Hopp til hovudinnhald
Gå til framsida
Last ned (PDF, 2.07 MB)

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2026

1. Innleiing

Høgare yrkesfagleg utdanning har ei sentral rolle i det norske utdannings- og kompetansesystemet. Sektoren er i vekst, både i talet på studentar og i omfanget av utdanningstilbod. Fagskulane tilbyr utdanningar som er arbeidslivsnære og retta mot yrkesrelevant kompetanse.

Studentane er eldre enn i andre delar av utdanningssystemet, og mange kombinerer utdanning med arbeid. Dei har ofte fagkompetanse og erfaring frå arbeidslivet, noko som bidreg til tett samspel mellom utdanning og arbeidsliv. I denne samanhengen utgjer høgare yrkesfagleg utdanning ein viktig del av samfunnsoppdraget knytt til livslang læring, omstilling og verdiskaping.

Utviklinga i sektoren dei siste åra viser ein samla auke i studenttal og utdanningsaktivitet, særleg innan fagområde med store og vedvarande kompetansebehov i arbeidslivet. Samstundes er høgare yrkesfagleg utdanning kjenneteikna av høg grad av fleksibilitet, med utstrekt bruk av deltidsløp, nett- og samlingsbaserte tilbod. Dette gjer det mogleg for yrkesaktive å ta utdanning i ulike livssituasjonar og bidreg til geografisk tilgjenge i alle delar av landet.

Utviklinga i sektoren skjer parallelt med fleire viktige strukturelle endringar. I 2025 vedtok Stortinget å opne for høgare yrkesfagleg utdanning på nivå 6 og 7 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk, i tillegg til nivå 5. Som del av oppfølginga av stortingsmeldinga Fagfolk for ei ny tid (Meld. St. 11 (2024-2025)) er det sett i gang arbeid med å utvikle ei yrkesfagleg søyle i kvalifikasjonsrammeverket. Arbeidet omfattar revisjon av nivåskildringane på nivå 5, 6 og 7, og inngår i ei breiare oppdatering av rammeverket. Det er òg vedteke å knyte høgare yrkesfagleg utdanning til European Credit Transfer and Accumulation System (ECTS).

I same periode er studentombodsordninga etablert, og arbeidet med institusjonsakkreditering er sett i gang. Det er vidare varsla at det skal fremjast forslag om eit lovfesta samfunnsoppdrag for fagskulane.

Meldinga understrekar samstundes tydinga av å styrkje fylkeskommunane si rolle som kompetansepolitisk aktør. Fylkeskommunane har eit ansvar for å analysere kompetansebehov i arbeidslivet, leggje til rette for samarbeid mellom utdanningstilbydarar og arbeidsliv, og bidra til at det vert utvikla relevante utdanningstilbod i tråd med regionale og nasjonale behov. Dette stiller krav til eit godt og tilgjengeleg kunnskapsgrunnlag om utviklinga i høgare yrkesfagleg utdanning, både nasjonalt og regionalt.

Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning 2026 gir ei samla framstilling av utviklinga i sektoren, med utgangspunkt i statistikk og analysar for 2025. Rapporten omtalar studentar, fagskular, utdanningstilbod og finansiering, og skal vere eit kunnskapsgrunnlag for vidare forvalting og politikkutforming på området.

Fylkesvedlegget gir oversikter over fagskulesektoren i kvart fylke. Vedlegget er meint å støtte fylkeskommunane i arbeidet med å ivareta rolla si som kompetansepolitisk aktør, ved å bidra med relevante tal og samanliknbart kunnskapsgrunnlag.

Tekstboks 1 Høgare yrkesfagleg utdanning på nivå 6 og 7 i nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk

Oppdraget med å utvikle og revidere nivåskildringane på nivå 5–8 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) er eit sentralt tiltak i oppfølginga av stortingsmeldinga Fagfolk for ein ny tid – med høgare yrkesfagleg utdanning (Meld. St. 11 (2024–2025)). I 2025 vedtok Stortinget å opne for høgare yrkesfagleg utdanning på nivå 6 og 7 i NKR, i tillegg til nivå 5. Samstundes var det allereie bestemt at læringsutbyteskildringar for høgskule- og universitetsutdanningar på nivå 6–8 skal reviderast for å spegle nye kompetansebehov, mellom anna innan internasjonalisering, innovasjon, digitalisering og norsk fagspråk.

NKR er ramma som plasserer norske utdanningskvalifikasjonar på ein felles skala frå grunnskule til doktorgrad. Nivå 5 i NKR omfattar i dag kvalifikasjonar frå fagskuleutdanning, medan kvalifikasjonar frå universitets- og høgskuleutdanningar er plassert på nivåa 6 til 8. Skildringane av læringsutbyta for desse nivåa har stått uendra sidan NKR vart lansert i 2011.

No er HK-dir i samarbeid med NOKUT i gang med å utarbeide eit forslag til nye og oppdaterte nivåskildringar for kvart av nivåa 5, 6, 7 og 8. Dette arbeidet inneber mellom anna at NKR skal få ein eigen yrkesfagleg søyle frå vidaregåande fag- og yrkesopplæring på nivå 4A til fagskuleutdanning på nivåa 5-7, parallelt med ein søyle frå 4B til 8 som dekker vidaregåande studieførebuande utdanning til universitets- og høgskuleutdanning.

Dei nye nivåskildringane i begge søylene skal vere i samsvar med nivåa i det europeiske kvalifikasjonsrammeverket (EQF) slik at norske kvalifikasjonar lett kan samanliknast internasjonalt. Oppdraget til HK-dir skal avsluttast i 2026, og deretter vil Kunnskapsdepartementet arbeide vidare med implementering i lov- og regelverk.

Kjelde: HK-dir