 317 | 47 400 |
2023 | 4 032 | 9 100 | 7 643 | 47 600 |
2024 | 5 959 | 6 000 | 7 935 | 49 600 |
2025 | 7 273 | 5 000 | 6 939 | 54 700 |
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: T5.3
Utviklinga kan sjåast i samanheng med at det er fleire heiltidsekvivalentar knytte til utdanningar som er offentleg finansiert (sjå kapittel 5.7.1). Dette inneber at fleire studentar går på fullt eller delvis offentleg finansierte tilbod. Samstundes har talet på studentar på fullt skulepengefinansierte tilbod gått ned frå 2024 til 2025, etter ein auke i perioden frå 2022 til 2024. Nedgangen, på om lag 1 000 studentar, må òg sjåast i samanheng med reduksjon i studenttal ved dei største skulepengefinansierte fagskulane (sjå kapittel 5.7 om utviklinga mellom offentleg finansierte og skulepengefinansierte tilbod).
Om lag 6 900 av studentane som betalte skulepengar i 2025 gjekk på utdanningstilbod som var fullfinansierte gjennom skulepengar eller andre tilskot. Dette er ein nedgang frå 2024, etter fleire år med vekst. Nedgangen kjem særleg innan IT-fag og kreative fag, der ein stor del av studentmassen er konsentrert hos nokre få, store private fagskular (til dømes Noroff og Fagskolen Kristiania). Endringar i studenttalet ved desse aktørane får dermed stor innverknad på den samla utviklinga i skulepengefinansierte tilbod (sjå kapittel 3.2.1 og vedlegg 33).
Talet på studentar på delvis offentleg finansierte utdanningstilbod på 30 studiepoeng og over auka til om lag 7 300 hausten 2025. Dette inneber ein tydeleg vekst for andre år på rad, frå om lag 6 000 studentar hausten 2024 og 4 000 hausten 2023. Veksten kjem særleg innan tekniske fag, som står for den største delen av studentane på delvis offentleg finansierte tilbod på 30 studiepoeng og over. Det er òg ein viss auke innan helse- og velferdsfag og økonomi- og administrasjonsfag (sjå vedlegg 33). Veksten er størst i tal ved offentlege fagskular.
Kombinasjonen av offentleg tilskot og skulepengar er ein måte for fagskulane å kunne auke kapasiteten i utdanningstilbod der etterspurnaden er større enn det som kan finansierast gjennom offentlege midlar åleine. Eit døme på dette er ei avgjerd i Rogaland fylkeskommune, som har opna for at fagskular med utdanningstilbod i fylket, kan ta ein avgrensa studieavgift på inntil 5 000 kroner per semester for offentleg finansierte utdanningstilbod.
For tilbod som er fullfinansiert av skulepengar gjekk dei samla inntektene frå skulepengar ned frå om lag 394 millionar kroner hausten 2024 til om lag 380 millionar kroner hausten 2025. Gjennomsnittleg betaling per student gjekk opp frå 49 700 kr hausten 2024, til 54 700 kr hausten 2025. Dette er inkludert dei kostnadskrevjande luftfartsfaga, som trekkjer gjennomsnittet opp. Utan luftfartsfaga var gjennomsnittleg betaling per student 37 700 kr hausten 2025, ein auke på berre 700 kr frå hausten 2024.
Auke i skulepengefinansierte utdanningar på under 30 studiepoeng
I 2025 vart det betalt om lag 18,2 millionar kroner i skulepengar for kortare studietilbod. Dette er ein auke frå 2024, og ei vidareføring av den veksten ein har sett sidan 2022. Samstundes har talet på oppmeldingar auka til om lag 1 370, mot rundt 1 150 året før, som vist i tabell 5.4. For desse tilboda vert studentane ofte registrerte med fleire oppmeldingar i løpet av eit år, slik at tala må tolkast som omfang av deltaking heller enn tal på unike studentar. Over halvparten av oppmeldingane er knytt til éin fagskule, NKI Fagskoler AS.
Årstal | Delvis offentleg finansiert / andre midlar | Fullfinansiert vha skulepengar / andre eksterne tilskot | ||
|---|---|---|---|---|
Antal oppmeldingar | Snitt skulepengar | Antal oppmeldingar | Snitt skulepengar | |
2022 | 32 | 1 000 | 787 | 8 300 |
2023 | 203 | 1 500 | 1 020 | 9 300 |
2024 | 119 | 4 600 | 1 036 | 15 400 |
2025 | 57 | 5 000 | 1 310 | 13 700 |
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: T5.4
Skulepengar knytt til utdanningstilbod under 30 studiepoeng utgjer ein avgrensa, men veksande del av finansieringa i fagskulesektoren. Gjennomsnittleg betaling per oppmelding for tilbod fullfinansiert av skulepengar er på om lag 13 700 kroner i 2025, noko lågare enn i 2024. For delvis offentleg finansierte tilbod ligg snittbetalinga på om lag 5 000 kroner (tabell 5.4).
Det aller meste av skulepengane er knytt til utdanningstilbod som er fullfinansierte gjennom skulepengar. Desse tilboda står for nesten 96 prosent av alle oppmeldingar og 98 prosent av skulepengane. Dei delvis offentleg finansierte tilboda utgjer ein svært liten del av denne delen av sektoren, både i omfang og økonomisk. Samstundes er dei fleste slike korte tilbod gratis og finansierte gjennom offentlege ordningar, som treparts bransjeprogram og Industrifagskulen (sjå kapittel 5.5 og 5.2.1).
5.5 Dei statlege fagskulane
I 2025 var det fem statlege fagskular: Brann- og redningsfagskulen, Dykkarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, Noregs grøne fagskule – Vea, Norsk fagskule for lokomotivførarar og Sjøforsvarets fagskule.
Sjøforsvarets fagskule er organisert som ei forsøksordning knytt til Forsvaret sine fag- og funksjonsutdanningar, med eit avgrensa tal utdanningstilbod og studentar. Fagskulen vert finansiert over budsjettet til Forsvarsdepartementet. Regjeringa har varsla ei vidare satsing på å akkreditere fleire av Forsvaret sine utdanningar, mellom anna for å styrkje synlegheita til utdanningane og gi betre karrieremoglegheiter for forsvarspersonell (Forsvarsdepartementet, 2025). Dette kan på sikt bidra til at fleire utdanningstilbod vert organiserte som fagskuleutdanning, og at både talet på statlege institusjonar og fagskulestudentar i forsvaret aukar.
Brann- og redningsskulen vert finansiert over budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet med om lag 178 millionar kroner til drift av fagskuleverksemda i 2025. Norsk fagskule for lokomotivførarar vert finansiert over budsjettet til Samferdselsdepartementet, og hadde eit driftsbudsjett på om lag 72 millionar kroner i 2025. Dette er noko lågare enn i 2024, noko som heng saman med mindre kull i utdanninga, ifølgje opplysningar frå fagskulen. Sjå nærare omtale av studentane i lokførarutdanninga i kapittel 3.2.5 og 3.4.2.
Dei to statlege fagskulane Noregs grøne fagskule – Vea og Dykkarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet vert finansierte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Vea fekk om lag 36 millionar kroner. Tilskotet til Dykkarutdanninga er ein del av det samla tilskotet til Høgskulen på Vestlandet.
5.6 Statlege prosjektmidlar
Kvart år vert det lyst ut og tildelt midlar til ulike prosjekt innan høgare yrkesfagleg utdanning gjennom ulike tilskotsordningar. I 2025 vart det tildelt om lag 147 millionar kroner til fagskular gjennom dei ulike ordningane vi har samla inn tal på. I tabell 5.5 får vi ei oversikt over kva ordningar som inngår i dette talet.
Ordning | 2024 | 2025 |
|---|---|---|
Utviklingsmidlar til høgare yrkesfagleg utdanning | 86 539 000 | 77 771 000 |
Treparts bransjeprogram for kompetanse | 21 942 000 | 50 416 000 |
Erasmus+ | 12 206 000 | 12 865 000 |
Senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning | 6 000 000 | 6 000 000 |
Totalt | 126 687 000 | 147 052 000 |
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: T5.5
Tilskotsordning for utviklingsmidlar til fagskular
Utviklingsmidlar til høgare yrkesfagleg utdanning skal bidra til å styrkje både kvaliteten og utviklingskapasiteten i fagskulesektoren. Ordninga har sidan oppstarten i 2017 fungert som eit viktig verkemiddel for målretta kvalitetsarbeid, og prosessen med å identifisere utviklingsbehov og utarbeide søknader kan i seg sjølv ha ein positiv effekt på fagskulane sitt strategiske arbeid (Deloitte, 2022).
I 2025 vart det tildelt 77,8 millionar kroner til 55 prosjekt ved 18 fagskular. Fagskulane har nytta ordninga til å utvikle og revidere utdanningar i samarbeid med arbeidslivet, investere i utstyr og læringsarenaer som støttar praksisnær opplæring, og gjennomføre kompetanseheving for lærarar for å sikre undervisning av høg kvalitet. Tiltaka skal samla sett styrke relevansen i utdanningane og gjere dei betre tilpassa arbeidslivet sine behov.
Tal for perioden 2017–2025 viser ein tydeleg vekst i både søknadsvolum og økonomisk omfang for utviklingsmidlane. I 2017 vart det lyst ut 35 millionar kroner, mot om lag 80 millionar kroner i 2025. Samstundes har talet på søknader auka frå 74 i 2017 til 109 i 2025, medan det samla beløpet det vert søkt om har stige frå om lag 80 millionar kroner til over 190 millionar kroner. Dette inneber at det årleg vert søkt om meir enn dobbelt så mykje som den disponible ramma. I 2024 vart det lyst ut og tildelt om lag 77,8 millionar kroner, men ordninga vart tilført om lag 8,8 millionar kroner gjennom revidert nasjonalbudsjett. Dette var eit ekstraordinært tiltak det eine året.
I 2025 har fleire prosjekt vore retta mot å byggje kapasitet ved institusjonane gjennom systematisk kvalitets‑ og utviklingsarbeid, etablering av profesjonelle læringsfellesskap og vidareutvikling av fagmiljø. Vidare har midlane bidrege til å styrkje fagskulane sitt internasjonaliseringsarbeid, særleg gjennom førebuande aktivitetar som nettverksbygging.
Trass i at internasjonalisering framleis utgjer ein mindre del av den samla tildelinga, er intensjonen at midlane skal byggje kapasitet og leggje grunnlag for vidare deltaking i Erasmus+-programmet. Eventuelle effektar av dette, til dømes i form av fleire søknader og tildelingar, vil først vise seg over tid.
I prosjektkatalogen til HK-dir (HK-dir, 2026b) kan du lese om dei einskilde prosjekta som har fått tildeling dei ulike åra.
Svak auke i tildeling gjennom Erasmus+
Erasmus+ er EU sitt utdanningsprogram for internasjonalt samarbeid og mobilitet, og gir mellom anna tilskot til prosjekt der fagskular samarbeider med utdanningsinstitusjonar og bransjeaktørar i Europa. I Stortingsmeldinga Fagfolk for ei ny tid (Meld. St. 11 (2024-2025)) vert det lagt vekt på at internasjonalt samarbeid, snarare enn mobilitet åleine, bør vere ei viktig retning for vidare utvikling av fagskulesektoren.
Tildelingane til fagskulesektoren har auka noko frå 2024 til 2025, frå 12,2 til 12,9 millionar kroner. I 2025 har åtte fagskular fått støtte til både mobilitetstiltak og samarbeidsprosjekt med partnarar i fleire europeiske land. Midlane vert nytta til ei rekkje utviklings- og samarbeidsprosjekt, mellom anna innan internasjonalisering og fagleg utvikling av utdanningstilbod.
Ei dobling av tildelingar gjennom treparts bransjeprogram for kompetanse
Treparts bransjeprogram for kompetanse rettar seg mot utvikling av korte og fleksible utdanningstilbod i tett samarbeid med partane i arbeidslivet, og omfattar fleire ulike bransjar. Tildelingane som har gått til fagskular frå ordninga har meir enn dobla seg det siste året, frå om lag 21,9 millionar kroner til fagskular i 2024 til 50,4 millionar kroner i 2025. I 2025 vart midlane fordelte til ni fagskular.
Tildelingane varierer mellom år, og er i stor grad knytt til prioriterte bransjar og behov som vert definerte gjennom politiske satsingar. I 2025 var totalt 974 studentar melde opp til utdanningstilbod finansierte gjennom treparts bransjeprogram, der 71 av desse tok tilbod på 30 studiepoeng. Midlane var fordelte på utdanningar innan helse- og omsorgstenester, industri- og byggenæringa, informasjonssikkerheit og IKT, og solkraftbransjen.
Sentra for framifrå utdanning mottar framleis støtte.
Senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning er ei forsøksordning som vart etablert i 2023. To sentre, Senter for erfaringsbasert læring (SEL) og Senter for nyskapande utdanningar (SNU) vart tildelt senterstatus, og tolv millionar kroner kvar fordelt på fire år. Formålet med sentra er å heve kvaliteten og statusen til høgare yrkesfagleg utdanning. Ordninga skal gi framifrå fagskular ressursar til å arbeide langsiktig og systematisk med kvalitetsutvikling og innovasjon i utdanningane. Sjå tekstboks 4 for meir informasjon om sentra og SFY-ordninga.
Tekstboks 4 Senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning (SFY)
Senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning (SFY) vart etablert som ei pilotordning for å teste ut om ei senterordning er riktig verkemiddel for å styrkje kvalitet og status i høgare yrkesfagleg utdanning. Dei to sentra, Senter for erfaringsbasert læring og Senter for nyskapande utdanningar, har mottatt tolv millionar kroner kvar over ein periode på fire år (2023-2026).
Senter for erfaringsbasert læring (SEL) har i pilotperioden prioritert utvikling av pedagogisk kompetanse i høgare yrkesfagleg utdanning og har etablert fleire tilbod for fagskulelærarar. Blant anna praktisk-pedagogisk innføringskurs for nytilsette, arbeidsverkstader, og kurs i hybrid læringsarbeid og bruk av kunstig intelligens. SEL har og gjennomført ei landsdekkande kartlegging av pedagogisk praksis og etablert møteplassen Fagskolepedagogisk forum. Forumet er eit tilbod retta mot fagmiljøa i heile sektoren.
Senter for nyskapande utdanningar (SNU) har på si side prioritert simuleringsmetodikk, metalæring og internasjonalisering i pilotperioden. Senteret har vidareutvikla og systematisert vertsinstitusjonen sin kompetanse innan simulering og ferdigheitstrening. Dette har blant anna resultert i eit nytt studiepoenggivande tilbod i simuleringspedagogikk. SNU har også eit utviklingsprosjekt innan metalæring, der studentane sine læringsstrategiar og utdanningsformer vert analysert med sikte på auka læringsmedvit og meistring. SNU har gjennomført to internasjonaliseringsseminar med mål om erfaringsdeling og auka kunnskap om internasjonalt samarbeid i høgare yrkesfagleg utdanning.
I pilotperioden er det gjennomført ei følgjeevaluering som peiker på at sentra har satt i gang relevante tiltak. Eit fellestrekk ved begge sentra er at oppstarts- og etableringsfasen har teke lang tid og prioriteringar har vorte justert undervegs i pilotperioden. Evaluatorane vurderer dette som i tråd med en pilotlogikk, der det skal være rom for å teste ut tiltak og justere kurs. Følgjeevalueringa gir eit godt grunnlag for vidare vurderingar om ei senterordning er eit riktig verkemiddel for å styrkje kvalitet og status i høgare yrkesfagleg utdanning.
Rapporten frå følgjeevalueringa kan du lese her: Spydspiss eller katalysator? Evaluering av Senter for fremragende høyere yrkesfaglig utdanning (SFY)
Kjelde: HK-dir
5.7 Heiltidsekvivalentar og studiepoengproduksjon etter finansieringskjelder
I starten av kapittel 5 har vi omtala dei ulike finansieringskjeldene i sektoren og omfanget av desse målt i kroner. Vi skal no sjå nærare på korleis aktiviteten i både den offentlege og skulepengebaserte finansieringa fordeler seg.
For å bruke eit meir samanliknbart tal på utdanningsaktivitet, brukar vi gjennomgåande heiltidsekvivalentar som mål. Som vi òg omtalar i kapittel 3.1, var det 36 100 studentar i høgare yrkesfagleg utdanning i 2025, og desse svara til 22 249 heiltidsekvivalentar.
Offentleg finansierte tilbod utgjer tre fjerdedelar av aktiviteten
I 2025 var 55 prosent av heiltidsekvivalentane, knytt til fullstendig offentleg finansierte utdanningstilbod. Vidare var 20 prosent av heiltidsekvivalentane knytte til delvis offentleg finansierte tilbod. Dei resterande 25 prosentane var knytt til tilbod som er fullfinansierte gjennom skulepengar eller andre eksterne tilskot. Eksterne tilskot kan til dømes vere finansiering frå arbeidsgjevarar, som kjøper studieplassar for tilsette eller dekkjer skulepengar for enkeltpersonar.
I figur 5.3 kan ein sjå korleis heiltidsekvivalentane fordelar seg på dei ulike finansieringsformene i perioden 2021–2025. I denne perioden har det samla talet på heiltidsekvivalentar auka frå 18 647 til 22 249, ein vekst på om lag 19 prosent. Frå 2024 til 2025 auka talet med om lag 590 heiltidsekvivalentar, tilsvarande om lag tre prosent. Som omtala i kapittel 3.1.1 er auken i heiltidsekvivalentar lågare enn auken i studenttalet, fordi mange studentar tar utdanning på deltid eller gjennom kortare løp.
Auken i heiltidsekvivalentar har i hovudsak kome innan heilt og delvis offentleg finansierte utdanningstilbod, med ein samla vekst på 35 prosent. Ved fullstendig offentleg finansierte tilbod auka talet frå 10 323 i 2021, til 12 177 i 2025, det svarar til ein 18 prosent auke. Samstundes har dei delvis offentleg finansierte tilboda hatt ein særleg sterk vekst i perioden, frå 2 419 til 4 505 heiltidsekvivalentar (86 prosent). Dette inneber at heilt og delvis offentleg finansierte tilbod stod for 16 682 heiltidsekvivalentar i 2025, tilsvarande 75 prosent av alle heiltidsekvivalentar i sektoren. I 2021 var den tilsvarande delen 68 prosent.
Heiltidsekvivalentar på tilbod som er fullfinansierte av skulepengar eller andre eksterne tilskot har hatt ein jamn auke fram til 2024, men med ein tydeleg nedgang det siste året. Talet var 5 905 i 2021 og auka til 6 353 i 2024, før det fall til 5 567 i 2025. Dette utgjer ein nedgang det siste året på 786 heiltidsekvivalentar. Utviklinga kan mellom anna sjåast i samanheng med ei mogleg forskyving frå skulepengefinansierte tilbod, etter kvart som det offentlege tilskotet har auka og fleire tilbydarar har fått driftstilskot.
Nedgangen i skulepengefinansierte heiltidsekvivalentar er i hovudsak knytt til enkelte fagområde og tilbydarar. Dette gjeld særleg IT‑fag og kreative fag ved Noroff, og i nokon grad kreative fag ved Kristiania, der talet på skulepengefinansierte heiltidsekvivalentar har gått ned. Samstundes heng nedgangen innan økonomi‑ og administrasjonsfag ved Gokstad Akademiet saman med ei endring i finansieringa. Her har talet på heiltidsekvivalentar på skulepengefinansierte tilbod innan økonomi- og administrasjonsfag gått ned, medan talet på heiltidsekvivalentar på offentleg finansierte tilbod innan same fagområde har auka ved fagskulen.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F5.3
Tekniske fag og helse- og velferdsfag er i størst grad offentleg finansiert
Figur 5.4 viser utviklinga i talet på heiltidsekvivalentar på heilt og delvis offentleg finansierte utdanningstilbod frå 2021 til 2025, fordelt på fagområde. I 2025 er det framleis dei tekniske faga som utgjer den største delen av heiltidsekvivalentane, med 6 619 heiltidsekvivalentar, tilsvarande 40 prosent av totalen. Sjølv om tekniske fag har hatt ein klar vekst sidan 2021 (21 prosent), har det vore større vekst i fleire andre fagområde i perioden. Særleg innan IT-fag, der det i 2021 var 342 heiltidsekvivalentar på heilt og delvis offentleg finansierte IT-utdanningar. I 2025 har det auka til 1 286 heiltidsekvivalentar, som utgjer ein auke på 276 prosent sidan 2021.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F5.4
Talet på heiltidsekvivalentar innan helse- og velferdsfag på heilt og delvis offentleg finansierte tilbod har auka frå 2 976 i 2021 til 4 559 i 2025, det svarar til om lag 53 prosent auke. I 2025 utgjer helse- og velferdsfaga 27 prosent av alle heiltidsekvivalentar på heilt og delvis offentleg finansierte utdanningstilbod. Av dei 4 559 heiltidsekvivalentane innan helse‑ og velferdsfaga i 2025 er 2 624 knytte til helseutdanningar, noko som svarar til om lag 57 prosent. Oppvekstutdanningar utgjer 1 635 heiltidsekvivalentar, tilsvarande om lag 36 prosent, medan andre utdanningar innan fagområdet står for om lag 300 heiltidsekvivalentar, eller om lag sju prosent.
I økonomi- og administrasjonsfaga har det òg vore ein oppgang frå 2021 til 2025, med ein auke frå 1 656 til 2 008 heiltidsekvivalentar på heilt og delvis offentleg finansierte utdanningstilbod. Etter ein særleg sterk vekst frå 2017 fram mot 2021 har talet på heiltidsekvivalentar stabilisert seg noko dei siste åra, før det igjen auka i 2025. I 2025 var tolv prosent av heiltidsekvivalentane på utdanningstilbod innan økonomi- og administrasjonsfag, eitt prosentpoeng meir enn i 2024. Samstundes har det vore ein nedgang i skulepengefinansierte tilbod innan same fagområde frå 2024 til 2025. Dette kan tyde på ei viss forskyving frå skulepengefinansierte til heilt eller delvis offentleg finansierte utdanningstilbod, heller enn ein rein vekst i fagområdet.
Heiltidsekvivalentar på utdanningstilbod i samferdselsfag, kreative fag og i fagområdet anna har gjennom perioden hatt relativt stabile nivå, og utgjer dermed ein mindre del av dei samla heiltidsekvivalentane på heilt og delvis offentleg finansierte utdanningstilbod enn tidlegare.
Mest deltidsløp og yrkesfagleg rekruttering i offentleg finansierte tilbod
Når vi ser på fordelinga av heiltidsekvivalentar etter andre kjenneteikn enn fagområde, kjem det fram tydelege forskjellar i korleis utdanningstilboda er organiserte. Dei offentleg finansierte tilboda er i stor grad knytte til ulike typar fleksibilitet i utdanningane. Ein slik fleksibel form er deltidsutdanningar, og 69 prosent av heiltidsekvivalentane er knytte til deltidsløp, medan 31 prosent er knytte til heiltidsutdanningar. Dette er noko lågare enn delen studentar som tek utdanning på deltid samla sett. Dette kan sjåast i samanheng med at samferdselsfaga i stor grad er offentleg finansiert og vert tekne på heiltid. Sjå nærare omtale i kapittel 3.5.1.
Utdanningsforma i dei offentleg finansierte tilboda er i aukande grad prega av andre typar fleksible løysingar i tillegg, og særleg nettbaserte utdanningar med samlingar. I 2025 er 55 prosent av heiltidsekvivalentane knytte til nettbaserte utdanningar med samlingar, medan 14 prosent er knytte til reine nettbaserte tilbod. Samla utgjer desse to utdanningsformene nesten 70 prosent av dei offentleg finansierte utdanningstilboda. Samstundes utgjer stadbaserte utdanningar om lag 31 prosent av heiltidsekvivalentane. Dette viser ei tydeleg dreiing mot meir fleksible utdanningsformer innan den offentleg finansierte delen av sektoren. Ser ein på alle studentar samla, er delen som tek reine nettbaserte utdanningar dobbelt så høg (sjå kapittel 3.5.3). Denne typen utdanning er langt meir utbreidd i den skulepengefinansierte delen av sektoren (sjå kapittel 5.7.8).
Yrkesfagleg kompetanse er det største opptaksgrunnlaget for dei offentleg finansierte studieplassane, og står for heile 67 prosent av heiltidsekvivalentane i 2025. Studentar som vert tekne opp på grunnlag av realkompetanse eller generell studiekompetanse utgjer ein vesentleg mindre del av opptaket. Sjå kapittel 3.6 for meir om utviklinga i opptaksgrunnlag.
Vekst gjennom nye studieplassar
Stortingsmeldinga Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning (Meld. St. 11 (2024-2025))viser at frå 2018 til 2025 er det statlege tilskotet til drift av fagskular som fylkeskommunane forvaltar auka med om lag 705 millionar kroner, noko som svarar til ein realvekst på om lag 82 prosent. Auka kjem først og fremst av løyvingar til nye studieplassar til fagskulane.
Stortinget har løyvd midlar til 4 138 nye toårige studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning i perioden 2018 til 2025; 638 plassar i 2018, 1 600 i 2020, 500 i 2023, 500 plassar i 2024 og 900 plassar i 2025. I tillegg kom det 498 eittårige studieplassar til ordninga Industrifagskulen i 2021, og 100 studieplassar i 2025. Som ein ser av figur 5.5 har det totalt kome 4 736 nye studieplassar i heile perioden. Dei toårige studieplassane inngår i det statlege driftstilskotet som fylkeskommunane forvaltar, medan dei eittårige studieplassane er øyremerkte Industrifagskulen, som vert forvalta av HK‑dir.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F5.5
Toårige studieplassar inneber at tilskotet til fylkeskommunane i snitt skal gi økonomisk grunnlag for å finansiere eitt kull med studentar som startar opp haustsemesteret, og eitt ytterlegare nytt kull året etter, slik at midlane dekkjer toårige utdanningsløp over tid. Sjølv om ein studieplass vert finansiert som ein fulltids toårig studieplass, vert tilskotet i stor grad brukt til å finansiere fleire studentar på deltidstilbod og kortare tilbod, noko som betyr at talet på studentar aukar meir enn talet på studieplassar det er tildelt midlar til.
Utviklinga i talet på studieplassar viser at statlege løyvingar over fleire år har bidrege til å auke kapasiteten i sektoren og samstundes styre utviklinga mot prioriterte kompetanseområde. Som vist i figur 5.4 har enkelte fagområde hatt ein større vekst i heiltidsekvivalentar enn andre. Dette gjeld særleg tekniske fag, IT-fag og helse- og velferdsfag, som alle har hatt sterk vekst og samsvarar godt med prioriteringane i tildelinga av nye studieplassar (Meld. St. 11 (2024-2025)). Sjå òg kapittel 4.5.2 for utviklinga i talet på utdanningstilbod innan desse fagområda.
For å analysere effekten av dei nye studieplassane kan vi sjå på samanhengen mellom forventa vekst i heiltidsekvivalentar ut frå auke i driftstilskot og den faktiske utviklinga i heiltidsekvivalentar ved utdanningstilbod som er heilt eller delvis offentleg finansierte. Figur 5.6 viser forventa vekst som følgje av nye studieplassar (blå linje) og den faktiske utviklinga ved fagskulane (raud linje). Utviklinga tydar på at fagskulane klarer å rekruttere studentar og auke studieaktiviteten i takt med, og i nokre tilfelle noko over, det nivået dei nye studieplassane legg til rette for.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F5.6
Auka studiepoengproduksjon med nye studieplassar
Figur 5.7 viser den forventa utviklinga i studiepoengeiningar (SPE), basert på auka finansiering (blå linje), og den faktiske utviklinga i avlagde SPE (raud linje) i delvis og fullt offentleg finansierte utdanningar. Dette kan tyde på at effekten av nye studieplassar ikkje berre kjem til syne i talet på heiltidsekvivalentar, men òg i studiepoengproduksjon.
Tala viser at produksjonen har auka jamt frå 2021 til 2025, frå om lag 8 340 til 11 917 SPE. Utviklinga tyder på at fagskulane i stor grad omset auka finansiering i høgare studieaktivitet og at produksjonen av studiepoeng i stor grad følgjer den forventa veksten.
Nivået på SPE ligg likevel på om lag 1 000 SPE lågare enn det forventa nivået i 2025. Skilnadene mellom forventa og faktisk nivå kan sjåast i lys av fleire ting. For det fyrste tek det tid før nye studieplassar gir fullt utslag i studiepoengproduksjon. Det kan òg skuldast at utdanningane kostar meir enn det som vert lagt til grunn når ein set forventningar til eit visst tal SPE, eller at fagskulane har for lite bruk av «overbooking» for å ta høgde for naturleg fråfall. Tal frå figur 5.6 kan tyde på at fagskulane i aukande grad tek opp fleire heiltidsekvivalentar enn det som ligg til grunn i tildelinga av studieplassar. Dei siste åra overstig rapporterte heiltidsekvivalentar i større grad det venta nivået, noko som kan indikere ei viss «overbooking» for å handtere etterspurnad og naturleg fråfall.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F5.7
Høg gjennomføring i dei offentleg finansierte utdanningane
Fullføring i høgare yrkesfagleg utdanning vert i denne rapporten målt som produserte studiepoengeiningar (SPE) i prosent av forventa produksjon, basert på studentane sine oppmeldingar kvart studieår. I dette delkapittelet ser vi nærare på dei offentleg finansierte utdanningstilboda, og korleis fullføringa har utvikla seg over tid.
Tabell 5.6 viser at fullføringa i dei offentleg finansierte utdanningane har vore gjennomgåande høg og stabil i perioden 2021–2025. I denne perioden vart over 80 prosent av dei forventa studiepoengeiningane produserte kvart år. Fullføringa ligg relativt stabilt på om lag 81–83 prosent, og i 2025 vart 83 prosent av dei forventa studiepoenga avlagde.
Samanlikna med sektoren samla sett ligg fullføringa i dei offentleg finansierte utdanningane gjennomgåande nokre prosentpoeng høgare. Det er krevjande å peike på éi eintydig forklaring på desse skilnadene, då det er mange moment som kan spele inn som til dømes fagleg innretning, organisering av utdanningstilboda og motivasjon hos studentane.
Utviklinga over tid peikar på høg gjennomføringsgrad og relativt små årlege svingingar i dei offentleg finansierte utdanningstilboda. Dette skil dei offentleg finansierte utdanningane frå dei skulepengefinansierte tilboda, der fullføringa varierer meir og ligg på eit lågare nivå, jf. omtale i kapittel 5.7.9.
Studieår | Forventa studiepoengeiningar | Produserte studiepoengeiningar | Andel av forventa |
|---|---|---|---|
Studieåret 21-22 | 11 577 | 9 380 | 81 % |
Studieåret 22-23 | 11 964 | 9 982 | 83 % |
Studieåret 23-24 | 13 455 | 11 006 | 82 % |
Studieåret 24-25 | 14 665 | 12 129 | 83 % |
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: T5.6
Nedgang i den skulepengefinansierte aktiviteten
Talet på heiltidsekvivalentar i den skulepengefinansierte delen av sektoren har gått ned frå 5 905 i 2021 til 5 567 i 2025. Dette svarar til ein nedgang på om lag seks prosent i perioden. Nedgangen er særleg markant frå 2024 til 2025, med tolv prosent, frå 6 353 til 5 567 heiltidsekvivalentar. Nedgangen kan skyldast fleire ting, mellom anna endra betalingsvilje eller at det er ein auke i offentleg finansierte tilbod i same kategori.
Figur 5.8 viser utviklinga i talet på heiltidsekvivalentar på skulepengefinansierte utdanningstilbod frå 2021 til 2025, fordelt på fagområde. I 2021 var ein stor del av heiltidsekvivalentane knytte til kreative utdanningar. I 2025 utgjer kreative utdanningar framleis ein betydeleg del av dei skulepengefinansierte heiltidsekvivalentane, men talet har gått ned frå 1 514 i 2021 til 1 217 i 2025. Samstundes har talet på heiltidsekvivalentar auka innan IT-fag og økonomi- og administrasjonsfag. IT-faga har hatt ein auke frå 1 595 heiltidsekvivalentar i 2021 til 1 785 i 2025, medan økonomi- og administrasjonsfag har hatt ein vekst frå 1 371 til 1 589 heiltidsekvivalentar i same periode.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F5.8
For samferdselsfaga er veksten i hovudsak knytt til luftfartsutdanningane. Dei tekniske faga og helse- og velferdsfaga utgjer ein relativt liten del av dei skulepengefinansierte tilboda. Desse skil seg noko frå den offentleg finansierte delen av sektoren, der desse fagområda over tid har hatt den største veksten og utgjer den største delen av heiltidsekvivalentane.
Mest heiltids- og nettbasert undervisning på skulepengefinansierte tilbod
Når vi ser på fordelinga av heiltidsekvivalentar etter heiltid og deltid, skil dei skulepengefinansierte tilboda seg frå dei offentleg finansierte. I 2025 var 69 prosent av heiltidsekvivalentane innanfor dei skulepengefinansierte tilboda knytt til heiltidsutdanningar, medan 31 prosent var knytt til deltidsløp. Tala for dei offentleg finansierte tilboda viser om lag det motsette (sjå kap. 5.7.3).
Det er nettbasert undervisning som dominerer dei skulepengefinansierte tilboda. I 2025 var 64 prosent av heiltidsekvivalentane knytt til reine nettbaserte tilbod, medan tre prosent var knytt til nettbaserte utdanningar med samlingar. Stadbaserte utdanningar utgjer om lag 33 prosent.
Dette skil seg frå dei offentleg finansierte tilboda, der nettbaserte utdanningar med samlingar utgjer den største delen, medan reine nettbaserte tilbod spelar ei mindre rolle. Dette ser vi særleg innan fagområda IT-fag og økonomi- og administrasjonsfag, der nettbaserte utdanningar er den mest utbreidde utdanningsforma (sjå kapittel 4.8.2). I desse fagområda er dei skulepengefinansierte tilboda i hovudsak nettbaserte, medan dei offentleg finansierte tilboda i større grad er organiserte som nettbasert med fysiske samlingar.
Når vi ser på opptaksgrunnlaget for dei skulepengefinansierte tilboda, er generell studiekompetanse det klart største grunnlaget. I 2025 var 55 prosent av heiltidsekvivalentane knytte til generell studiekompetanse, medan realkompetansevurdering og yrkesfagleg kompetanse utgjer høvesvis 28 og tolv prosent. Denne fordelinga er på same nivå som dei siste åra. Sjå kapittel 3.6.4 for nærare omtale av utviklinga i opptak av studentar på grunnlag av realkompetanse.
Meir variabel gjennomføring i dei skulepengefinansierte utdanningane
Tabell 5.7 viser utviklinga i fullføring i skulepengefinansierte utdanningstilbod frå studieåret 2021/22 til 2024/25. Fullføringa er målt som produserte studiepoengeiningar (SPE) i prosent av forventa studiepoengproduksjon.
I denne perioden har mellom 76 og 81 prosent av dei forventa studiepoenga vorte produserte i skulepengefinansierte utdanningstilbod. Etter eit høgare nivå i åra 2021–2023 har fullføringa dei siste åra vore på om lag 76 prosent av dei forventa studiepoenga produserte.
Samanlikna med dei offentleg finansierte utdanningane er fullføringa i dei skulepengefinansierte tilboda både lågare og meir variabel frå år til år. Dette kan mellom anna ha samanheng med skilnader i fagområde og organiseringa av utdanningane, samt endringar i studenttal ved nokre av dei største tilbydarane. Det er likevel krevjande å peike på éi eintydig forklaring på desse skilnadene.
Det er tydelege skilnader mellom fagområda. I IT-fag vert ein høgare del av dei forventa studiepoenga produserte, med fullføring på 79 prosent. Fullføringa er lågare i økonomi‑ og administrasjonsfag, der om lag to tredelar av dei forventa studiepoenga vert produserte, og endå lågare i fagområdet anna, der fullføringa ligg rundt 60 prosent. Dei kreative utdanningane har ein produksjon på heile 88 prosent av forventa produksjon. Desse skilnadene samsvarar med ulik organisering av utdanningane og forskjellar i studentgrunnlag og studietakt, slik det er omtalt nærare i kapittel 3.2 og 3.5.
Studieår | Forventa studiepoengeiningar | Produserte studiepoengeiningar | Andel av forventa |
|---|---|---|---|
Studieåret 21-22 | 5 792 | 4 642 | 80 % |
Studieåret 22-23 | 5 897 | 4 753 | 81 % |
Studieåret 23-24 | 6 165 | 4 699 | 76 % |
Studieåret 24-25 | 6 107 | 4 618 | 76 % |
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: T5.7
Tala som er oppgitt i rapporten er basert på budsjettvedtak av statlege tilskot, og vedtak om tildelingar i ulike tilskotsordningar. Tala på skulepengar og fylkeskommunale frie inntekter er basert på innrapporteringar til DBH-HYU frå høvesvis fagskular og fylkeskommunar. Nokre fylkeskommunar gir indirekte tilskot til fagskular i form av gratis husleige og diverse tenester som ikkje blir rapportert til DBH-HYU, og derfor ikkje rekna med her. Tilskot til dei statlege fagskulane er basert på innrapporteringar frå dei statlege fagskulane det er innhenta opplysningar frå.
Følgjande tolv private fagskular er omfatta av ordninga: Asker kunstfagskole, Designinstituttet, Det tverrfaglege kunstinstitutt, Einar Granum kunstfagskole, Fagskolen Essens, Fagskolen Kristiania (Bårdar Akademiet), Fagskolen for bokbransjen, Frelsesarmeens offisersskole, Hald internasjonale skole, Kunstskolen i Bergen, Kunstskolen i Stavanger og Ytre kunstfagskole. I 2025 vil Hald internasjonale skole avvikle sin fagskuledrift og ikkje lenger vere omfatta av det øyremerkte tilskotet.
Med skulepengar meiner vi betaling for sjølve utdanningstilbodet, og ikkje semesteravgift, læremateriale, samskipnadsavgift eller liknande.
Pilot Flight Academy vart slått konkurs i januar 2026. Fagskulen hadde studentar hausten 2025 og er derfor inkludert i tala for dette året. Eventuelle konsekvensar av konkursen vil først bli synlege i statistikken for 2026.
Beløpet er i 2017-kroner, og er ikkje prisjustert.
Éin heiltidsekvivalent svarar til éin student som er meld opp til eit utdanningsløp på 60 studiepoeng per år, det vil seie éin fulltidsstudent. Fleire deltidsstudentar vil inngå i ein heiltidsekvivalent.
I 2026 kom tilskot til ytterlegare 900 nye studieplassar. Desse er ikkje med i oversikta sidan rapporten berre omhandlar utviklinga i sektoren til og med 2025.
Pilot Flight Academy vart slått konkurs i januar 2026. Fagskulen hadde studentar hausten 2025 og er derfor inkludert i tala for dette året. Eventuelle konsekvensar av konkursen vil først bli synlege i statistikken for 2026.