Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2026
4. Fagskular og utdanningstilbod
Fagskulesektoren har over tid vore prega av endring. Talet på fagskular har vore relativt stabilt, samstundes som sektoren har utvikla seg gjennom endringar i organisering, omfang og å vere geografisk utbreidd. Ei sentral utvikling er auken i talet på studiestader, noko som peikar mot ei utvikling der fagskulane samla sett har vorte større institusjonar, kombinert med fleire studiestader og ei breiare geografisk spreiing av utdanningstilboda. Denne utviklinga må sjåast i samanheng med vekst i studenttal og ei aukande vekt på tilgjengelege og fleksible utdanningstilbod.
Sektoren er samstundes kjenneteikna av stor bredde og variasjon i både tilbod og organisering. Utdanningane vert utforma med utgangspunkt i dokumenterte kompetansebehov i arbeidslivet, og i aukande grad òg i møte med behovet for fleksible utdanningstilbod. Tilbodsstrukturen omfattar både høgare gradsgivande utdanningar og eit aukande tal kortare og meir fleksible tilbod. Samlingsbaserte utdanningar, særleg innan helse- og velferdsfag og tekniske fag, illustrerer korleis fagskulane kombinerer praksisnære læringsformer med fleksible organiseringsløysingar.
Over tid har fagskulesektoren vorte meir mangfaldig og spesialisert, samstundes som fleire institusjonar har vorte større og meir robuste. Denne utviklinga skjer parallelt med endringar i dei overordna rammene for høgare yrkesfagleg utdanning, mellom anna gjennom vidareutvikling av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR). Plasseringa av høgare yrkesfagleg utdanning på nivå 6 og 7 i NKR, og arbeidet med å utvikle ei meir heilskapleg yrkesfagleg søyle, skal bidra til tydelegare samanhengar mellom yrkesfagleg kompetanse, vidare utdanning og arbeidsliv.
I kombinasjon med auke i fagområdeakkrediteringar, innføring av institusjonsakkreditering, og ei vidare utvikling av digitale, desentraliserte og fleksible utdanningsformer, teiknar dette konturane av ein sektor i utvikling. Fagskulane arbeider parallelt med å styrkje kvalitet, relevans og struktur, og med å møte både arbeidslivet sine krav og studentane sine behov på ein meir heilskapleg måte.
Kapittel 4 gir eit samla oversyn over fagskulane og utdanningstilboda i sektoren, og beskriv sentrale strukturelle trekk og utviklingstrekk. Framstillinga tek for seg institusjonsstruktur og storleik, geografisk spreiing av studiestader, utvikling i fagområde og utdanningstilbod, samt organisering av utdanningstilboda når det gjeld omfang, andel av heiltid og utdanningsformer. Kapittelet synleggjer samstundes ein sektor i kontinuerleg utvikling, der tilbod vert etablerte, vidareutvikla eller avvikla i takt med endringar i kompetansebehov, etterspurnad og nasjonale, regionale og lokale prioriteringar.
4.1 Fagskular og studiestader
Institusjonane for høgare yrkesfagleg utdanning endrar seg gjennom etablering av nye fagskular, avvikling eller konkurs av eksisterande, eller ved strukturendringar som oppkjøp, fusjonar eller splitting av institusjonar. Både talet på fagskular og studiestader er i stadig endring frå år til år. For å kunne samanlikne utviklinga over tid nyttar vi eit fast teljetidspunkt på hausten.
Hausten 2025 omfattar fagskulesektoren 61 fagskular med til saman 188 studiestader og 2 132 utdanningstilbod. Av desse er 18 offentlege fagskular med verksemd ved 80 studiestader, medan 43 private fagskular har aktivitet ved 108 studiestader. Talet på fagskular er relativt stabilt, medan talet på studiestader fortsett å auke. Dette tyder på ei utvikling der fagskulane samla sett veks i storleik i takt med auka studenttal, kombinert med ei større geografisk spreiing av utdanningstilboda.
For 2025 er det få institusjonelle endringar, men fleire fagskular held fram med å opprette nye studiestader. Det tyder på at fagskulane nyttar studiestader aktivt for å styrkje nærvær og trekke til seg studentar i fleire deler av landet.
Endra institusjonslandskap
Som følgje av institusjonelle endringar som fann stad i 2024, er det i teljeåret 2025 registrert to færre fagskular enn året før. Det vart ikkje etablert nye fagskular i 2025, og talet på offentlege fagskular er uendra samanlikna med 2024. Reduksjonen gjeld private fagskular, og heng saman med konkursen i International Stunt Academy AS og fusjonen der Folkeuniversitetets Fagskole AS frå 1. januar 2025 vart innlemma i Fagskolen Diakonova.
Fagskule | Eigarform | Merknad |
|---|---|---|
Folkeuniversitetets Fagskole AS | Privat | Oppkjøp og fusjon inn i Fagskolen Diakonova frå 1. januar 2025 |
International Stunt Academy AS | Privat | Konkurs |
AOF Vestlandet- Agder | Privat | Namnendring til Tirna |
Centric IT Academy | Privat | Namnendring til Eccera IT Academy |
Hald Internasjonale Fagskole | Privat | Vedtak i desember 2025 om avvikling av fagskuleverksemda i juli 2026 |
Sjølv om dei ikkje påverkar tala for 2025, er det verdt å merke seg at Pilot Flight Academy vart slått konkurs i januar 2026. Dette medførte ei brå avslutning av verksemda, med konsekvensar for studentane som måtte finne alternative løysingar for å fullføre utdanninga. Hald internasjonale Fagskole fatta derimot i desember 2025 vedtak om å avvikle fagskuleverksemda frå sommaren 2026. Dette innebar ei planlagd avvikling, der studentane i større grad kunne følgje opp og fullføre pågåande tilbod i tråd med planlagd utdanningsløp. Begge fagskulane hadde aktive studentar hausten 2025 og er difor inkluderte i statistikken og omtalen i denne rapporten.
I tillegg har sektoren hatt enkelte organisatoriske endringar som ikkje påverkar talet på fagskular eller studiestader direkte. Mellom anna har Centric IT Academy endra namn til Eccera IT Academy, og AOF Vestlandet-Agder endra namn til Tirna.
Ved teljetidspunktet hausten 2025 rapporterte 61 fagskular aktiv studentverksemd. Av desse var 18 offentleg eigde og 43 private.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F4.1
Utviklinga i talet på fagskular over tid, fordelt på eigarskap, går fram av figur 4.1. Figuren viser at talet på offentlege fagskular har vore stabilt over fleire år. I den private delen av sektoren er det noko variasjon, med enkelte endringar knytt til oppkjøp, samanslåingar og konkursar. Trass i reduksjon i talet på private fagskular i 2025, utgjer dei framleis fleirtalet av institusjonane i sektoren.
Talet på studiestader aukar framleis
Utviklinga i talet på studiestader gir eit noko anna bilete enn utviklinga i talet på fagskular. Hausten 2025 var det 188 studiestadar, som er ein auke på ti studiestader frå året før. Av desse var 80 knytt til offentlege fagskular, medan 108 var knytt til private fagskular.
Figur 4.2 viser utviklinga i talet på studiestader ved offentlege og private fagskular over tid. Samstundes som talet på fagskular har vore stabilt, har talet på studiestader auka. Dette kan tyde på at fagskulane i aukande grad organiserer utdanningstilboda sine på fleire geografiske studiestader.
Utviklinga kan sjåast i samanheng med eit auka behov for geografisk tilgjenge og nærleik til utdanningstilbod, og med ein utvikling mot meir desentraliserte og fleksible utdanningsformer. Sjå nærare omtale om fleksible utdanningstilbod i kapittel 3.5. Sjå òg fylkesvedlegget for nærare omtale av fagskular og tilbodsstruktur i dei enkelte fylka.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F4.2
Strukturelle skilnader i den geografiske spreiinga
Som tidlegare år er det store skilnadar mellom fagområda når det gjeld fordelinga mellom offentlege og private fagskular. I figur 4.3 ser vi talet på offentlege og private fagskular med aktive studentar i dei ulike fagområda hausten 2025. Figur 4.4 viser tilsvarande tal for studiestader, fordelte etter fagområde og eigarskap. I vedlegga til figurane (F4.3 og F4.4) kan ein òg sjå fagområda brotne ned på type utdanning. Saman gir figurane eit bilete av både institusjonsstrukturen og den geografiske spreiinga av høgare yrkesfagleg utdanning innan dei ulike fagområda.
Helse og velferdsutdanningar vert tilbydde ved 24 fagskular der nokon fleire er tilbydd ved offentlege enn private. Samstundes vert utdanningane gjennomført ved totalt 86 studiestader, med ei større geografisk utbreiing i privat regi enn offentleg. Tekniske utdanningar er samla sett det fagområdet som vert tilbydd av flest offentlege fagskular, med 16 offentlege og fem private fagskular. Òg samferdselsfaga er i hovudsak tilbydd på offentlege fagskular.
I økonomi- og administrasjonsfag, kreative fag og IT-fag er bilete motsett. Her står private fagskular for fleirtalet av institusjonar som tilbyr desse utdanningane. Dette gjeld særleg kreative fag, der berre to offentlege fagskular tilbyr slike utdanningar, mot tolv private. Òg IT-fag vert tilbydd av fleire private enn offentlege fagskular.
Når vi ser på fordelinga av studiestader etter fagområde og eigarskap i figur 4.4, kjem det fram tydelege strukturelle skilnader i korleis utdanningstilboda er organiserte geografisk. Nokre fagområde er prega av ei konsentrert studiestadstruktur, medan andre er kjenneteikna av mange studiestader og ei brei geografisk spreiing. Om vi ser på kvart fagområde varierer fordelinga noko mellom offentlege og private fagskular.
Helse- og velferdsutdanningar har ei stor geografisk utbreiing med sine 86 studiestader. Det store talet studiestader indikerer at helse- og velferdsutdanningar i stor grad er organiserte desentralisert, nært der studentane bur og arbeider.
Dei kreative har ei meir konsentrert studiestadstruktur. Her er utdanningane knytte til totalt 20 studiestader frå 14 fagskular, som tyder på eit avgrensa tal lokasjonar per fagskule. Òg for samferdsel er studiestadene i hovudsak konsentrert til få lokasjonar. Av totalt 18 studiestader er 15 offentlege og tre private. Dette kan sjåast i samanheng med utdanningsforma i desse fagområda, som i stor grad er stadbaserte, og difor i mindre grad vert tilbydde på fleire lokasjonar (sjå kapittel 3.5.4, figur 3.12).
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F4.4
Tekniske fag har totalt 48 studiestader, og er tydeleg flest ved offentlege fagskular. Av desse er 42 offentlege og seks private. Innan IT-faga er bilete motsett. Av totalt 24 studiestader er 19 private og fem offentlege.
Økonomi- og administrasjonsfag er eit fagområde som vert tilbydd ved mange studiestader, totalt 62, der 46 er knytt til private fagskular og 16 til offentlege fagskular. At 14 private fagskular står bak 46 studiestadar, tyder det på at utdanningar innan økonomi og administrasjon i stor grad er organiserte for å kunne gi ei brei geografisk spreiing av tilboda. Fagområdet anna omfattar 28 studiestadar fordelt relativt jamt mellom offentlege og private fagskular, med høvesvis 17 og elleve studiestader.
Tala for hausten 2025 viser at skilnader i fagområde og eigarform heng saman med talet på fagskular og studiestader. Dette kan sjåast i samanheng med korleis tilboda er organiserte (sjå kapittel 3.5) og korleis studentane er fordelte på fagområde (sjå kapittel 3.2). Dei private fagskulane tilbyr òg i større grad reine nettbaserte utdanningar (sjå vedleggstabell 36). Desse utdanningane er likevel knytte til eit bestemt studiestad ved fagskulane si rapportering, sjølv om studentane i praksis ikkje nødvendigvis har noko fysisk oppmøte på fagskulen sitt studiestad.
4.2 Storleiken på fagskulane
Storleiken på fagskulane varierer betydeleg, både når det gjeld studenttal, organisering av utdanningane og geografisk utbreiing. Utviklinga dei siste åra viser eit samansett bilete, der fleire offentlege fagskular har hatt ein jamn vekst, medan utviklinga blant private fagskular er meir variert. Nokre store private aktørar har hatt ein jamn eller nedgåande studentmasse dei siste åra, medan andre har vakse raskt over kort tid.
Utviklinga peiker mot ein aukande konsentrasjon av studentar ved dei største institusjonane. Samstundes gir skilnader i organisering ved fagskulane sine utdanningstilbod, til dømes mellom heiltids- og deltidsbaserte tilbod, ulike utslag i storleik om ein måler i heiltidsekvivalentar. Vidare i kapittelet gir vi først ei oversikt over dei største fagskulane i landet, før vi ser nærare på storleiken ved dei største private fagskulane og dei største offentlege fagskulane. Avslutningsvis ser vi på utviklinga i storleiken ved fagskular og studiestadar over tid.
Stor variasjon blant dei største fagskulane
Dei ti største fagskulane er viste i tabell 4.2 , målt etter studenttal hausten 2025. Andre indikatorar for storleik, slik som heiltidsekvivalentar og talet på studiestader, er tekne med som supplerande informasjon for desse fagskulane.
Fagskule | Tal studentar | Eigarskap | Heiltids- ekvivalentar | Tal studiestader | Tal fylke med studiestad |
|---|---|---|---|---|---|
Noroff Fagskole AS | 3 149 | Privat | 2 633 | 5 | 4 |
Din Kompetanse fagskole | 2 776 | Privat | 1 371 | 11 | 11 |
Fagskolen i Viken | 2 531 | Offentleg | 1 388 | 10 | 8 |
Fagskolen Innlandet | 2 366 | Offentleg | 1 109 | 20 | 8 |
Fagskulen Vestland | 2 314 | Offentleg | 1 517 | 8 | 1 |
Fagskolen Rogaland | 2 304 | Offentleg | 1 180 | 2 | 1 |
Fagskolen Kristiania | 2 109 | Privat | 1 512 | 4 | 3 |
NKI Fagskoler AS | 1 801 | Privat | 726 | 2 | 2 |
Fagskolen Vestfold og Telemark | 1 796 | Offentleg | 1011 | 3 | 2 |
MedLearn AS | 1 738 | Privat | 869 | 1 | 1 |
Dei ti største fagskulane viser eit mangfald både når det gjeld eigarskap, geografisk spreiing og studenttal. Medan nokre har ein konsentrert struktur, har andre bygd opp landsdekkjande eller fleirfylkesvise nettverk av studiestader. Utviklinga blant dei største institusjonane har stor betydning for den samla strukturen og kapasitetsutviklinga i fagskulesektoren.
Studentmassen ved private fagskular er konsentrert hos nokre få aktørar
Dei 43 private fagskulane omfattar 52 prosent av studentmassen i høgare yrkesfagleg utdanning (sjå kapittel 3.1.1). Studentane ved private fagskular er fordelte på mange institusjonar, frå fleire små, spesialiserte fagskular til nokre få svært store aktørar med studentar i mange delar av landet.
Mykje av veksten i studenttal ved private fagskular dei siste åra har vore konsentrert til dei største institusjonane. Desse fagskulane har i aukande grad utvikla breie porteføljar av utdanningstilbod, ofte med fleire studiestader og eit høgt innslag av nettbaserte eller samlingsbaserte utdanningar. Samstundes viser skilnaden mellom talet på studentar og talet på heiltidsekvivalentar at tilboda ved nokre av fagskulane i hovudsak er organiserte som deltidsstudium eller kortare utdanningsløp.
Blant dei største private fagskulane finn vi institusjonar som over tid har bygd opp ein landsdekkjande struktur og eit breitt tilbod innan fleire fagområde.
Noroff Fagskole AS er framleis den største fagskulen, med 3 100 studentar hausten 2025. Dette svarar til 2 633 heiltidsekvivalentar. Samanlikna med toppåret i 2023 har Noroff hatt ein nedgang i både studenttalet og heiltidsekvivalentar, men ligg framleis klart høgast målt etter studenttal. Fagskulen har studiestader ved fem ulike lokasjonar fordelt på fire fylke.
Din kompetanse fagskule har hatt den sterkaste veksten blant dei største fagskulane dei siste åra, og er i 2025 den nest største fagskulen målt etter studenttal, med om lag 2 800 studentar. Målt i heiltidsekvivalentar utgjer desse 1 371, noko som kjem av at alle studentane er knytt til deltidsutdanning. Veksten har skjedd parallelt med ei rask utviding i tal på studiestader, og fagskulen har i 2025 studiestad i elleve fylke. Sjølv om omtalen i dette kapittelet tek utgangspunkt i studenttal og struktur i 2025, er ei pågåande sak der det er fatta vedtak om tilbakebetaling av offentlege midlar, relevant å nemne i lys av fagskulen sin storleik og betyding i sektoren. Verknader for studenttala, særleg innan oppvekstfag, er nærare omtala i kapittel 3.2.3.
Fagskolen Kristiania, saman med NKI Fagskole AS og Medlearn AS, utgjer samla nesten ein tredel av studentmassen ved private fagskular (5 600 studentar). Eigaren av Kristiania kjøpte både NKI og Medlearn i 2024. Sjølv om dei tre fagskulane enno ikkje er formelt fusjonerte, har dei samla eit studenttal som inneber at dei, dersom samanslåing vert gjennomført, vil kunne verte den største fagskulen i sektoren. Skilnaden mellom studenttal og heiltidsekvivalentar (tabell 4.2) indikerer ulik organisering og bruk av deltidsløp mellom fagskulane. Dei tre fagskulane har noko ulik studiestadstruktur, frå Medlearn med ein studiestad og berre nettbasert utdanningar, til Kristiania med fire studiestader og aktivitet i tre fylke.
Store skilnader i storleiken blant offentlege fagskular
Dei offentlege fagskulane er fordelt på 18 ulike fagskular, der tolv er fylkeskommunalt eigde, fem er statlege og ein er eigd av statlege helseføretak. Òg blant dei offentlege fagskulane er det store skilnader i storleik på institusjonane. Nokre fagskular har fleire tusen studentar, medan andre har ei meir avgrensa verksemd med færre studentar og få utdanningstilbod. Dei største offentlege fagskulane vert ofte kjenneteikna av breie tilbodsporteføljar og fleire fagområdeakkrediteringar.
Av dei største offentlege fagskulane er Fagskolen Viken den største, med 2 500 studentar og 1 388 heiltidsekvivalentar hausten 2025. Fagskulen har ei brei geografisk utbreiing med ti rapporterte studiestader fordelte på åtte fylke. Sjølv om studenttalet har gått noko ned dei siste åra, er Fagskolen i Viken framleis den største offentlege aktøren i sektoren.
Fagskolen Innlandet har hatt ein jamn og tydeleg vekst i studenttalet dei siste åra, og har i 2025 2 400 studentar og 1 109 heiltidsekvivalentar. Fagskulen har eit omfattande nettverk av 20 rapporterte studiestader fordelte på åtte fylke, noko som gjer fagskulen til ein av dei mest geografisk spreidde fagskulane i landet.
Fagskulen Vestland og Fagskolen Rogaland er begge store regionale fagskular, men med ulik organisering. Fagskulen Vestland har 2 300 studentar og 1 517 heiltidsekvivalentar fordelte på åtte studiestader innan eitt fylke, medan Fagskolen Rogaland har 2 300 studentar omrekna til 1 180 heiltidsekvivalentar konsentrert til to studiestader i eitt fylke. Dette illustrerer godt korleis store fagskular med relativt lik storleik kan vere organiserte svært ulikt, både når det gjeld studiestader, geografisk spreiing og forhaldet mellom studenttal og heiltidsekvivalentar.
Fagskolen Vestfold og Telemark er òg ein av dei største offentlege fagskulane, med 1 800 studentar omrekna til 1 011 heiltidsekvivalentar i 2025. Fagskulen har tre studiestader fordelte på to fylke, og har hatt ein jamn vekst i studenttal over fleire år.
Færre, men større fagskular
Figur 4.5viser ei samanlikning av fagskular fordelte på ulike storleikskategoriar, målt i talet på studentar hausten 2017, 2021 og 2025. Figuren viser eit tydeleg utviklingstrekk mot færre små og fleire store fagskular.
Særleg markant er auken i talet på fagskular med over 1 000 studentar. I 2017 var det fire fagskular med over 1 000 studentar. Dette talet auka til elleve i 2021, og ligg i 2025 på 15 fagskular. Utviklinga omfattar både fagskular med mellom 1 001 og 2 000 studentar og fagskular med over 2 000 studentar, og indikerer ei klar konsentrasjon av studentar ved dei største institusjonane.
Samstundes har talet på små fagskular gått ned over tid. Talet på fagskular med færre enn 50 studentar gjekk betydeleg ned frå 2017 til 2021, og har sidan halde seg relativt stabilt. Òg gruppa med 50–100 studentar har vorte mindre over tid. Endringane mellom dei ulike storleikskategoriane heng i stor grad saman med vekst i individuelle fagskular, men òg med strukturendringar ved samanslåingar og oppkjøp.
Utviklinga peiker på ein sektor der færre, men større fagskular får ein aukande del av studentmassen, medan talet på mindre fagskular er redusert. Denne konsentrasjonen samsvar med føringane i stortingsmelding Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning (Meld. St. 11 (2024-2025)), der det vert lagt vekt på å at finansiering og regelverk skal leggje til rette for solide fagskular med tilstrekkeleg sterke fagleg og administrative miljø for å forvalte fagskulanes fullmakter og drive kvalitetsarbeid. Samstundes peiker meldinga på betydinga av å ta vare på mangfaldet i fagskulesektoren. Utviklinga bør difor sjåast i lys av ei balansering mellom behovet for å skape store robuste institusjonar i saman med verdien av eit breitt og differensiert utdanningstilbod i høgare yrkesfagleg utdanning.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F4.5
Fleire og større studiestader i fagskulesektoren
Tabell 4.3 viser korleis fagskulane òg har utvikla seg når det gjeld talet på studiestader i åra 2017, 2021 og 2025. Utviklinga peiker mot ei gradvis forskyving frå fagskular med berre ein studiestad til fagskular med fleire studiestader, og speglar dei same strukturelle endringane som vi ser i utviklinga i storleiken på fagskulane.
I 2017 hadde fleirtalet av fagskulane berre éin studiestad. Denne gruppa vart vesentleg mindre fram mot 2021, men har sidan halde seg relativt stabil fram til 2025. Samstundes har talet på fagskular med mange studiestader auka. Særleg har det vore vekst i gruppa med over ti studiestader, som i 2025 omfattar fem fagskular, mot ingen i 2017 og to i 2021.
Utviklinga i talet på studiestader kan sjåast i samanheng med ein overordna tendens til større institusjonar. Samanslåingar og oppkjøp av fagskular har òg bidrege til denne utviklinga. I mange tilfelle vert eksisterande studiestader vidareførte etter at institusjonar er slått saman, noko som fører til færre, men større fagskular med eit meir utstrekt nettverk av studiestader.
Utviklinga kan òg sjåast i samanheng med eit politisk mål om å gi god tilgang til høgare yrkesfagleg utdanning i heile landet. Fleire fagskular nyttar studiestader som verkemiddel for å sikre geografisk tilgjenge for studentar og nærleik til arbeidslivet, òg utanfor dei mest sentrale områda.
Tal studiestader | 2017 | 2021 | 2025 |
|---|---|---|---|
1 studiestad | 60 | 36 | 37 |
2–5 studiestader | 15 | 17 | 15 |
6–10 studiestader | 4 | 6 | 4 |
Over 10 studiestader | 0 | 2 | 5 |
Figur 4.6 viser utviklinga i talet på studiestader fordelte etter storleik, målt i talet på studentar hausten 2017, 2021 og 2025. Figuren synleggjer korleis studiestadstrukturen i fagskulesektoren over tid har blitt større i omfang og meir differensiert. Totalt har det vore ein jamn auke frå 141 studiestader i 2017 til 188 studiestader i 2025.
Eit tydeleg hovudtrekk er auken i talet på små studiestader. Talet på studiestader med færre enn 50 studentar har auka frå 71 i 2017 til 94 i 2025. Dette viser at fagskulane i aukande grad legg til rette for tilbod på fleire og meir desentraliserte studiestader, trass lågare studenttal per stad. Utviklinga kan sjåast i samanheng med kapittel 4.3.3 som viser at ein i 2025 har ein god geografisk spreiing av desentraliserte studiestader, særleg ved dei største fagskulane.
Samtidig har talet på større studiestader òg auka. Gruppa mellom 101 og 500 studentar har vokse frå 32 studiestader i 2017 til 48 i 2025. Endå meir markant er utviklinga blant dei aller største studiestadene. I 2017 var det ein studiestad med over 1 000 studentar, mens taler i 2021 hadde auka til sju. I 2025 er det registrert ti studiestader med over 1 000 studentar.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F4.6
Utviklinga viser at veksten i talet på studiestader ikkje berre skjer gjennom fleire små einingar, men òg gjennom ein auke i talet på store studiestader med mange studentar. Dette tyder på ein sektor der studiestadane vert meir samansett. Fagskulane kombinerer i aukande grad små, desentraliserte studiestader med større studiestader som samlar mange studentar. Dette heng tett saman med utviklinga i institusjonsstorleik og organisering, og speglar både behovet for geografisk tilgjenge til utdanningstilbod og ønsket om robuste faglege miljø ved større institusjonar.
4.3 Fagskular og studiestader i dei ulike fylka
Fagskulesektoren er i utvikling, med større institusjonar, fleire studiestader og ei breiare geografisk utbreiing. Studiestadene vert i aukande grad nytta for å sikre auka geografisk tilgjenge og nærleik for studentar og arbeidsliv . Offentlege fagskular er jamt spreidde over heile landet, medan private fagskular i større grad er lokalisert med hovudkontor i større byar. Samstundes har òg private fagskular studiestader i alle fylke.
Det er tydelege skilnader i korleis fagskular av ulik storleik er fordelte geografisk. Dei største fagskulane har studiestader i både sentrale og mindre sentrale område, medan mindre fagskular i større grad er konsentrerte til sentrale strøk. Samstundes er det i dei fleste fylke fleirtal av studentar knytte til studiestader ved offentlege fagskular, medan nokre fylke, særleg Oslo og delar av Sør‑Austlandet, har ein høgare del studentar ved private fagskular.
I dette kapittelet ser vi nærare på korleis fagskular og studiestader er fordelte mellom fylka, og korleis både offentlege og private aktørar bidreg til geografisk tilgjenge til høgare yrkesfagleg utdanning. Vidare ser vi kor studentane er knytte til studiestader i dei ulike fylka, og korleis studiestader ved fagskular av ulik storleik er fordelte geografisk.
Både offentlege og private fagskular har studiestader på tvers av fylke
Tabell 4.4gir ei oversikt over fagskular og studiestader fordelte på fylke. Kvar fagskule er plassert i det fylket der institusjonen er registrert, medan studiestad omfattar alle stader der undervisning vert gjennomført av fagskulen. Dette kan vere ordinære skulebygg, men òg studiestader lokalisert i tilknyting til verksemder, studiesenter eller andre lokale til undervisning.
Fleire fagskular, både offentlege og private, har studiestader i fleire fylke. Tabellen viser difor ikkje berre kor mange fagskular som har hovudkontor i det einskilde fylket, men òg kor mange fagskular som har studiestad i fylket.
Fylke | Fagskular med hovudkontor i fylket | Fagskular med studiestad i fylket | Studiestader i fylket |
|---|---|---|---|
Agder | 4 | 9 | 13 |
Akershus | 2 | 7 | 10 |
Buskerud | 1 | 4 | 8 |
Finnmark | 1 | 4 | 5 |
Innlandet | 4 | 7 | 18 |
Møre og Romsdal | 3 | 8 | 9 |
Nordland | 3 | 8 | 18 |
Oslo | 18 | 23 | 25 |
Rogaland | 4 | 9 | 12 |
Telemark | 1 | 5 | 7 |
Troms | 1 | 5 | 7 |
Trøndelag | 5 | 13 | 18 |
Vestfold | 8 | 10 | 10 |
Vestland | 4 | 11 | 22 |
Østfold | 2 | 5 | 6 |
Tala for 2025 viser at Oslo framleis er fylket der flest fagskular har hovudkontor, og samstundes fylket der flest fagskular har studiestad. Samstundes er det fleire fylke som har få fagskular med hovudkontor, men som likevel har mange studiestader. Mellom anna har Vestland fylke fire fagskular med hovudkontor, men heile 22 studiestader, medan Trøndelag med fem fagskular har 18 studiestader. Òg Innlandet og Nordland har eit høgt tal studiestader samanlikna med talet på fagskular.
Dette understrekar at studiestad spelar ei sentral rolle for å sikre geografisk tilgang til fagskuleutdanning. Fylke med spreidd busetnad eller store avstandar har ofte relativt fleire studiestader, noko som bidreg til å gjere utdanningstilboda meir tilgjengelege for studentar i ulike delar av fylket.
Figur 4.7 viser den geografiske plasseringa av offentlege (blå) og private (gule) fagskular i 2025, medan figur 4.8 viser tilsvarande for fagskulane sine studiestader. Figuren indikerer at offentlege fagskular er jamt spreidde over heile landet, medan private fagskular i større grad er konsentrerte til byar og bynære område, særleg på Austlandet. Samstundes viser biletet at private aktørar òg har studiestader i alle fylke.

Merknad: Storleiken på ringane indikerer talet på fagskular i den einskilde kommune. Kjelde: HK-dir/DBH-HYU

Merknad: Storleiken på ringane indikerer talet på studiestader i den einskilde kommune. Kjelde: HK-dir/DBH-HYU
Studiestader ved offentlege skular har flest studentar i dei fleste fylka
I mange fylke er fleirtalet av studentane knytte til studiestader ved offentlege fagskular (sjå figur 3.5.) Dette gjeld særleg i Innlandet, Vestland, Rogaland, Buskerud, Troms, Nordland, Telemark og Østfold. I fleire av desse fylka er skilnaden stor, til dømes i Innlandet, der det store fleirtalet av studentane er knytt til studiestader ved offentlege fagskular. Dette reflekterer at offentlege fagskular i mange delar av landet er hovudtilbydar av stadbaserte og samlingsbaserte utdanningar.
Oslo har ein annan studentprofil enn resten av landet. Her er fleirtalet av studentane knytt til studiestader ved private fagskular. Av dei 4 000 studentane som tar utdanning knytt til studiestader i Oslo i 2025, er om lag tre firedelar registrerte ved private fagskular. Dette heng saman med at dei private fagskulane i Oslo i større grad enn i andre fylke tilbyr både stadbaserte og reine nettbaserte utdanningar. Dersom vi ser på kva studiestad studentar på reine nettbaserte utdanningar er knytte til, gjeld dette i stor grad òg fylka Agder, Akershus og Vestfold. Her er ein betydeleg del av studentane knytte til studiestader i fylka der fagskular som Noroff, NKI og Gokstad akademiet tilbyr reine nettbaserte utdanningar. Sjå fylkesvedlegget for nærare informasjon om kva studiestad studentane er knytte til i dei ulike fylka.
Geografisk spreiing av studiestader ved fagskular av ulik storleik
I figur 4.9 får vi eit overblikk over korleis studiestader ved fagskular av ulik storleik fordeler seg etter sentralitetsklasse. Studiestadene er plasserte i sentralitetsklassar basert på SSB si sentralitetsindeks, og fagskulane er kategoriserte etter samla studenttal. Figuren gir eit bilete av kor sentralt eller desentralisert fagskular av ulik storleik gjennomfører høgare yrkesfagleg utdanning gjennom sine studiestader.
Eit hovudtrekk er at dei største fagskulane, med over 1 000 studentar, har studiestader i alle sentralitetsklassar. Desse fagskulane er særleg tydeleg representerte i dei mest sentrale områda, men har òg ei betydeleg utbreiing i mindre sentrale delar av landet. Dette kan tyde på at dei største fagskulane i stor grad kombinerer sentral lokalisering med desentraliserte utdanningstilbod.
Fagskular med mellom 501 og 1 000 studentar har og studiestader i fleire sentralitetsklassar, men spreidd over meir sentrale område. Dei mindre fagskulane, særleg dei med færre enn 50 studentar, er i større grad konsentrerte til dei mest sentrale områda.
Kjelde: SSB, HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F4.9
Figuren viser at storleiken på fagskulane heng saman med kor geografisk spreidde studiestadene er. Medan mindre fagskular oftare har verksemda si samla i sentrale område, har dei største fagskulane ei breiare geografisk fordeling av studiestader, òg i mindre sentrale deler av landet.
4.4 Fagområdeakkreditering
Fagområdeakkreditering er ein sentral indikator på kvalitet i fagskulesektoren. Ei slik akkreditering inneber at NOKUT har vurdert og godkjent at fagskulen har tilstrekkeleg kvalitet i både kvalitetssystem og fagmiljø til sjølv å opprette og gjere vesentlege endringar i utdanningstilbod innanfor det akkrediterte fagområdet. Fagområdet må omfatte eitt eller fleire utdanningstilbod, vere tydeleg avgrensa og ha ein klar tilknyting til eitt eller fleire yrkesfelt. Samstundes vert det stilt tydelege krav til den samla kompetansen og kapasiteten ved fagskulen for å kunne ivareta ansvaret som følgjer med akkrediteringa.
Fleire fagområdeakkrediteringar og større fullmakter for fagskulane
Fagområdeakkreditering gir fagskulane høve til å etablere nye utdanningar utan førehandsgodkjenning frå NOKUT. Dette bidreg til å redusere tida frå utvikling av tilbod til uteksaminering av kandidatar innanfor det aktuelle fagområdet. Ordninga legg slik til rette for auka omstillingsevne og betre tilpassing til endra kompetansebehov i arbeidslivet.
I 2025 hadde 17 fagskular akkreditering på eitt eller fleire fagområde. Jamfør tabell 4.5 var det totalt 38 fagområdeakkrediteringar i 2025. Dette er ein auke på om lag ni fagskular og 24 fagområdeakkrediteringar sidan 2021.
Til saman har desse 17 fagskulane omlag 25 200 studentar, noko som utgjer nesten 70 prosent av alle studentane i høgare yrkesfagleg utdanning i 2025.
Fagskule | Fagområde | Tal fagområde- akkrediteringar |
|---|---|---|
Fagskolen Aldring og helse | Helsefag | 1 |
Fagskolen Diakonova | Helsefag Økonomi, administrasjon og logistikk | 2 |
Fagskolen i Agder | Maritim Teknisk Helsefag | 3 |
Fagskolen i Nord | Verkstad- tekniske fag | 1 |
Fagskolen i Viken | Helse Teknisk Økonomi, administrasjon, logistikk og reiseliv | 3 |
Fagskolen Innlandet | Teknologifag Helsefag Landbruksfag Bygg- og anleggsteknikk Økonomi, administrasjon og leiing | 5 |
Fagskolen Kristiania | Helse og oppvekst Design, kommunikasjon og teknologi Kommersiell scenekunst – tolking og formidling Økonomi og administrasjon | 4 |
Fagskolen Møre og Romsdal | Teknisk | 1 |
Fagskolen Oslo | Tekniske fag Helsefag | 2 |
Fagskolen Rogaland | Helse og oppvekst Økonomi og administrasjon Teknisk Maritim | 4 |
Fagskolen Vestfold og Telemark | Helse Tekniske fag | 2 |
Fagskulen Vestlandet | Tekniske fag Helsefag | 2 |
MedLearn AS | Helse og oppvekst | 1 |
Nordland fagskole | Elektro Helsefag | 2 |
Norges grønne fagskole – Vea | Grøne design og miljøfag | 1 |
Noroff | Design og digitale medier IT og digitalisering | 2 |
Tirna | Helse og oppvekst Økonomi og administrasjon | 2 |
Det er eit mål at fleire fagskular skal oppnå fagområdeakkreditering, men det er òg opna for større fullmakter. I mars 2024 opna Stortinget for at fagskular òg kan verte institusjonsakkreditert, og med det få større fullmakter til å opprette og endre utdanningar innan alle fagområda (Innst. 290 L (2023–2024)). Endringa har som mål å forbetre fagskulane sin fleksibilitet og omstillingsevne. I mai 2026 har NOKUT identifisert fire fagskular, Fagskulen Viken, Fagskulen Innlandet, Fagskulen Vestland og Noregs grøne fagskule Vea, som vil inngå i første runde av tilsyn med kvalitetsarbeid for å undersøke om dei møter vilkåra for å få institusjonsakkreditering. Utvalet av fagskular er gjort på ei samla vurdering tufta på kriterium som tidspunktet for første fagområdeakkreditering, at det ikkje går føre seg organisatoriske endringar som fusjon eller fisjon og at det ikkje er i gang anna tilsynsarbeid (NOKUT, 2026).
4.5 Utdanningstilboda
Den tette koplinga til arbeidslivet er eit grunnleggjande kjenneteikn ved sektoren, og høgare yrkesfagleg utdanning vert ofte omtalt som arbeidslivet sin skule. For å svare på kompetansebehov på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå vert det tilbydd ei brei samling utdanningstilbod innan ulike fagområde. Tilboda vert utvikla og vidareutvikla i samspel med arbeidslivet. I dette kapittelet ser vi nærare på omfanget og innretninga av utdanningstilboda, og på korleis tilbodsstrukturen varierer mellom dei ulike fagområda.
Over 450 unike utdanningstilbod med mange variantar som gir bredde i tilbodet
I tabell 4.6 er talet på unike utdanningstilbod og samla tal på utdanningstilbod med ulike variantar fordelte på fagområde. Hausten 2025 vart det registrert om lag 2 132 utdanningstilbod. Det er ein liten auke på 25 tilbod samanlikna med talet på utdanningstilbod registrert hausten 2024.
I desse tala er alle variantar av utdanningane inkluderte. Det inneber at det som innhaldsmessig er same utdanning, kan vere talt fleire gonger dersom ho vert tilbydd i ulike former. Til dømes kan ei utdanning vere tilbydd som både heiltids- og deltidsutdanning, eller vere tilbydd med ulike utdanningsformer. Ei og same utdanning som vert tilbydd på fleire studiestader, kan òg bli talte fleire gonger.
Utdanningstilbodet vert registrert for kvar variant fagskulen har akkreditering for, òg der det er ikkje er aktive studentar i rapporteringssemesteret, men der fagskulen anten har hatt eller planlegg studentaktivitet. Dei ulike variasjonane er viktige for å synleggjere breidda i det samla tilbodet i høgare yrkesfagleg utdanning, og dei bidreg samla sett til å gjere utdanningane meir tilgjengelege for studentane.
Når ein ser på unike utdanningstilbod, altså når alle variantane innanfor kvar utdanning er slått saman, var det totalt 456 utdanningstilbod hausten 2025. Desse 456 unike utdanningane vert dermed tilbydde i 2 132 ulike variantar. Dette er ein auke frå 2024, då det var 419 unike utdanningstilbod som var tilbydde i 2 107 variantar.
Fagområde | Unike utdanningstilbod | Talet på utdanningstilbod med ulike variasjonar |
|---|---|---|
Helse og velferd | 109 | 608 |
IT | 39 | 220 |
Kreativ | 42 | 120 |
Samferdsel | 7 | 48 |
Teknisk | 103 | 585 |
ØkAdm | 99 | 466 |
Anna | 57 | 85 |
Totalt | 456 | 2 132 |
Fordelt på fagområde er det flest unike utdanningstilbod innan helse- og velferdsfag, tekniske fag og økonomi- og administrasjonsfag, med høvesvis 109, 103 og 99 unike tilbod. Det er òg disse fagområda som har flest studentar (sjå kapittel 3.2.1). Når ein ser på det samla talet på variantar, er helse- og velferdsfag det største fagområdet med 608 utdanningstilbod, etterfølgt av tekniske fag med 585 og økonomi- og administrasjonsfag med 466 tilbod. Resterande fagområde har færre tilbod i både absolutte og relative tal.
Innan helse- og velferdsfag omfattar oppvekstfag ein viktig del av utdanningstilboda i sektoren. Utviklinga i talet på studentar innan oppvekstfag er nærare omtala i kapittel 3.2.3. Helse- og velferdsutdanningar utgjer den største delen av utdanningstilboda innan fagområdet. I 2025 er det 65 unike utdanningstilbod innan helse, fordelte på 21 fagskular. Oppvekstfag vert tilbydde av til saman elleve fagskular, med totalt 31 unike utdanningstilbod. Av desse står fagskulen Din Kompetanse for åtte utdanningstilbod, medan dei resterande 23 tilboda er fordelte på ti andre fagskular. Dette viser at sjølv om éin aktør har hatt ein dominerande del av studentane i oppvekstfag på teljepunktet 2025, finst det eit breitt tilfang av utdanningstilbod og institusjonar innan fagområdet. Ei slik breidde i tilbydarar er viktig for å sikre både kapasitet, geografisk tilgjenge og fagleg mangfald i utdanningar innan oppvekstfeltet.
Utvikling i tal på utdanningstilbod varierer mellom fagområde
I figur 4.10 ser vi korleis talet på registrerte utdanningstilbod innan dei ulike fagområda har utvikla seg i perioden 2021–2025. Figuren viser at utviklinga varierer betydeleg mellom fagområda, både når det gjeld omfang, vekst og stabilitet over tid.
For enkelte fagområde har talet på utdanningstilbod vore relativt stabilt gjennom perioden. Dette gjeld særleg samferdselsfag og kreative fag, der talet ligg på om lag same nivå i 2025 som i 2021. Desse fagområda verkar å vere meir stabile og med mindre strukturell endring frå år til år.
Samstundes har fleire andre fagområde hatt vekst i utdanningstilboda. Helse- og velferdsfag hadde ein markant auke i tilboda fram mot 2022, før ein viss nedgang dei påfølgjande åra. Det siste året har utviklinga snudd, og med 608 tilbod i 2025 ligg nivået klart over 2021. Tekniske fag viser og ein markant vekst over tid, med ein særleg sterk vekst fram mot 2024, før talet går noko ned att til 585 utdanningstilbod i 2025.
Med IT-fag som ny, eigen kategori viser figuren at fagområdet har hatt stor vekst i perioden frå 2021 til 2025. Talet på 220 utdanningstilbod i 2025 har auka jamt kvart år sidan 2021. Den største typen utdanning blant IT-faga ligg innan IT-drift og infrastruktur og Utvikling og programmering, med høvesvis 102 og 90 utdanningstilbod. Samstundes ser vi framvekst av utdanningar innan design og brukaroppleving, samt dataanalyse og kunstig intelligens, sjølv om desse førebels utgjer ein mindre del av det samla tilbodet for fagområdet.
Økonomi- og administrasjonsfag viser òg ein jamn og relativt sterk vekst i talet på utdanningstilbod gjennom heile perioden. Auken kjem i særleg grad frå ei utvikling innan leiingsfag, som har vorte ein stadig større del av fagområdet. Dette samsvarer med eit vedvarande behov for kompetanse innan leiing, økonomi, administrasjon og drift, og med ei utvikling der fleire fagskular tilbyr modulerte og fleksible utdanningar retta mot yrkesaktive.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F4.10
Utviklinga i talet på utdanningstilbod må òg sjåast i lys av ein fagskulepolitikk med styrkt vekt på samarbeid med arbeidslivet og på utvikling av utdanningar som svarar på nye og framveksande kompetansebehov. Kompetansepolitiske verkemiddel som Industrifagskulen, Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling og utviklingsmidlar til fagskular har bidrege til både utvikling av nye tilbod og til vekst i deltaking. Les meir om tilskotsordningane i mellom anna kap. 3.5.5 og 5.6, samt om vekst gjennom tildeling av nye studieplassar i kapittel 5.7.4.
4.6 Gradar og omfang av studiepoeng
Utdanningstilboda i fagskulesektoren varierer både i omfang og struktur. Dei lengste utdanningane er toårige løp på minst 120 studiepoeng, og gir høgare fagskulegrad. Utdanningar på mellom 60 og 90 studiepoeng gir fagskulegrad. I tillegg har kortare studietilbod på under 30 studiepoeng vorte ei vanleg tilbodsform, oftast på mellom fem og ti studiepoeng. Desse tilboda vaks fram frå 2019, først som følgje av ei mellombels unntaksføresegn i lovverket, og frå 2021 som ei permanent utviding av tilbodsstrukturen i høgare yrkesfagleg utdanning. Samanlikna med 2024 ser vi ein auke i delen slike korte tilbod. Mellom dei korte og dei gradgivande utdanningane finn vi òg utdanningar på mellom 30 og 59 studiepoeng.
Dei fleste utdanningstilboda er organiserte som deltidsløp. Dette inneber at studieaktiviteten i mange tilfelle vert fordelte over lengre tid enn det studiepoengomfanget åleine skulle tilseie. I dette kapittelet ser vi nærare på omfanget av utdanningstilboda, før vi i kapittel 4.7 går vidare til korleis tilboda er organiserte.
Variantar av utdanningstilbod, studiepoeng og gradar
Figur 4.11 viser den prosentvise fordelinga av utdanningstilbod etter omfang målt i studiepoeng, fordelte på kategoriane høgare fagskulegrad, fagskulegrad, kortare utdanningstilbod mellom 30 og 59 studiepoeng og kortare studietilbod på under 30 studiepoeng.
Av dei samla tilboda i 2025 gav 36 prosent fagskulegrad, medan 22 prosent gav høgare fagskulegrad. Dei kortare studietilboda under 30 studiepoeng utgjorde 29 prosent av tilboda, medan korte utdanningstilbod med eit omfang på 30–59 studiepoeng stod for 13 prosent.
Samanlikna med 2024 ser vi ein vidare auke i delen kortare studietilbod under 30 studiepoeng. Samstundes har delen utdanningstilbod som gir fagskulegrad gått noko ned, medan delen høgare fagskulegrad held seg relativt stabil. Dette stadfestar ei utvikling som har vore synleg over fleire år, der kortare og fleksible tilbod utgjer ein stadig større del av den samla tilbodsstrukturen i høgare yrkesfagleg utdanning.
Utdanningstilbod etter fagområde og omfang
Figur 4.12 viser korleis utdanningstilbod av ulik omfang, målt i studiepoeng, fordeler seg på dei ulike fagområda hausten 2025. Figuren gir eit bilete av kva for fagområde som i hovudsak består av korte tilbod, og kva for område der gradsutdanningar framleis dominerer.
Eit tydeleg hovudtrekk er at samferdselsfaga i hovudsak består av utdanningar som gir høgare fagskulegrad. Av dei registrerte tilboda innan samferdsel er nesten alle høgare fagskulegradar, medan det ikkje er registrert kortare tilbod på under 30 studiepoeng i dette fagområdet. Òg innan kreative fag er det ei overvekt av høgare fagskulegradar, som utgjer ein stor del av utdanningstilboda.
Dei tekniske faga har ei meir samansett fordeling. Her finn vi både ein betydeleg del høgare fagskulegradar og ei stor mengd kortare studietilbod under 30 studiepoeng. Dei tekniske faga har ei lang tradisjon for toårige gradsutdanningar, samstundes som korte og fleksible tilbod har vorte ein stadig viktigare del av fagområdet dei siste åra. Dette speglar både endra kompetansebehov i arbeidslivet og utviklinga av meir modulbaserte utdanningar.
I helse- og velferdsfaga er utdanningstilboda i hovudsak knytte til fagskulegrad på 60–119 studiepoeng. Dette gjeld både helse- og velferdsutdanningar og oppvekstutdanningar, der om lag 70 prosent av tilboda ligg i dette omfanget. Samstundes utgjer kortare tilbod under 30 studiepoeng ein større del innan helse- og velferdsutdanningar (21 prosent) enn innan oppvekstutdanningar (åtte prosent), medan oppvekstutdanningar i større grad har tilbod på mellom 30 og 59 studiepoeng. Dette samsvarer med tidlegare års mønster, sjølv om det i sektoren finst eksempel på at høgare gradsutdanningar innan fagområdet er under utvikling.
IT‑fag viser stor variasjon i omfang. Her finn vi både kortare studietilbod på under 30 studiepoeng, utdanningar på mellom 30 og 59 studiepoeng, fagskulegradar og høgare fagskulegradar. Òg innan økonomi- og administrasjonsfag er tilboda fordelte på fleire omfangskategoriar, men med ei overvekt av utdanningar som gir fagskulegrad. Samstundes er det eit stort innslag av kortare studietilbod på under 30 studiepoeng og utdanningar på mellom 30 og 59 studiepoeng. Dette har mellom anna samanheng med utviklinga innan leiingsfag og andre fleksible utdanningar retta mot yrkesaktive.
Flest korte tilbod innan tekniske fag
Korte tilbod utgjer ein vesentleg del av den samla tilbodsstrukturen i høgare yrkesfagleg utdanning (jf.. figur 4.12). I analysane skil vi mellom kortare utdanningstilbod på mellom 30 og 59 studiepoeng og kortare studietilbod på under 30 studiepoeng. Desse to kategoriane fyller ulike funksjonar i sektoren, men har til felles at dei er utforma for å vere fleksible og lettare å kombinere med arbeid. Det er til saman 886 tilbod innan desse to kategoriane, og 70 prosent av tilboda er under 30 studiepoeng.
Korte utdanningstilbod mellom 30 og 59 studiepoeng finn vi i størst grad innan økonomi- og administrasjonsfag, der denne typen utdanning utgjer ein betydeleg del av tilboda. Òg helse- og velferdsfag har eit relativt stort innslag av utdanningar i dette omfanget. I desse fagområda fungerer utdanningar på mellom 30 og 59 studiepoeng ofte som meir avgrensa, retta kompetansetilbod, samstundes som dei kan inngå i lengre utdanningsløp.
Kortare studietilbod under 30 studiepoeng har spesielt stor utbreiing innan tekniske fag. Her utgjer dei korte tilboda ein betydeleg del av det samla talet på utdanningstilbod, og står for ein stor del av veksten i tekniske fag dei seinare åra. Denne utviklinga må sjåast i samanheng med målretta verkemiddel i kompetansepolitikken, mellom anna gjennom treparts bransjeprogram og Industrifagskulen, der det er krav om at tilboda har eit omfang på inntil 30 studiepoeng.
Òg innan økonomi- og administrasjonsfag er dei kortare studietilboda under 30 studiepoeng stadig ein større del av tilbodsstrukturen. Her kjem veksten delvis som følgje av offentlege tilskotsordningar. Utviklinga er òg driven av enkeltaktørar som har utvikla og finansiert slike tilbod utanfor dei statlege ordningane, ofte retta mot yrkesaktive med behov for avgrensa og spesialisert kompetansepåfyll.
Sjå kapittel 3.5.5 for omtale av studentane på kortare studietilbod og korleis dei fordelar seg på fagområda.
4.7 Utdanningstilbod på heiltid og deltid
Deltidsutdanningar utgjer ein stor del av utdanningstilboda i høgare yrkesfagleg utdanning, og er eit sentralt verkemiddel for å leggje til rette for utdanning ved sida av arbeid. Figur 4.13 viser korleis tilboda på heiltid og deltid fordeler seg ulikt mellom fagområda. Dette samsvarar i stor grad med korleis studentane fordelar seg (kapittel 3.5.1).
Helse- og velferdsutdanningar vert i all hovudsak tilbydde som deltidsutdanningar. Òg innan tekniske fag og økonomi- og administrasjonsfag dominerer deltidsløp, sjølv om desse fagområda har eit større innslag av heiltidstilbod enn helse- og velferdsfaga. Dette speglar både faglege tradisjonar og behovet for å leggje til rette for yrkesaktive studentar. IT-fag skil seg noko frå dette biletet, ved at fordelinga mellom heiltids- og deltidsutdanningar er jamnare, med ein svak overvekt av utdanningstilbod på heiltid.
I samferdselsfag og kreative fag er biletet motsett, med ei klar overvekt av heiltidsutdanningar. Samstundes ser vi teikn til endring innan delar av samferdselsfaga. I 2024 starta tre fagskular opp maritime gradsutdanningar på deltid, noko som bryt med etablerte faglege tradisjonar. Dersom desse tilboda viser seg å fungere godt, kan dette bidra til ei vidare utvikling i retning av meir fleksible utdanningar òg innan maritime fag, til dømes ved å gjere tilboda meir tilgjengelege for eldre studentar og studentar i arbeid.
Den høge delen deltidsutdanningar kan vere ein medverkande forklaring på at snittalderen i høgare yrkesfagleg utdanning er 34 år, som omtalt i kapittel 3.4. Deltidsutdanningane gjer det mogleg for personar som står i arbeid å ta utdanning ved sida av jobb. Som vist i kapittel 3.4 om kjønn og alder varierer dette mellom fagområda. Til dømes er halvparten av studentane innan helse- og velferdsfag over 40 år og 82 prosent er over 30 år. Dette heng truleg saman med at mange tek desse utdanningane på deltid.
4.8 Utdanningstilbod etter utdanningsform
Utdanningstilbod i høgare yrkesfagleg utdanning vert tilbydde i tre ulike utdanningsformer: nettbaserte tilbod, nettbaserte tilbod med fysiske samlingar (her omtala som samlingsbaserte), og stadbaserte tilbod. Det er vanleg at eitt og same utdanningstilbod vert tilbydd i fleire utdanningsformer, avhengig av etterspurnad og lokale tilpassingar.
Auke i samlingsbaserte tilbod og nedgang i stadbaserte
Den store delen samlingsbaserte tilbod, særleg innan helse- og velferdsfag og tekniske fag, reflekterer ei tilpassing til praksisnære læringsformer og arbeidslivets kompetansebehov, samstundes som ein tek omsyn til studentane sitt behov for fleksibilitet.
I 2025 er samlingsbaserte utdanningar den mest utbreidde utdanningsforma i høgare yrkesfagleg utdanning. Av 2 132 utdanningstilbod totalt var 999 samlingsbaserte, noko som utgjer 47 prosent av tilboda. Som vi såg i kap. 3.5.3 er det òg her vi finn 48 prosent av studentmassen. Vidare var 580 tilbod stadbaserte, tilsvarande 27 prosent, medan 553 var reine nettbaserte tilbod, med ein del på 26 prosent. Ser vi på studenttala, er delen som tar reine stadbaserte tilbod ein del lågare enn delen som tar nettbasert utdanning (kapittel 3.5.3). Det vil seie at det i snitt er fleire studentar på dei nettbaserte tilboda, enn på dei stadbaserte.
Figur 4.14 viser at denne fordelinga er resultat av ei tydeleg utvikling over tid. Det har vore ein jamn vekst i både samlingsbaserte og nettbaserte utdanningar, samstundes som delen stadbaserte tilbod har gått ned. Utviklinga peikar i retning av meir fleksible utdanningsformer, der samlingsbaserte og nettbaserte tilbod i aukande grad erstattar reine stadbaserte løp. I tillegg bidreg bruken av fleire utdanningsformer for same utdanningstilbod at fagskulane har større handlingsrom til å tilpasse tilboda etter etterspurnad, målgrupper og regionale føresetnader.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F4.14
Kombinasjonen av nettundervisning og fysiske samlingar gjer det mogleg å sameine fleksibilitet med opplæring som krev fysisk oppmøte, til dømes bruk av laboratorium, simulatorar eller anna utstyr som ikkje kan gjennomførast fullt ut digitalt. Fleire fagskular peikar òg på at samlingsbaserte løp kan gi betre oppfølging av studentane og bidra til høgare gjennomføring, samanlikna med reine nettbaserte tilbod.
Samlingsbaserte tilbod er utbreidd i helse- og velferdsfag og tekniske fag
Figur 4.15 viser fordelinga av utdanningstilbod etter utdanningsform og fagområde i 2025. Det går fram at samlingsbaserte tilbod er særleg utbreidde innan helse- og velferdsfag og tekniske fag, men òg har ein betydeleg del innan økonomi- og administrasjonsfag. Tala viser ein tydeleg endring i den prosentvise fordelinga over tid. Tidsserie 2017–2025 finst i vedlegg til figuren (F4.15).
Innan helse- og velferdsfag har delen stadbaserte tilbod gått ned frå 75 prosent i 2021 til 22 prosent i 2025, medan samlingsbaserte tilbod har auka frå 16 til 64 prosent. Ei liknande utvikling finn vi innan tekniske fag, der samlingsbaserte tilbod har gått frå 45 til 63 prosent, medan stadbaserte tilbod er reduserte frå 45 til 23 prosent. Innan økonomi- og administrasjonsfag har utviklinga vore meir delt, med ein betydeleg auke i reine nettbaserte tilbod, frå 37 prosent i 2021 til 47 prosent i 2025, samstundes som samlingsbaserte tilbod òg har auka.
Dei aller fleste reine nettbaserte tilboda innanfor økonomi- og administrasjonsfag er knytte til private fagskular, medan nokre få er ved offentlege fagskular. Ved dei offentlege fagskulane er tilboda i fagområdet i større grad samlingsbaserte.
Eit linkande mønster ser vi innan IT‑fag, der dei fleste tilboda er reint nettbaserte og i all hovudsak knytte til private fagskular. Stadbaserte tilbod utgjer ein mindre del, medan samlingsbaserte tilbod utgjer ein enda mindre del.
Dette tyder på ei tydeleg forskyving frå stadbaserte til meir fleksible utdanningsformer i fleire fagområde blant utdanningstilboda som vert tilbydd. Denne utviklinga samsvarer med utviklinga i studenttalet, der delen studentar på nettbaserte utdanningar med samlingar òg har auka (sjå kapittel 3.5.3).
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F4.15
Innanfor helse- og velferdsfaga utgjer nettbaserte tilbod med samlingar om lag to tredelar av tilboda i både helseutdanningane og oppvekstutdanningane. Stadbaserte tilbod utgjer ein noko større del innan helsefaga, medan reine nettbaserte tilbod er litt meir utbreidde innan oppvekstutdanningane.
Utviklinga i utdanningsformene peikar mot større variasjon, der tilboda i aukande grad vert tilpassa studentbehov og kompetansebehova i arbeidslivet, men òg at det vert teke omsyn til fagleg eigenart. Nokre utdanningar er i hovudsak teoribaserte, medan andre stiller større krav til praksis, ferdigheitstrening og handtering av utstyr. Innan helsefaga er det til dømes vanleg med praksis og rettleiing knytt til eigen arbeidsplass, kombinert med nettundervisning og fysiske samlingar. Den høge delen samlingsbaserte tilbod, særleg innan helse- og velferdsfag og tekniske fag, viser ei utvikling mot utdanningsformer som kombinerer fleksibilitet med tett fagleg oppfølging og praksisnær opplæring.
I april 2026 fatta NOKUT vedtak om tilbakebetaling av 27,8 millionar kroner i offentlege tilskot frå Din Kompetanse fagskule, etter eit økonomisk tilsyn som avdekte det NOKUT meiner er alvorlege og systematiske brot på fagskolelova. Vedtaket omfattar òg tilbaketrekking av fagskulens akkrediteringar. Vedtaket er påklaga, og saka er difor ikkje endeleg avgjord.
Standard for sentralitet er utvikla av SSB og er basert på nærleik til arbeidsplassar og servicefunksjonar. Sentralitetsklasse 1 tydar høg sentralitet. Sentralitetsindeks finn du her https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/128